BN+

Frå dyrka til overflatedyrka: Under bakken ligg gamle steinveiter. Jorda har blitt nytta til både korn-, potet- og grønsaksdyrking i generasjonar. – Det er meiningslaust at denne jorda no er definert som overflatedyrka, seier Peder Bergøy.


Halvparten av dyrkajorda på garden har, utan bonden var klar over det, blitt endra frå fulldyrka til overflatedyrka av styresmaktene. Dermed fekk Peder Bergøy redusert avlingsskadeerstatninga med kring to tredjedelar.


Sjur Håland


– No lurer eg og dei andre bøndene på Finnøy på kva motivet for dette kan vera, seier Bergøy.


Finnøy-bonden tar spada med ut på eit jorde, kring 100 meter frå tunet.


– Her har det blitt dyrka mat i fleire generasjonar, seier han, set spada i jorda og vippar opp ei vintergrå grastuve med svart matjord under.

Dyrka med dyrkingsbidrag

Enga Bergøy står på er drenert med gamle steinveiter og har blitt nytta til både korn-, potet- og grønsaksdyrking i generasjonar.


– Her pløyer eg enga ved fornying, slik eg gjer elles på garden, forklarer han.


Den fylitthaldige jorda gir gode avlingar, men er ikkje lenger rekna som fulldyrka jord. Det skjønar Bergøy lite av.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,