BN+

Steik: Kjøkkensjef Tove Andresen gler seg til å lage gode middagar av rause gåver frå Gjesdal-bønder. Her saman med bøndene Gro Håland og Brit Hovland (t.h.) frå Gjesdal Sau og Geit.


Bøndene i Gjesdal Sau og Geit donerer sauekjøt av ypparste kvalitet til den lokale sjukeheimen. Nå vil dei ha resten av sauebøndene i Rogaland med seg på dugnaden.


Sjur Håland


Dagens første levering til Solåsheimen bu- og aktivitetssenter består av tre brune pappøskjer med ferdig oppskore sauekjøt. Seinare på dagen kjem det inn tre skrottar til. Den rustfrie trilla i entreen står klar når bøndene Brit Hovland og Gro Håland kjem med øskjene. Kjøkkensjefen, Tove Andresen, jublar over å kunna servera søndagsmiddagar også midt i veka.


– Me har servert tre middagar etter at tiltaket vart sett i gang i februar. Nå blir det ny middag med ferskt sauekjøt på onsdag, det me ikkje får brukt fersk, blir frose ned til seinare bruk, seier ho.

Vil ha blest

Overskotet på sau i kjøtmarknaden har fått mykje merksemd. Prisane har langt frå vore dei beste. Nå vil Hovland og Håland, saman med sine kollegar, syna potensialet i det flotte sauekjøtet og skapa meir blest om produktet. Dei held fram at skilnaden på ung sau og lam er minimal, og ønskjer å få forbrukarane til i auka grad etterlysa produkt frå sau og lam også utanom dei typiske sesongtoppane som jul og påske.
Ideen kjem frå bondekollega, Magnus Søyland. Han kontakta Gjesdal Sau og Geit og føreslo at dei som slakta ung sau (to-tre år gamle) etter lysinga, skulle ta kjøtet i retur frå slakteriet og gje det til sjukeheimen. Så langt har Gjesdal-bøndene levert seks skrottar. Meir er i kjømda.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,