Finn di oppskrift: Dugleg med råmjølk første målet, så fullamming i 10-14 veker, er økomjølkbonde, Inger-Lise Ingdal si oppskrift på friske kalvar og nøgde kyr. Foto: Privat.

Forbrukaren vil sjå ku og kalv i lag. Skal næringa vente til det tvingar seg fram, eller er tida moden for å tenke nye løysingar?

Liv Kristin Sola

 

For dei 110 økomjølkprodusentane som er samla på konferanse i Stjørdal, er svaret ganske samstemt. Næringa må sjølv finne løysingar for korleis ku og kalv kan gå i lag. Ikkje berre for å kome forbrukaren i møte. At kalven får tid i lag med mora og er sjølvforsynt med mjølk, viser seg å ha såpass mange fordelar at det kan vere lurt å ta det på alvor.

– Eg trur me må tore å bli seriøse på ku og kalv, seier Tor Jacob Solberg, økomjølkprodusent frå Skiptvedt, og årets unge bonde i 2014.

– Dette er lettare for forbrukar å ta inn over seg, enn klima og berekraft og de greiene der – det trur eg ikkje dei forstår. Men ku-kalv er ein vinnarsak. Eg håper me tør å ta den sjansen. 

Solberg får mange nikk frå bøndene i salen. Driftsopplegget der ku og kalv får gå i lag er ikkje uvanleg i økologisk produksjon, og det viser seg at fleire av deltakarane praktiserer ulike system for ku-kalv oppstalling med gode erfaringar. 

 

Må oppføre seg: Kalvane til Inger-Lise Ingdal drikk til dei er mett, og så lenge dei vil. Blir det bråk i fjøset, ropar matmor kalven attende til kalvebingen. Foto: Inger-Lise Ingdal.

Sosiale dyr

Kristian Ellingsen-Dalskau, forskar ved veterinærinstituttet, viser i sin presentasjon til ku-kalv-prosjektet (2009-2015), kor målet var å finne metodar for naturleg mjølkefôring og gode løysingar for ku og kalv i lag i økologisk mjølkeproduksjon. Krav i økologisk drift er at kua får gå med kalven minst tre døgn.

Kristian Ellingsen-Dalskau. Foto: Camilla Mellemstrand, Norsk Landbruk.

– Faktum er at forbrukaren trur ku og kalv i lag er heilt vanleg praksis i alle fjøs, seier Ellingsen-Dalskau.

Han trur det vert krav til endringar når det verkeleg går opp for forbrukar korleis kalven vert oppstalla i moderne mjølkeproduksjon.

– Kalven er ei av få dyregrupper som kan oppstallast enkeltvis i inntil fleire veker. Ingen andre dyreslag får ein slik start på livet. Kalven er også åleine om å få avgrensa tilgang til mat dei første vekene av livet. Lam, grisungar og andre dyreslag får forsyne seg av mjølk frå mor etter appetitt, seier Ellingsen-Dalskau.

I økologisk drift kan kalvane stå oppstalla åleine i éi veke. I konvensjonell drift kan dei stå i åtte veker. Ifølgje forskaren står konvensjonelle kalvar oppstalla enkeltvis i 19 dagar i snitt.

– Når det går opp for forbrukar kva som er realiteten, då vert det krav til endringar, seier Ellingsen-Dalskau.

Han viser til ein artikkel i det anerkjente tidsskriftet Journal of Dairy Science, kor det vert slått fast at dette er framtida. Krav om endringar kan  kome raskt. 

 

Smarte løysingar for ku og kalv

Under konferansen Mat og landbruk tidlegare i år, var det prosjektet SmartCare, og Julie Føske Johnsen, forskar ved veterinærinstituttet, som vann Innovasjonsprisen 2019. Johnsen leiar ei tverrfagleg gruppe frå Tine, Felleskjøpet Fôrutvikling, Norsøk og NTNU som ser på praktiske og tekniske løysingar som gjer det mogleg å ha ku og kalv delvis i lag i moderne mjølkesystem.

SmartCare er ein elektronisk styrt bingeløysing til kalv, med ein smartport, mjølke- og kraftfôrautomat, samt fleksible grinder som kan plasserast der det passer i eit moderne lausdriftsfjøs. Bonden kan styre systemet via ein app på telefonen og det elektroniske øyremerket, og sjølv bestemme når og kor ofte kua får gå med kalven i SmartCare-bingen. Etter besøket går kua attende til flokken. 

Som i tradisjonelle system fungerer SmartCare-bingen som ein kalvebinge kor kalvane får tilgang til kraftfôr, vatn, grovfôr og mjølk.

Bønder vil teste SmartCare

Forskarane meiner løysinga vil ha helsemessige fordelar både for ku og kalv, samstundes er det interessant for bønder som vil betre dyrevelferd i fjøset, i tillegg vil det møte forbrukar sine forventningar om godt dyrehald.

SmartCare samlar også data som gir kunnskap og dokumentasjon til bonden. SmartCare-systemet kan tilpassast eksisterande lausdriftssystem og skal no prøvast ut i i ulike fjøssystem. Juni Rosann E. Johanssen, NORSØK, fortel om stor interesse.

– I staden for å sleppe kalven laus med kyrne, vil kua no kunne besøke kalven i kalvebingen, seier ho, og viser til liknande system i nederlandske fjøs.

Lang erfaring

Inger-Lise Ingdal, frå Lensvik, har 34 års erfaring som mjølkeprodusent, dei siste 20 åra med økologisk produksjon. Inger-Lise leverer 126 tonn økomjølk frå båsfjøs. Ho har kalving om våren og på seinsommaren, og praktiserer fullamming på kalvane i 10 til 14 veker. 

Kalven ligg på kalvehøy framme i båsen dei første døgna, før dei vert flytta over i gruppebingar. Dei første 14 dagane får dei tilgang til mjølk før kua er mjølka. Seinare mjølkar ho kua først og lar kalven die resten. 

Kalven har høg tilvekst, lærer fort å ta til seg anna fôr, og blir sosialisert og lett å handtere som mjølkeku.

– Eg opplever at mange spør om råd og er interessert i korleis eg fôrar og stallar opp kalvane, seier Ingdal til Bondevennen.

– Kalven er ei viktig brikke fram til eit godt produksjonsdyr. Ein god start og god oppfôring kan gjerast på mange måtar. Det er viktig å sjå  muligheitene, ikkje avgrensingane, seier den erfarne bonden.

Ho håper og trur, at auka merksemd på dette tema kan bidra til friskare og meir robuste kalvar, samt at dei blir sosialiserte og lette å handtere seinare.

Stikkord denne saka: , , ,