Varm opp kalvehytta: Når du tek kalven ut i hytta, fyll ein dunk eller to med varmt vatn og legg inn i halmen i lag med kalven. Steng gjerne fronten med ei plate det første døgnet slik at varmen held seg i hytta. Eit godt tips frå ein av Bondevennen sine lesarar

Når temperaturen fell ned mot null, eller når det regnar og bles rundt fjøs og kalvehytter, hugs å kle på kalven. Det gjeld om kalven er ute i hytte, eller står i eit kaldt rom i fjøset.

Liv Kristin Sola

Mens kyr trivst godt ved låge temperaturar er det annleis med kalven. Dei yngste kalvane har ei nedre kritisk temperaturgrense på ti grader. Det betyr at når temperaturen fell under ti grader vil småkalvane bruke energi på å klare å oppretthalde kroppstemperaturen. I praksis betyr det at noko av mjølka kalven får, vert nytta til å halde varmen, ikkje til tilvekst.

Råmjølk: Gi kalven godt med råmjølk så tidleg som råd.

Gi meir mjølk: Er temperaturen under ti grader bør du gi kalven meir mjølk for å unngå redusert tilvekst. Tildelinga skal aukast gradvis etter kvart som det vert kaldare.

Temperatur på mjølka: Mjølka skal vere 40-42 grader ved utfôring. Varm gjerne opp fôringsbøtter med vatn før du slår i mjølk, for å unngå varmetap.

Kalvedekken: Eit kalvedekken er ei god investering for å oppretthalde god tilvekst. Vask dekkenet etter bruk slik at det er reint og tørt før neste bruk. Det er gode dekken å få tak i hjå Felleskjøpet, Innkjøpslaga og andre. Kjøp dekken som har gode stropper og fester. Tilbakemeldingar seier at borrelås fungerer dårleg i kombinasjon med spøne og halm.

 Vatn og kraftfôr: Gi kalven reint lunka vatn minst to gonger for dagen. Gi nytt, tørt og reint kraftfôr dagleg.

Liggeunderlag: Kalven skal alltid ha tørt og mjukt underlag. Ved å bruke godt med halm eller flis i hytta eller kalvebingen i tillegg til eit tørt dekken, kan kalven halde seg varm sjølv ved låge temperaturar. Hugs at eit fuktig underlag også kjøler ned kalven. Småkalvane trivst godt ute i frisk luft, men det krev at du sikrar gode tilhøve når temperaturen fell under ti grader. Gjer du det vil både du og kalven gå ein fin vinter i møte. Kalven vil takke det med betre tilvekst og du vil spare tid ved å unngå sjuke kalvar.  

Stikkord denne saka: , ,