God utnytting: Når 2/3 av matjorda først og fremst er eigna til å dyrke gras, er det avgjerande å ta graset i bruk til å produsere mat, seier Bodil Fjelltveit i Bondelaget. Ho reagerer på regjeringas ønske om kosthaldsendringar. Foto: Istock
Landbruket slapp avgift på raudt kjøt, men regjeringa held fast ved at vi skal endre kosthald. Bondelaget reagerer. – Heile poenget er å nå klimamåla utan å redusere norsk matproduksjon, seier Bodhild Fjelltveit i Bondelaget.
Liv Kristin Sola
Fredag i førre veke la regjeringa fram sin Klimaplan for 2021-2030. Ein plan for korleis Regjeringa skal redusere klimagassutslepp her til lands fram mot 2030, i tråd med våre forpliktingar i Paris-avtalen. Meldinga skal handsamast av Stortinget i løpet av våren.
Ikkje avgift på raudt kjøt
Landbruket gjekk klar både kjøtfri måndag og avgift på raudt kjøt, men Bondelaget er likevel skuffa over at kosthaldsendringar framleis er eit tema. Dei meiner det er unødige tiltak for å nå næringa sine klimaforpliktingar, og at det vil redusere norsk matproduksjon.
Bodhild Fjelltveit, andre nestleiar i Norges Bondelag, er nøgd med at Klimaavtalen mellom jordbruket og regjeringa vert lagt til grunn for klimaarbeidet i landbruket. Ho er også nøgd med at regjeringa slår fast at landbruket som biologisk produksjon må kutte mindre enn andre sektorar.
– Men vi hadde håpa at regjeringa delte våre ambisjonar om å nå klimamåla, også i jordbruket, utan å redusere norsk matproduksjon, seier ho til Bondevennen.
Bondelaget er overraska over det dei kallar ei heilgardering frå regjeringa si side, når dei held fast på at betydelege utslepp skal kuttast gjennom kosthaldsendringar. No fryktar dei kutt i norsk matproduksjon.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.