Skeptisk: Ragnar Skorge leverer slaktekyllingar til Den Stolte Hane (DSH). Verksemda treng meir kylling, men Skrorge og hans kollegar er skeptiske til fleire nye kyllinghus.

Den Stolte Hane Jæren produsentlag, ønskjer å få fleire av slaktekyllingprodusentane over frå Nortura for å unngå for mange nyetableringar og redusert lønsemd grunna ubalanse i marknaden.

Sjur Håland

Marknadsbalanse er avgjerande for økonomien hjå slaktekyllingprodusentane. Slaktekyllingmarknaden er komplisert, med tre store aktørar, Nortura, Norsk Kylling og Den Stolte Hane (DSH). Marknadsreguleringsordningane er for lengst historie, og produsentane leverer kyllingar på kontrakt til sine mottakarar.

Turbulent

Jærbonden Ragnar Skorge er leiar i Den Stolte Hane Jæren produsentlag. Med to kyllinghus på til saman 2.140 kvadratmeter, er kapasiteten på garden hans 270.000-280.000 slaktekyllingar i året. Skorge fortel om ein turbulent marknad dei siste åra.
– I 2014 kom mediestormen mot slaktekylling knytt til antibiotikaresistente bakteriar, seinare vart dette blanda saman med narasintilsetjinga i kraftfôret. I tillegg vart det turbulens i kjølvatnet av regjeringa si dobling av konsesjonen frå 140.000 – 280.000 slaktekyllingar.
Salet låg, i følgje Skorge, på 14-15 prosent under normalen, før forbrukarane for alvor starta å leggja kyllingfiletar i handlekorgene att.
– Me var ikkje tilbake til produksjonsnivået me hadde før nedturen, før hausten 2016, seier han.

Coop kjøpte Ica

Til historia om slaktekyllingane sin krunglete veg frem til i dag, høyrer også Coop sitt oppkjøp av Ica, som vart godkjent av Konkurransetilsynet i mars 2015. Ica hadde eit betydeleg sal av kylling frå Nortura i Oslo-området og på Austlandet elles. Nortura mista dette salet grunna Den Stolte Hane sin kontrakt med Coop. Dei tre marknadsaktørane, som forsyner norske matvarebutikkar, er tilnærma jamstore. Norsk Kylling i Trøndelag leverer til Rema 1000 sine butikkar, medan Nortura betener NorgesGruppen (minus First Price). Den Stolte Hane leverer slaktekylling til Coop sine butikkar (pluss First Price).

Mister volum

Den Stolte Hane har ein avtale med Nortura, som har 45 produsentar att i regionen, om kjøp av kylling for å greia å fylla opp Coop sine butikkar. Denne avtalen går ut ved årsskiftet 2017/2018.
– Etter dette har me ingen avtale. Det betyr at verksemda må gjera grep for å vera leveringsdyktige. Selskapet treng med andre ord større volum, forklarer Skorge.
Medlemmane i Den Stolte Hane Jæren produsentlag har reagert på at selskapet har gått ut i Jærbladet og annonsert etter nyetablerarar på Jæren. No understrekar produsentlagleiaren at kommunikasjonen med Den Stolte Hane er på plass.
– Me har tett kontakt med selskapet og er samde om at det primære målet til Den Stolte Hane er å motivera fleire produsentar til å melda overgang frå Nortura, som for tida produserer med eitt innsett i året i redusert kapasitet, slik at Den Stolte Hane får nok volum utan at det blir bygd fleire slaktekyllinghus på Jæren. Å få marknadsbalanse er eit overordna mål for alle. I dag har Nortura overkapasitet medan me har for lite, understrekar han.

Skjør marknad

Kyllingprodusentane opererer i ein skjør marknad.
– Hadde Den Stolte Hane til dømes mist leveransen til First Price, er det mogleg me ville fått overproduksjon og redusert lønsemd.
Sjølv om fleire kyllingprodusentar har bygd på husa sine og dobla produksjonen, erfarer Bondevennen at lønsemda ikkje er sprekare enn at mange bønder sit på gjerdet med sine bygg tilpassa den gamle konsesjonsgrensa. Eit nybygg på 2,2 dekar til 280.000 kyllingar vil få ein prislapp kring ni millionar kroner. Med dagens prisar, vil denne bonden ha årlege finanskostnadar på 800.000 –850.000 kroner.
– Det betyr ei løn til produsenten som illustrerer at det ikkje er all verda å gå på, og at ein overkapasitet vil bidra til at særleg nyetablerarar kan få det for tøft, seier Ragnar Skorge.

Felles mål

Ragnar Skorge poengterer at mange av dagens vel 70 produsentar i Den Stolte Hane kjem frå Nortura som ei følgje av marknadsendringane. Den Stolte Hane opplyser at 40 kyllingprodusentar meldte overgang frå Nortura i 2016.
– Me vil på ingen måte skada samvirket eller Nortura. Samvirketanken er sterk i regionen, og me ønskjer våre kollegar, som er Nortura-produsentar, alt godt. Det er våre varemottakarar som konkurrerer ut mot kjedane. Me som produserer har felles mål om marknadsbalanse og auka forbruk, avsluttar Skorge.

Kan bli nyetableringar

Hallstein Bø er produsentkontakt hjå Den Stolte Hane og driv sjølv med slaktekylling på Randaberg. Han stadfestar at det er underdekning på slaktekylling frå Den Stolte Hane i regionen, og at voluma dei får frå Nortura blir trappa ned.
– Frå 2018 skal me dekka produksjonen med eigne avtalar. Då treng me nye løysingar. Den Stolte Hane kjem nok til å få behov for nokre nyetableringar, litt avhengig av kor mange som vel å flytta på seg. Me ønskjer uansett ikkje å bygga meir kapasitet enn kva me treng og er i jamleg dialog med produsentane våre, forsikrar Hallstein Bø.

Nortura kan selja kylling

I ein kommentar til utspelet frå produsentlaget til Den Stolte Hane, synar styreleiar i Nortura, Sveinung Svebestad, til Nortura sitt behov for eige råstoff til det nye selskapet som er stifta saman med Ådne Espeland, Hå Kylling AS. Han peikar også på andre salskanalar som Nortura ønskjer å betena frå Hå.
– Slik det er no, og med dei planane som ligg føre, treng Nortura dei produsentane me har i Sørvest, understrekar han.
Svebestad peikar vidare på utsegna i artikkelen om at Den Stolte Hane etter 2017 ikkje lenger har ein avtale med Nortura.
– Det rette er at Nortura ikkje lenger er plikta til å levera. Det betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje vil vera mogleg å kjøpa kylling frå Nortura. Me har allereie ein industriavtale oss imellom, og den vil det vera fritt fram å auka opp.

Auka industrisal

Nortura-styreleiaren held fram at det alltid vil vera ein del ubalanse mellom produksjon og sal for aktørane i marknaden.
– I staden for at produsentane hoppar fram og attende, er det betre at me utjamnar denne ubalansen med industrisal oss imellom. Slik har kjøtbransjen alltid operert for alle dyreslag. Utvida industrisal frå Nortura til Den Stolte Hane vil demma opp for behovet for nye kyllinghus på Jæren. Med eit utvida industrisal kan vi oppnå at DSH får den kyllingen dei treng, medan våre produsentar kan auka sin produksjon. Då vil det ikkje vera behov for nyetableringar, påpeikar Svebestad.

Stikkord denne saka: , ,