Dyrare: Svak kronekurs og høgare råvareprisar gjer at kraftfôrprisen går opp. Hjå FKRA har prisane auka med 10-11 øre per kilo sidan første mars. Foto: FKRA

FKRA-sjef Per Harald Vabø meiner det blir feil å spekulera i korleis prisutviklinga på kraftfôr blir framover. – Det einaste me veit nå, er at me ikkje veit. Importråvarene, som påverkar kraftfôrprisen, vil vera heilt avhengig av kronekursen framover, seier han.

Sjur Håland

Norske bønder opplever ei medgangsbølgje blant forbrukarar som ikkje lenger er skråsikre på at det til ei kvar tid vil vera fulle butikkhyller med matvarer. Dei same bøndene opplever samstundes stor usikkerheit med omsyn til kostnadssida og lønsemda i matproduksjonen. Særleg når det gjeld den største innsatsfaktoren på mange bruk, kraftfôret.
Kraftfôrprisen hjå FKRA har gått opp med 10–11 øre etter første mars. Vabø held fram at om prisløypa framover er usikker for importråvarer, er tilgangen til hovudingrediensen, norsk korn, sikra fram til neste kornår.

– Men at å importera til dømes maskinar og kraftfôrråvarer blir dyrare framover, særleg på grunn av den sterkt svekka norske krona, er det dessverre lite tvil om, seier Vabø.

Han reknar med at styresmaktene må på banen og kompensere dersom ei eventuell prisauke skulle gi store utslag på økonomien hjå bøndene. Vabø seier at mykje har endra seg i løpet av kort tid i kjølvatnet av pandemien. Oljeprisen har falt, økonomien er i ein resesjon og den norske krona har blitt svekka.

– I sum bidreg dette til at all norsk import frå utlandet blir dyrare, slår han fast.

– Kva kan me forventa framover når det gjeld prisutviklinga på kraftfôr?

– Størsteparten av våre råvarer er norsk korn. Der har me god tilgang med fastlagde prisar fram til neste kornår. Importen av protein, feitt, vitamin og mineral er avhengig av råvareprisane og den til ei kvar tid gjeldande valutasituasjon, seier Vabø.

Han meiner at om den norske krona for tida er ned kring 20 prosent i verdi, kan biletet endra seg i tida som kjem.

– Faktorar som oljepris, rentenivå og eventuelle støttekjøp av kroner av Norges Bank, vil spela inn, seier han.

Bartnes: Matvareprisane må opp

På spørsmål om det ikkje er innlysande at kostnadssida til norske bønder er i ferd med å auka, og korleis Norges Bondelag meiner ei slik kostnadsauke kan kompenserast, svarer leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, følgjande:

– Vi ser ei utvikling med auka kostnader på kraftfôr. Situasjonen fråviker normal utvikling grunna koronapandemien sin påverknad, prisar i råvaremarknaden internasjonalt og valutaeffekt.

Bartnes slår fast at bonden ikkje toler denne kostnaden på botnlinja si.

– Det betyr mellom anna at matvareprisene må auka framover. Det er avgjerande, ikkje minst i denne situasjonen, å sikre norsk matproduksjon, seier han.

Per Harald Vabø
Foto: FKRA

Lars Petter Bartnes

Kan spara kraftfôr med beite og gras

I vår kan du leggja grunnlaget for å dyrka best mogleg grovfôr for å spara kraftfôrkostnadar.

Det er stadig dei enkle og kjente metodane som gir best resultat  – saman med ein lagleg vekstsesong, som ingen kan gjera så mykje med.

– Framleis er det slik at grunnlaget for godt grovfôr ligg i eit godt attlegg. I grunnlaget ligg også at dreneringa er i orden og at pH-nivået i jorda er på rett nivå, seier Ole Arnfinn Røysland, rådgivar hjå NLR Rogaland.

Røysland held fram at om ein i tillegg greier å unngå jordpakking, ligg det meste til rette for å hausta godt grovfôr gjennom sommaren.

– Korrekt gjødsling er også viktig. Ikkje for lite, men heller ikkje for mykje, seier han.

Finna rett slåttetidspunkt

Rådgivaren peikar på at ein må vera medviten på kva kvalitet ein ønskjer å oppnå i grovfôret, og prøva å slå på rette tida.

– Kva hausteregime er rett å bruka for ein mjølkeprodusent med høg yting som vil erstatta kraftfôr med meir grovfôr?

– På dei gunstige plassane på Sør- Vestlandet er mitt generelle råd for å hausta energirikt, smakleg og lett fordøyeleg såkalla 0.90-grovfôr, å legga opp til tre slåttar med førsteslåtten ved begynnande skyting i månadsskiftet mai, juni. I høgareliggande område må ein sjølvsagt vente litt lenger. Så handlar det om å fortsetja med andre- og tredjeslåtten med fem til seks vekers mellomrom.

Ole Arnfinn Røysland

Utnytta beitet

Sommarmjølka blir godt betalt. Røysland peikar på at det er viktig å utnytta beiteressursane.

– God utnytting av beitet sparar kraftfôr. Å få dyra ut tidleg nok, slik at ein får med seg vårveksten er avgjerande for å utnytta beitepotensialet. Også her må gjødselplanen følgjast, og det er viktig å følgja med på beita gjennom vekstsesongen. Du må rett og slett bruka augo, seier han.

Dersom grovfôrarealet er ein avgrensande faktor på garden, minner Røysland om at det ikkje sikkert at det er rett å leggja om til eit slåtteregime som gir mindre avling i volum.

– Du må vita at du har nok grovfôr. Kjøper du i utgangspunktet grovfôr for å koma i mål med innefôringsstrategien, er det ikkje sikkert at det rette er å leggja om slåtteregimet, seier Røysland.

Stikkord denne saka: , ,