Klipte snora: Landbruksminister Bård Hoksrud opna dørene til det høgmoderne veksthuset på Særheim. Stasjonssjef på NIBIO Særheim, Arne Sæbø, ytst til venstre.
Etter lang planlegging og med ei ekstraløyving frå regjeringa på over 18 millionar kunne dørene til det nye veksthuset på NIBIO Særheim endeleg opna.
Bothild Å. Nordsletten
Landbruksminister Bård Hoksrud har ikkje før klipt over den grøne silkesnora, før porten inn til det tusen kvadratmeter store, flunkande nye og høgmoderne veksthuset opnar seg. Der inne gror alt tomatplanter, bær og eksotiske matvekster godt. Forsøket med produksjon utan CO2-utslepp, og med berre fornybar eller eigenprodusert energi er i gang. Avansert fotografering av planter for optimalt tilpassa dyrkingstilhøve, likeså. Og dette er berre starten. Stasjonsjef på NIBIO Særheim, Arne Sæbø, smilar stort. Dette har han venta på i over fem år.
– Det var heilt naudsynt å få eit nytt veksthus. Dei gamle er frå 1988. Nybygget representerer eit vere eller ikkje vere for forsking på veksthuskulturar på Særheim. Framover skal me bidra med å skaffa praktisk kunnskap, som skal kunna nyttast av gartnerinæringa.
Forskarar og bønder på lag
Medan vind og regn piskar over Jæren, vandrar politikarar, forskingstoppar, fagfolk og grøntprodusentar storaugde rundt i det lune glashuset. Alle skal dei få nyta godt at forskinga som skjer her inne, liksom forbrukarane for lengst har gledd seg til heilårsproduksjon av tomat og agurk, som Særheim fann ut av i si tid. For det som skjer på Særheim, skal ikkje leggjast i ei laboratorieskuff.
Kraftsentrum
Grønsaks-og blomeprodusent Leif Johan Grude ser fram til alle dei spanande ideane som skal utviklast her.
– Det er viktig å ha eit kraftsentrum som dette i bresjen for forskinga. Her skal dei finna endå betre måtar å produsera både kvalitet og kvantitet på, seier han.
– Det rustar oss også til å tola endå tøffare import. Dei tinga dei utviklar her på Særheim, kan testast ut i endå større skala hjå oss produsentar.
Grønsaksprodusent Ola Sunde stemmer i. I likskap med kollegaen, har han for lengst etablert god kontakt med fagfolka her oppe.
– Forskarane her er jordnære. Dei snakkar med oss bønder, og me samspelar. Her må alle tenkja på framtida og vera på hogget.
Spente: Grønsaksbøndene Ola Sunde (t.v.) og Leif Johan Grude gler seg til å bruka resultata av forskinga på Særheim i eigen produksjon.
Forventingsfull minister
Bård Hoksrud er på Jæren for første gong som landbruksminister. Han verkar svært nøgd med det han ser.
– Særheim er ein viktig stad for forsking og vidare utvikling av veksthusnæringa. Eg ser fram til at stasjonen utviklar nye produksjonar og kanskje finn nye metodar for å handskast med C02-utfordringa i veksthusnæringa. I tillegg er eg glad for at forskingsparken er så tett på den driftige landbruksnæringa her på Jæren, seier han til Bondevennen.
Medan delar av landbruksnæringa opplever overproduksjon, viser Hoksrud til at det er stort vekstpotensial for frukt- og grøntnæringa.
– Med nytt forsøksveksthus, kva vil du at dei skal få til her?
– Eg vonar eg kan koma attende om fem år og sjå at Særheim har gjort noko som verkeleg løftar norsk frukt og grønt, seier landbruksministeren.