Karin Spanne

Karin nyt familielivet, og sett stor pris på kvardagane etter sjukdomsperioden. (F.v.) Torstein, Karin, Rose, Filip og Viktor, som er i treet.

Karin fekk brystkreft midt i livets oppoverbakke. Avvikling av mjølke­produk­sjonen blei ikkje så alvorleg, ved sida av kampen for livet.

Jofrid Åsland

Eit gult skilt peiker veg opp ein bratt bakke til eit kvitt gildt gardshus. I gardsrommet er barna i full leik. Dei har sitt eige heimesnekra leikeparadis. I vindauget kjem ei vinkande hand og eit smil til syne.
– Velkommen.
Karin Repstad Spanne rekk fram ei slank hand, og inviterer inn til lunsj. Lukta av bakst fyller huset, gongkaker heiter det. Ei kake steikt på takke, som er typisk for Finnøy. Barna benker seg rundt kjøkkenbordet. Det er haustferie.
– Kor gamle er dykk?
Det er journalisten som spør.
Filip er 10 år, Viktor er 8 år, Rose er 6 år og William er 4 år, men han er i barnehagen.
– Eg er jo blitt skikkeleg gamal no, 43.
Karin røper alderen gjennom smilande lepper.
– 43 er jo ikkje så gamalt. Vent til du blir 70. Det kallast gamalt.
Viktor veit korleis han skal ordlegge seg når det kjem til ei dame i sin beste alder.
– Det er sant. Kvart år eldre er ein fest. No heddar me mot 70. Det er jo ikkje kult å stoppe på 40.
43-åringen ler godt når barna trekk fram saltoen ho tok ute i marka her om dagen.
Dette var ein vag draum då ho låg i sjukesenga. At ho skulle få oppleve kvardagen igjen, og Karin nyt kvardagslukka i fulle drag. Det har ikkje alltid vore slik.

(Teksten held fram under biletet.)

Her er Viktor i barna sitt heimesnekra leikeparadis like utanfor huset.

Her er Viktor i barna sitt heimesnekra leikeparadis like utanfor huset.

Finnøy framfor New Zealand

Ho hadde vore på New Zealand før, og skulle dit for å studere eit par år. Utdanninga ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) på Ås var unnagjort. Onkelen, som dreiv med mjølkeproduksjon på Finnøy, ville pensjonere seg. Bror til Karin flytta inn på garden for å drive, men gav seg etter eit par år, og tilbodet kom Karin sin veg. Ville ho bli bonde på Finnøy eller student i utlandet? Ho flytta til Finnøy med 26 år på nakken. Der budde ho i det gamle huset på garden saman med ei venninne og ein dreng. Slik kunne ho drive gard med mjølkeproduksjon ved sida av å vere tilsett som rådgivar i Tine.
Etter kvart fann Torstein vegen inn i livet hennar. Karen frå Grimstad var glad i skogsarbeid og flink til å mekke. Maskinane fekk også eit betre liv etter at han kom til gards. Karin hadde hovudfokus på dyra, medan Torstein konsentrerte seg om arbeidet med jord og maskinar. Etter kvart arbeida Torstein fulltid på garden.

(Teksten held fram under biletet.)

utskjeringar i tre

Ikkje alle kalvar kan skryte av slike utskjeringar. Tostein har æra for kunsten.

Draum og mareritt

Barna rundt kjøkkenbordet skulle eigentleg vore fleire. To tvilling­jenter var dei første som kom til verda i denne søskenflokken. Foreldra fekk ha dei hjå seg ein kort sommar, før dei to jentene døde.
Karin og Torstein har opplevd at det verste marerittet blei verkeleg.
– Det var eit stort mørke.
Karin veit at to tapte liv i familien alltid vil prege dei. Barna veit at kvinne­prosenten i familien kunne vore høgare. Heldigvis kan ljoset overvinne alt.

Høge ambisjonar for mjølkeproduksjonen

Pågangsmotet og drivkrafta var på topp, men samtalen om å avvikle mjølkeproduksjonen var i gang. Dei hadde ei liste der positive og negative sider ved å drive mjølkeproduksjon blei notert. I fjøset hadde dei gjort ein del, for å modernisere drifta så mykje som mogleg. Taket blei løfta ved hjelp av tømmer frå eigen skog, skåre på eiga sag. Torstein var sjølvsagt mannen bak arbeidet. Fôrvogn og kraftfôrvogn sytte for mykje av fôringa, og avtakar på mjølkemaskinane sikra at kyrne fekk lik mjølking kvar dag.
– Eg er 11. generasjonsledd på denne garden. Det har truleg vore mjølkeproduksjon her sidan 1640.
Karin har ført ei stor arv vidare. Ekteparet finspissa produksjonen for stadig høgare mjølkemengde per dyr. Dei var gjerne i fjøset fire gonger i døgnet for å sikre at dyra fekk hyppig tildeling av grovfôr. Smertegrensa for tap av liv var null. Karin inviterte slakke kalvar inn på grovkjøkkenet, der barna fekk æra av å lære vaklevorne kalvar å gå.
– Me var alltid bakpå. Først kom barna, så kom dyra, så kom gjerder og grinder.
Galoppen mot klokka var heftig. Dei inseminerte med barn i bæremeis og frukosten var sjeldan heile familien med på. Fjøset hadde ein stor og viktig plass i livet på garden til familien Spanne. Dei klatra stadig høgare på listene over dei høgast ytande besetningane i landet. Ambisjonane var høge, men arbeidstimane mange.

(Teksten held fram under biletet.)

Karin Spanne

Dette biletet er teke for ganske nøyaktig to år sidan, og er frå tida med cellegiftbehandling på sjukehuset.
(Foto: privat).

Alvorleg sjuk

Det byrja med ein liten kul høgt oppe i brystet. Karin trudde det var ein seneknute, men ville likevel la legen sjå på den. Meldinga om at den vesle kulen var ein aggressiv form for kreft kom som lyn frå klar himmel. Genetisk tilfeldig, og veldig brutalt, ramma sjukdomen familien sin kvardag.
Det er to år sidan Karin blei operert for kreft. I kjølvatnet av operasjonen kom cellegiftkurar og strålebehandling. Det var cellegiftkurane som var verst. Karin blei veldig dårleg, og blei sendt med ambulanse til sjukehuset etter første kur. Kroppen reagerte så sterkt på behandlinga at ho måtte leggast inn for kvar kur.
– Me blei rett og slett redde. Då eg sat i bilen ein dag, og var veldig slakk, kom ideen til meg. At me skulle sende mjølkekyrne til eit anna fjøs.
Karin såg at mannen hadde mykje å stri med, med ansvar for fire små barn og fullt fjøs. Ho visste om eit robotfjøs i nærleiken som ikkje gjekk på full kapasitet. Bonden der ville gjerne hjelpe dei. Der var kyrne i tre månader. Då hadde familien funne ut korleis dei skulle organisere seg rundt sjukehusopphald og behandlingar. Under Karin sine sjukehusopphald flytta anten mora, søstera eller søstera til Torstein inn i huset.

Då mjølkekyrne drog

Ballongar og barnelatter fylte eit nyvaska fjøs. Barna feira bursdagsselskap der. Dagen etter flytta kyrne inn att, og etter fire månader var det på tide med ein god gammaldags auksjon. Fjøset var fullt av folk, og mjølkekyrne drog frå garden.
Interessa for mjølkeproduksjon var framleis på topp. Like etter at dei hadde seld kyrne drog ekteparet på kuutstilling i Danmark, trass i at dei visste at mjølkeproduksjon ikkje var det rette for dei. Lista over utfordringar vart for lang.
– Livet er for sårbart. Me ynskjer ikkje å ha det så heise.
I dag veit Karin og Torstein at valet var rett. Dei skuldar ikkje berre sjukdomen for avgjersla, men sjukdomen fekk fart på prosessane.
Karin trekk fram ei bok onkelen har skrive. Den skal kvart av barna hennar ein dag få med seg. I boka er garden si historie festa til papir med ord og bilete. Familien Spanne skal skrive vidare på historia, med kviger og utan mjølkeproduksjon.

(Teksten held fram under biletet.)

Denne hønsegarden har Karin laga sjølv, og hønene er blitt veldig flinke til å gå i stigen.

Denne hønsegarden har Karin laga sjølv, og hønene er blitt veldig flinke til å gå i stigen.

Eit sårbart yrke

– På eit vis er me glade for at det var eg som blei sjuk. Eg var tilsett i Tine, og fekk hjelp av det offentlege med ein gong.
Karin fortel om mykje god støtte frå arbeidsgjevar og kollega gjennom sjukdomsperioden. Ho var sjukemeldt i eitt år, deretter trappa ho gradvis opp arbeidsmengda som rådgivar i Tine. Etter sommarferien i år var ho tilbake på jobb i full stilling.
Torstein har også fått seg jobb i tillegg til garden, og arbeider som prosjektleiar hjå Norsk Energiteknikk. Då Karin var sjuk arbeida han fulltid som bonde, og var truleg ikkje godt nok forsikra om han hadde blitt sjuk.
– Det er først i ettertid at me har sett kor viktig det er med gode forsikringar. Det er sårbart å vere sjølvstendig næringsdrivande, med ansvar for dyr.
Ekteparet sitt attmed kvarandre ved kjøkkenbordet. Sola skin og utsikten over sjøen sett prikken over i-en. Dette er ei solskinshistorie. Ei historie som handlar om å finne tilbake til lukka i kvardagen.

Livet smiler

– Når fekk du friskmeldinga?
– Den får eg aldri.
Karin forklarer med roleg røyst om kontrollar og medisinar. Ho skal gå på medisinar i ti år etter at cellegift og stråling var over. I sommar var ho på det ho kallar toårskontroll, og fekk beskjed om at ho ikkje treng kome til kontroll meir enn ein gong årleg.
– Me har landa godt på andre sida. For meg kjennest det som å surfe på ei bølgje. Det kan regne ute, men på innsida er det solskin.
Alle kan sjå at denne dama har fått ein ny vår. Ho kjenner seg full av krefter, og sett stor pris på ulike prosjekt på garden. I forseinka 40-års presang fekk ho ein Kobelco gravemaskin på 8 tonn. 43-åringen skryt ikkje av at ho er best til å handtere maskina, men ho meistrar den. Karin er fasinert over kor mykje ho får gjort ved hjelp av skuffe og spakar. Hønsegarde har ho også laga, slik at dei endeleg kunne få høner til gards.
Minna om då barna fekk køyre rally med klippemaskinen på mamma sitt hovud, og kjensla av å så vidt kunne fote seg, vil alltid vere lagra. I ljos av minna er kvardagen vakker og meiningsfull. Kjensla av å alltid vere bakpå med gardsdrifta er borte.
Saman med Rose og Viktor viser Karin veg ned til fjøset. Kviger og kalvar har akkurat kome inn. Drifta på garden består av kvigeoppdrett og sal av mjølkekyr. På den måten får Karin og Torstein ta vare på interessa for avl og ku. Målet er å avle fram gode mjølkekyr, som andre kan ha nytte av.
Karin fortel at det å ta avgjersler er lettare etter ho blei sjuk. Ho tenker – det kan ikkje ta livet av deg.
– Me har det godt, og trivst med gardsdrifta slik den er i dag. Skulle nokon vere i liknande motbakke i ­livet, håper me dei kan få nytt mot av å høyre vår historie. Det er derfor me er her. For å hjelpe kvarandre, slik at livet blir lettare å leve.
Karin, Torstein, Rose, Filip og Viktor vinkar.
– Velkommen igjen, seier dei til journalisten.
Ein kunne trudd dei var gamle kjende.

(Teksten held fram under biletet.)

Spanne på Finnøy

Nokre kalvar går framleis ute og nyt haustsola. I bakgrunnen er våningshuset på garden.

Fakta om garden

Karin og Torstein Repstad Spanne driv gard på Spanne på Finnøy i Rogaland. Saman har dei barna Filip (10), Viktor (8), Rose (6) og William (4).
Til garden er det 95 dekar dyrka jord, 100 dekar beite og 100 dekar skog. Drifta er kvigeoppdrett. Totalt har dei 30 kviger, og sel årleg ca. 15 nykalva kviger.

Stikkord denne saka: , ,