Årets lærlingar i landbruksmekanikarfaget: Frå venstre: Heine Valland Nesse – lærling på Solberg Mek. Verksted AS, Lonevåg, Erik André Pålerud – lærling på Eiksenteret Kløfta, André Egeland – lærling på Ålgård Landbrukssenter AS, Simen Selseng Salte – lærling på Maskinsenteret AS, Sogndal, Sjur Klette – lærling på Felleskjøpet Agri avd. Voss, og Markus Runde – lærling på CF Maskin Follo, Vestby.

For første gong skal årets lærlingar i landbruksmekanikarfaget kårast på Agrovisjon. – Det er utruleg moro. Eg blir jo stolt, seier Erik André Pålerud, ein av vinnarane.

Jane Brit Sande

Seks lærlingar i landbruksmekanikarfaget blir kåra til «Årets lærling» på Agrovisjon.

– Det er utruleg moro. Eg blir jo stolt. Dette viser at arbeidsgivar er nøgd, seier Erik André Pålerud, lærling hjå AGCO, arbeidsstad Eiksenteret Kløfta.

Kandidatane er utnemnt av lærestadene sine, og er frå heile landet. Alle seks er vinnarar.

– Sjølve kåringa har ikkje vore eit mål for meg, men det stadfestar at eg har gjort eit godt kvalitetsarbeid og at folka rundt meg har lagt merke til innsatsen på arbeidsplassen, seier Markus Runde. Han lærling hjå Norwegian Agro Machinery, arbeidsstad CF Maskin Follo.

Komiteen bak kåringa har invitert vinnarane til Jæren for å gjere stas på dei. Bondevennen treffer lærlingane på historiske Klostergarden, eit av mange stopp denne opplevingsrike dagen. Dei kjem sjøvegen frå Stavanger, og har besøkt både Kverneland plogfabrikk og Forsøksgarden til Felleskjøpet RA tidlegare på dagen.

Meir teknologi

Erik André Pålerud valde å bli landbruksmekanikar av interesse.

– Eg har alltid likt det som durar, seier han.

Runde har ein litt annan historie.

– Far min er landbruksmekanikar, og eg hadde eigentleg ingen planar om å gå i hans fotspor. Men så vart det slik likevel, seier Runde.

– Merkar du forskjell på kva far din har lært, og kva du lærer?

– Eg lærer meir teknologi, og nyttar PC kvar dag. Det er både positive og negative sider med teknologien, men eg opplever mest positivt, seier Runde.

– Kva trur de framtida vil krevja av ein landbruksmekanikar?

– Vedkommande må ha ei sterk interesse for faget. Ein må tola forskjellig vêr og vind, mykje av arbeidet er utandørs. Og ein må vere villig til å vere med å utvikla faget, seier Runde.

Løfter morgondagens mekanikarar

Verksemdene der lærlingane kjem frå, løftar fram at det viktigaste med kåringa er å heia på ungdommen.

– Me må heidra og bygga opp lærlingane, og vise at me set pris på dei. Det er lærlingane me skal leve av i framtida, seier Anniken Øgreid frå Ålgård Landbrukssenter.

Om kåringa:

Det er medlemsverksemdene i Traktor- og landbruksmaskinimportørenes Forening (TLIF) som står bak kåringa av årets lærling. Dei medlemmane som har lærlingar, vel ut ein frå si verksemd som blir heidra spesielt under Agrovisjon. Alle lærlingane som er valde ut, er vinnarar.
Årets lærling 2019 blir heidra under Agrovisjon, for første gong på denne messa, og blir eit fast innslag. Tidlegare har kåringa berre vore eit fast innslag på AgroTeknikk i Lillestrøm. Kåringa skal også bli fast på Agrisjå i Stjørdal.

Stikkord denne saka: , ,