Juni: Det kommunale friområdet Gitlaberget var temmeleg attgrodd då beitesleppet fann stad 25. juni. Eigaren av geitene er Jon Arvid Vassbø t. v.

Kjendisgeitene på Ålgård har opna eit attgrodd friområde i løpet av eit par smakfulle sommarmånadar. Krattet er rydda og småtrea ringbarka.

Sjur Håland

 

Dei drygt 75 unggeitene har forsynt seg grovt av det 25 mål store matfatet. Bjørk, lerk, rogn og alt anna av buskar og kratt er ribba og rundbarka. Området har blitt tilgjengeleg også for folk.

– Dei har ikkje rørt lyngen. Det kan vera eit argument for at geitene også kan vera glimrande lyngheirydderar, seier beiteentusiast og bonde Magnus Søyland, og peikar på lyngtuvene medan han strevar seg opp mot toppen av det bratte Gitlaberget med ein tam flokk unggeiter hakk i hel.

Nærkontakt med folk

Beitesleppet fann stad midt i juni. Bukken fekk innpass i flokken med ungdyr 25. juli. Brunst og paring står for tur. Resultatet blir nye kje og spreke mjølkegeiter for eigaren, Jon Arvid Vassbø, til neste år.

Søyland har observert at mange har fått nærkontakt med dyra, og blitt begeistra for det spesielle tiltaket gjennom sommaren.

– Her har det vore jamt sig av både leikande ungar som vil klappe dyra og vaksne på tur. Eg har fått tilbakemelding om at folk har fått auka forståing for kva beitedyr og utnytting av tilgjengelege beiteressursar betyr i praksis, seier han.

August: Ryddearbeidet er godt i gang. Alle trea er ringbarka og geitene strekkjer seg etter lauvet. Frå venstre: Gjesdal-ordførar Frode Fjeldsbø, bonde Magnus Søyland og jordbrukssjef i Gjesdal, Gudrun Kristensen.

Lovande prosjekt

Ordføraren i Gjesdal, Frode Fjeldsbø, knekker ned ei grein frå ei ung rogn. Geitene reagerer momentant på knekkelyden. Dei flokkar seg rundt lauvet utan å ta politiske omsyn.

– Dette er første gongen me har hatt eit slikt ryddetiltak i kommunen. Me kan takka ein framsynt og reflektert bonde, seier Fjeldsbø, og nikkar mot Magnus Søyland.

– Er det ikkje litt rart at landbrukskommunen Gjesdal med store beiteressursar må henta inn geiter frå Bjerkreim for å halde landskapet ope?

– Det er både landbruksareal og friområde hjå oss som gror att. Her på Gitlaberget stoppar geitene attgroinga og opnar for friluftsliv, dette ser lovande ut, svarar ordføraren.

Vil bruka kjekjøt

Magnus Søyland ivrar for at smakfult kjekjøt skal bli tilgjengeleg mat. Hans visjon er at også bukkekje skal få livets rett, rydda landskapet, slaktast og gi lekre matrettar. Gjesdal kommune følgjer opp ideen og det konkrete tiltaket med å arrangere møte med geitebønder, Fylkesmannen i Rogaland og matforskingsinstituttet Nofima.

– Tema blir korleis ein kan unngå å kassere kje, og om det til dømes kan vera mogleg å få til ei utleigeordning med beitande kje for seinare slakting, fortel Gudrun Kristensen, jordbrukssjef i Gjesdal.

Rydding for turistnæringa

Beitesesongen for geitene på Ålgård tek slutt i månadsskiftet august september. Søyland har mange argument for å sleppa geiter og kje laus på nye område med buskas rundt om i landet.

– På Gitlaberget har elgjerde og nett fungert fint saman med ei sluse for turfolket. Med Nofence-teknologien på full fart inn i geitenæringa blir det fleire moglegheiter for bruk av geit som beiteryddar. Fleire stadar her i landet fortvilar turistnæringa over kulturlandskap som blir attgrodd og gøymt. Sommarens tørke har vore ei påminning om at geitene verkeleg kan rydda kratt og dermed også redusera omfanget av ein brann i marka, slår Magnus Søyland fast.

Bynært: Geitene beiter tett ved bustadfelt og industriområde på Ålgård.

Stikkord denne saka: , ,