Topp kvalitet: Den norske geitemjølka er av topp kvalitet etter at alle buskapane er sanert og mange har kryssa inn franske genar i buskapen.

 

Geitebøndene produserer kjøt og mjølk i verdsklasse. Det skapar forventningar til industrien. – Vi ventar, men det skjer lite, seier Eva Fjørstad.

Liv Kristin Sola

 

Gardsfakta

Geitebonden Eva Fjørstad overtok heimegarden i Stranda på Sunnmøre i 2007, etter foreldra Åse og Hallvar Fjørstad. Bonden er utdanna førskulelærar og spesialpedagog. Ho har ein 20 prosent stilling i barnehage i tillegg til gardsdrifta. Hallvar er framleis aktivt med i gardsarbeidet.

Buskapen består av 160 mjølkegeiter og ein kvote på 126.600 liter, kor 44 tonn er leigekvote. Ho har 70 vinterfôra sauer. Eva disponerer 130 dekar dyrka jord og 190 dekar innmarksbeite pluss utmark.

Eva bygde om og utvida geitefjøset i samband med at ho sanerte i 2010 og 2011. Bonden er leiar for Stranda sau og geit.

«Stolt geitebonde» står det på t-skjorta til Eva. T-skjorta er ei gåve frå systera. Sjølv brukar Eva sjeldan ordet stolt.

– Kva er det å vere stolt? spør ho, men innrømmer likevel at ho vart litt kry då ho nyleg fekk 10-årsplakett for god mjølk og
godt mjølkestell.

Eva er kvardagsbonden som trivst i lag med geitene og med gardsarbeidet. Om vinteren legg ho planar for våren og sommaren, men kvart år byr på nye utfordringar. Det gjer yrket interessant og motiverande. Alt heng saman. Nøgd er ordet ho helst vil nytte om det å vere geitebonde.

Godt geitemiljø: Eva er nøgd med at ho har mange ander geitebønder rundt seg. – Vi pratast ofte og kan diskutere det meste, seier Eva. 

Om å trekke heim

Etter mange års arbeid med språk og hørsel hjå barn, vende ho nasen heimatt.

– Jobben var svært meiningsfull, men eg har alltid hatt sterke band til heimplassen og ønska å drive garden vidare, seier Eva.

På Sunnmøre er det 26 geitebønder. Berre opp langs Strandadalen er dei tre produsentar. Eva er usikker på om ho hadde satsa om ho var åleine geitebonde i området.

– Vi pratast ofte og diskuterer det meste, men det kan bli høg traktorfaktor, seier Eva.

Bonden smiler. Traktoren er viktig, men sjølv klarer ho seg med 107 hestar.

– Eg bruker minst mogleg tid i traktoren, men har ein far som mest ikkje er å få ut or traktorsetet når noko skal gjerast, seier Eva.

Vinterfôret vert hausta på to slåttar og pakka i rundballar, medan tredjeslåtten vert beita. Rundballane ligg sikkert lagra bak høge gjerder på ein grusa plass, ute av rekkevidde for svolten hjort.

Sikra mot hjort: Eva har opparbeidd ein grusa lagerplass for rundballane. Plassen er gjerda inne med høge grindar for å sikre fôret mot hjorten. 

Årets kje-flokk: Kjea går på eige beite og har dagleg tilsyn.

Moderne fjøs

Fjøset vart bygd om og utvida i 2010 og 2011. Eva valde ei open løysing med tre kraftfôrstasjonar og rullande fôrbrett. Kjea har si avdeling.

Ein 2×12 mjølkestall med frontutgang og elektronisk identifisering av geitene effektiviserer mjølkinga. I fjor stod fôrsentralen ferdig med ein Serigstad FlexiFeeder rundballekuttar med reservoar, og ei vifte som transporterer fôret frå kuttaren over på eit rullande fôrbrett.

– Mjølking og fôring har blitt rasjonelt og eg kan nytte tida på dyra, seier Eva.

Fjøset er luftig, lyst og romsleg, noko som er bra for jurhelsa og for trivsel både for folk og dyr. Store grupper fungerer bra, men det må ikkje bli for fullt.

– Godt klima, rett fôring og ikkje minst avl og tilsyn er viktig for god drift.

Eva skulle gjerne hatt betre plass i kjebingane og høve til å låse alle geitene ved fôrbrettet samstundes, blant anna under vaksinering og paring.

Moderne mjølkestall: Ein 2×12 mjølkestall med frontutgang og elektronisk identifisering av geitene, kom på plass då fjøset vart bygd om og utvida i 2012.

Ei god investering: Eva fortel at kosten er flittig i bruk når fjøset er fullt av geiter. Fjøset kan delast i tre avdelingar, alle med ein eigen kraftfôrstasjon.  

Enkel fôring: Ein ny fôrsentral vart bygd i fjor. Fôringa er lettvindt med ein Serigstad FlexiFeeder rundballekuttar med reservoar og ei vifte som transporterer fôret over på eit rullande fôrbrett.  

Fole enkel fôring

Geiteflokken er ute frå slutten av mai til starten av oktober, når vêret er bra nok. I periodar er dei ute på nattbeiting sommarstid. Geitene vert avsina i midten av august, og får surfôr inne om nettene frå midten av september.

Kjeinga tek til i byrjinga av november. Flokken vert delt inn i tre grupper; årringar, høgtytande og resten. Geitene mjølker frå 2-2,5 liter til opp mot 4-4,5 liter per dag.

Geitene har fri tilgang til grovfôr, og grovfôrkvaliteten er utgangspunktet for kor mykje kraftfôr dei får. Eva har også gode erfaringar med å supplere med betefiber for å halde stabil vomfunksjon. Kraftfôrrasjonen vert fordelt mellom stasjonane og mjølkegrava.

– Det er fole greitt med automatikk, men eg har ikkje heilt slutta å følgje med. Det hender eg gjer individuelle vurderingar, seier Eva.

Ho har god erfaring med å auke opp til 0,8 hg før kjeing. Ei moderat auke etter kjeing ser ut til å gi minst haldtap og mest stabil vom.
Ytinga ligg rundt 750 kilo per årsgeit. Målet er å fylle kvoten og ligge på rundt 12 prosent tørrstoff.

– Eg pressar ikkje ytinga. God vomfunksjon er viktig for å oppnå høgt tørrstoffinnhald og flate laktasjonskurver. Det er lettare å få til med moderat yting, seier Eva.

Avlsbesetning

Eva er ein av kring 50 avlsbesetningar på geit. Aktuelle bukkar vert testa og kåra og nytta i eiga besetning, før dei eventuelt vert selde til semin eller til andre besetningar. Eva kjøper semin både av norsk og fransk geit og av kryssingar.

– Eg inseminerer dei 20-25 beste, men med eit tilslag på 50-60 prosent bør eg nok skjerpe meg, seier bonden.

Geitene vert para i starten av juni, midt i våronn og lamming. For å få hjelp til lamminga hyra Eva inn to nederlandske veterinærstudentar. No har ho 190 geiter som skal kjee i november. Dei første hundre i løpet av ei veke.

– Fordelen er jamne og fine kje, seier bonden optimistisk.

Meiningslaus sløsing med mat

Eva har om lag 50 påsettkje og 10-15 påsettbukkar i året. Dei siste åra har ho også fôra fram kring 100 kje til slakt.Dyra bli slakta hjå det private slakteriet Ole Ringdal på Hellesylt.

– Å avlive kje er både vanskeleg og meiningslaust. Eit tilskot på 300 kroner per kje hjelper på, men innteninga vert ikkje så sprek med tanke på høge framfôringskostnadar og utfordring med plass, seier Eva.

Ho saknar ei tydelegare marknadsføring av kjekjøt og undrar seg på kvifor vi ikkje finn til dømes marinert lår av kje i butikkane.

– Slakteria har ein jobb å gjere med marknadsføring. Skal folk få smaken av kje må dei sjå det i butikkane. Min jobb er å produsere gode råvarer, seier bonden.

Sjølv serverer ho lår eller side av kje så ofte ho kan, og fortel om svært gode tilbakemeldingar.

– Mariner natta over i salt, peppar, solsikkeolje, og dei kryddera du likar. Steik på 120 grader i seks timar. Server med potet og grøn salat. Så enkelt og så godt, skryt geitebonden.

Eit kjempeløft for geita: Geitenæringa har gjort ein enorm innsats for å betre helsa til den norske geita. Næringa er kvitt dei kroniske sjukdommane CAE, byllesjuke og paratuberkulose. Geitene er har god helse og mjølka er av topp kvalitet. No håper bøndene Tine vil satse på å utvikle fleire produkt av geitemjølk. 

Fransk Alpin: Eva er ein av kring 50 avlsbesetningar på geit. Kryssing med rasen fransk alpin har blant anna betra mjølkekvaliteten med tanke på innhald av frie feittsyrer.  

Verdas beste mjølk?

I perioden 2001 til 2015 var geitenæringa gjennom ei full sanering for å bli kvitt dei kroniske sjukdommane CAE, byllesjuke og paratuberkulose.

Eva valde å sanere i samband med fjøsbygginga. Dei snappa så mange kje dei klarte, og kjøpte i tillegg 90 kje for å halde oppe produksjonen.

– Vi var i fjøset natt og dag, ikkje minst for å berge dei beste avlsdyra. Fem minutt på toalettet var nok til at kjea kunne gå i golvet og dermed vere tapt. Det var mykje arbeid og mykje styr. Eg har eigentleg fortrengt det, men det var verdt innsatsen, seier Eva.

Dei mange ansikta: Eva har god kontakt med geitene og dei gjer så mykje attende. Geitebonden er oppteken av den allsidige arbeidsdagen. Ho trivst med dyra, men er også glad i arbeidet med jorda og sjølve drifta av garden. 

Tomme ord

Jobben kosta, både for bøndene og for Tine. I tillegg til å sanere har mange geitebønder kryssa inn genar av Fransk Alpin, noko som har gitt betre kvalitet og smak på mjølka. Innsatsen og dei gode resultata skapte forventningar til Tine om satsing på nye produkt av geitemjølk, som smør, yoghurt, rømme og is.

– Vi ventar framleis, seier Eva.

– Er geitebonden for snill?

– Kan hende. Vi blir små i alle samanhengar. Tine si satsing på geit ser ut til å vere tomme ord, seier Eva.

Is av geitemjølk med smak av brunost.

Bonden vil heller snakke om lokale initiativ, og byr på iskrem av geitemjølk med smak av brunost – laga lokalt i Stordal. I tillegg til iskrem frå nabobygda er det bønder som tek heim og foredlar eige kjøt for sal privat. Sal av skinn og aktivitetar som kje-safari og kurs i å lage
gode rettar av kje, skapar engasjement.

– Å ikkje kjenne seg verdsett for det ein gjer og det produktet ein jobbar og slit for, det er ei vanskeleg kjensle. Det gjer noko med deg. Det gjer det ikkje enkelt å vere stolt geitebonde, seier Eva.

Sjølvmelding

Best nøgd med: – Fôrsentralen og grovfôrhandteringa har letta det fysiske arbeidet betrakteleg.

Kunne vore betre og tips til andre: – Under ombygginga skulle eg ha prioritert å ha plass til å sette fast alle dyra ved fôrbrettet samstundes. Det ville gjort arbeidet effektivt under vaksinering, parasittbehandling og paring.

Stikkord denne saka: , ,