Effektivt: Med Agolin Ruminant i kraftfôret aukar fôreffektiviteten med fem til åtte prosent. Foto: FKRA.

Metangass frå drøvtyggjarmagar er landbruket sitt største klimaproblem. No tek kraftfôrgiganten Felleskjøpet utfordringa på alvor.

Liv Kristin Sola

Har trua: Ola Stene er trygg på effekten av Agolin Ruminant.

Tysdag i førre veke lanserte Felleskjøpet Rogaland Agder ein ny ingrediens i kraftfôrserien Formel Biff.
Felleskjøpet viser i ei pressemelding til ein rapport publisert i Animal Nutrition i 2015. Rapporten konkluderer med at jordbruket er årsak til 50-60 prosent av dei totale utsleppa av metan, og 15-33 prosent av dei totale utsleppa kjem frå drøvtyggjarar.
Formel Biff er tilpassa oksar og ammekyr og vart frå og med første september tilsett Agolin Ruminant, ei blanding av oljer frå planter og urter som skal optimalisere fôropptak og fôrutnytting hjå drøvtyggjarar. Målet er å redusere metanproduksjon og auke fôreffektiviteten.
– Det er gjort mange forsøk internasjonalt for å teste effekten av Agolin Ruminant. Resultata viser ein reduksjon i metanproduksjon på femten til tjue prosent, seier Ola Stene, fagleiar storfe FKRA, til Bondevennen.

Meirverdi for bonden

Stene forklarer at produksjon av metangass i drøvtyggjarvomma er ein energikrevjande prosess.
– Mellom fem og femten prosent av energien i fôret går tapt som ein konsekvens av metanproduksjon. Dette er energi som heller skulle vore nytta til å produsere mjølk eller auke tilvekst, seier fagleiaren.
Han referer til internasjonale forsøk som har påvist ein auke i fôreffektiviteten med så mykje som fem til åtte prosent ved tilsetting av Agolin Ruminant i kraftfôret.
– Det betyr meir mjølk og meir kjøt per fôreining. Det er god økonomi for bonden, seier Stene.

Først kjøt så mjølk

I første omgang skal Agolin Ruminant prøvast ut i kraftfôret til kjøtproduksjon, gjennom tilsetting i Formel Biff-serien. Formel Biff-sortimentet består av tre variantar som i stor grad vert nytta til å fôre fram oksar, samt til ammekyr og kjøtfe.
Stene kjenner seg trygg på effekten av tiltaket og viser til at Agolin Ruminant er godt utprøvd og dokumentert.
– No må me skaffe oss erfaring med kor vidt Agolin Ruminant kan ha innverknad på smaken av kraftfôret. Dersom tilbakemeldingane frå kjøttfeproduksjonen er gode, vil me tilsette Agolin Ruminant også i kraftfôrblandingane til andre drøvtyggarar. Noko me ser føre oss at kan skje frå nyttår, håper Stene.

FK først med CO2-deklarering

Som den første kraftfôrleverandøren i Norge, kan Felleskjøpet no talfeste klimaavtrykk, målt i CO2- ekvivalentar, for alle sine kraftfôrslag.

– Dette er eit gjennombrot i arbeidet med å gjere storfe meir klimavenleg, sa Knut Røflo i Felleskjøpet Fôrutvikling, då dei inviterte til ope kraftfôrmøte på Lillestrøm i førre veke. Lantmännen i Sverige har i nokre år hatt eit tilsvarande system, men Felleskjøpet er blant dei første i verda som no er i stand til å rekne ut CO2-ekvivalentar av alt kraftfôr som vert produsert og levert frå alle Felleskjøpet sine fabrikkar.

Måler og styrer: Knut Røflo.

Nybrottsarbeid

– Norsk fôrindustri har i over tjue år vore blant dei leiande aktørane i bærekraftspørsmål, særleg knytt til sporbarheit og sertifisering av soya. Når Felleskjøpet no deklarer CO2-ekvivalentar, er det ein naturleg del av vår ambisjon om å sette eit positivt preg på den verdikjeda me er en del av.
Røflo fortel om eit omfattande arbeid med å kartlegge klimaavtrykk i alle ledd, frå primærproduksjonen (på åkeren), inkludert all transport i inn- og utland, samt fôrproduksjonen. Så mykje som 90 prosent av CO2-bidraget er knytt til primærproduksjonen av råvara. Røflo trur at det i møte med leverandørane framover vil bli like vanleg å diskutere CO2-ekvivalentar, som det no er å diskutere kvalitet og pris.
– Talfesting av klimaavtrykk er heilt avgjerande om landbruket skal klare å realisere målet om eit klimarekneskap på gardsnivå. Ein kan ikkje arbeide målretta utan å vete kor ein står i dag, seier Røflo.
Samanlikna med tal frå svenske Lantmännen er verdiane ganske like. Høgare arealavling i Sverige vil i nokre tilfelle gi noko lågare verdiar. Dette er, ifølgje Røflo, ikkje uventa.

Kva er Felleskjøpet si satsing vidare?

– EU arbeider for å kome fram til gode mål innanfor ikkje kvotepliktig sektor. Faglaga i Noreg følgjer opp dette arbeidet for landbruket sin del. Felleskjøpet sine mål må nødvendigvis henge saman med dei overordna politiske måla når dei kjem. I mellomtida skal me fortsette på den kursen med no har; å auke fôrutnytting, tilvekst og helse gjennom fôring, rådgjeving og bruk av ny teknologi, seier leiaren for Felleskjøpet fôrutvikling.
Når ombygginga av FKRA sin fabrikk på Kvalaberg er gjennomført, vil energibruken være redusert med om lag 25 prosent. Optimalisert transport og nye bilar er og ein del av prosjektet.
– Å klare dei ambisiøse klimamåla handlar ikkje berre om eit tiltak, men mange. Heldigvis er det også slik at gode klimatiltak også er lønnsame i seg sjølv. Genetisk framgang gjennom sterke norske fagmiljø innan husdyravl blir enda viktigare framover. Når vi no kjenner CO2 avtrykket på kraftfôrråvarene og ferdig fôr, gjer det oss i stand til å optimaliser dette på eit vis vi ikkje har kunne gjort hittil. Filosofien er at det som ikkje kan målast kan vi heller ikkje styre, seier Røflo til Bondevennen.

Stikkord denne saka: , ,