Untitled-1

To år etter at kvotegrensa for mjølk blei auka til 900.000 liter, ser vi at bøndene i Rogaland støvsugar kvotemarknaden på jakt etter å auka mjølkeproduksjonen.

Eirik Stople

– Eg kan stadfesta er etterspurnaden er mykje høgare enn tilbodet, og at prisen for kvotekjøp og kvoteleige er på stigande kurve, fortel dagleg leiar i NLR Rogaland, Helga Hellesø, som formidlar sal og utleige av mjølkekvotar i Rogaland.

Prisdanning

80 prosent av kvar mjølkekvote som tilbyds for sal blir seld i privat regi. Då er det marknaden, tilbod og etterspurnad, som gjeld for prisfastsetting. Både for kvotesal og kvoteleige, ser ein likevel at kvotar blir omsett til ulik pris, alt etter kva partane blir samde om. I Rogaland er det ikkje uvanleg at mjølkekvotar blir selde for ti kroner per liter. Prisen for utleige av kvote ligg gjerne på ei krone per liter, nokre betalar meir.

Private vilkår for sal/utleige av mjølkekvote

Om ein kvoteeigar sel/leiger ut direkte eller via mjølkebørsen kan vedkomande sette vilkår. Det kan til dømes vere geografisk avgrensing, berre sal/utleige til utbyggingsbruk, eller krav om spesifikk varemottakar.

Fleire forhold som påverkar den store etterspørselen

Vi har spurt leiar av Klepp rekneskapslag, Martin Svebestad, om korleis han vurderer den store etterspørselen etter mjølkekvote.
– Det er fleire forhold som ligg bak den situasjonen vi ser nå. Samdriftene fekk auka kvotetaket frå 750 til 900 tonn. Dei som har ledig kapasitet vurderer gjerne prisen ut frå ein marginalbetraktning. Same tenkinga ser vi hjå enkeltprodusentar som også fekk utvida kvotetaket til 900 tonn. Mange har rom for å auke produksjon innafor eksisterande driftsopplegg.

Ulik lønsemd

– Er det lønsamt å leige eller kjøpe kvote med det prisnivået vi ser i dag?

– Det kjem an på situasjonen. Om situasjonen er eit utbyggingsbruk der ein til dømes skal utvide kvota frå 200-400 tonn er prisen for høg. Økonomien går ikkje i hop. For den mjølkeprodusenten som har 500 tonn og har kapasitet i bygning og robot til 550 tonn, er situasjonen ein annan. Då kan det vera lønsamt frå dag ein. Dessutan har vi dei som ser på kvotekjøp som ei investering, og som vil posisjonere seg for framtida.
For etablerte bruk med eit nedskrive drifsapparat er det ofte meir lønsamt å leige enn å kjøpa kvote. Husk at det er fullt skattefrådrag på leigeutgiftene, medan kjøp på kvote blir vurdert likt med kjøp av jord, altså utan skattefrådrag. Men ved å kjøpe har du sikra garden ein permanent ressurs og auka verditaksten på garden.

Eit verdipapir

– Kva tenker du om at mjølkekvote er blitt eit verdipapir?

Produksjonsretten er blitt ein verdi og jordbruket har fått ein ekstrakostnad. Ordninga er blitt kapitalkrevjande for næringa. Ein kan sjå på ordninga som eit økonomisk verkemiddel for å få nokon ut, og slik skaffa seg eit rom for rasjonalisering og strukturendring. Men mange ville nok slutta med mjølk uansett. Eg tvilar på om det ville vore betre å styrt etter forholdstal. Det vil legga eit lokk på utviklinga. I perioden 1983 til byrjinga på 2000 talet hadde vi ein lang periode med negativ strukturutvikling i mjølkeproduksjonen.

Ingen gode alternativ

– Kva alternativ ser du dagens ordning?

Ein kan tenke seg følgjande fire alternativ til dagens ordning:

  • Frislepp, som er situasjonen i EU.
  • Kyllingmodellen, med å ta mjølka ut av marknadsordninga og styre etter produksjonsavtalar.
  • Styring etter forholdstal, jfr perioden frå 1983 og utover.
  • Statleg forvalting av kvote og kvoteleige, med avtalt pris for kvote og leige. Staten formidlar kvote og leige etter gitte kriterium.

Eg vurderer ingen av desse ideane som gode alternativ til den ordninga vi har. Då må vi konkludera med at dei prisane vi ser i dag er det næringa vil betale for å ha kvoteordninga, avsluttar Svebestad.

(Saka held fram under biletet.)

– Den enkelte må gjera eit reknestykke og ta ei totalvurdering, seier Torfinn Nærland (t.v.) og Edvin Vestvik i Tine.

– Den enkelte må gjera eit reknestykke og ta ei totalvurdering, seier Torfinn Nærland (t.v.)
og Edvin Vestvik i Tine.

Tine – Må tenka individuelt

Vi har bedt Edvin Vestvik og Torfinn Nærland om ein kommentar til prisutviklinga for kvoteleige og kvotesal.

Ulik situasjon for ulike bruk

– Korleis er lønsemda i å kjøpe eller leige kvote?
– Den enkelte må gjere eit reknestykke for sitt bruk. Er dette lønsamt for meg? Her må ein ta ei totalvurdering av bygg, fôrgrunnlag og arbeidssituasjon.
Sjå på dekningsbidrag og totaløkonomi før og etter utviding av kvoten. Å nytta kvotekjøpet til å auka avdråtten for besetningar med middels avdrått er normalt lønsamt. Om kvoteauke fører til at ein må kutte ut kjøttproduksjon, blir situasjonen med ein gang meir samansett. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å vera stor. Vi ser at ny og effektiv teknologi er ein endringsdrivar. Den enkelte må tenke langsiktig og stille seg spørsmålet; vil eg vera med framover. Då må ein gjera ei strategisk vurdering i forhold til å posisjonere seg. Her er det bedriftsleiarrolla slår inn. Den enkelte må analysere sin situasjon.

 

Bondelaget er bekymra

– Vi synes det er beklageleg at det går så mykje pengar ut av næringa og at vi har ei ordning som bygger opp under den passive bonden, seier leiar i Rogaland Bondelag, Ole Andres Byrkjedal.
Byrkjedal peikar på auka kvotetak, auke i prosentdel for privat kvotesal og at myta om at størst er best er driverar for den prisutviklinga vi ser nå.
– Bondelaget er bekymra for og føl nøye med i utviklinga som skjer, seier bondelagsleiaren.

 

Mjølkekrise i EU

– Situasjonen for mjølkeprodusentane i Danmark er svært krevjande, fortel den dansken rådgivaren Niels Dybdahl.
– Situasjonen kan ikkje samanliknast med Norge. Overproduksjon i verdsmarknaden overskygger konsekvensen av frisepp av mjølkekvotane i EU. Eksporten frå Danmark til Russland og Kina har stoppa opp. Begge nasjonane bygger nå opp ein storstilt mjølkeproduksjon med besetningsstorleik på 10-100.000 kyr.
Til forskjell for Norge, har ikkje danskane toll og kvoteordning å møta mjølkekrisa med.
– Bøndene møter situasjonen med ytterlegare effektivisering, dei sluttar eller blir kjøpt opp, eller går konkurs. Vi har ingen vektøy utanom økonomien, fortel Dybdahl.

Stikkord denne saka: , ,