Bli med på kuutstilling: Marie vil gjerne bidra til at fleire får oppleve miljøet på kuutstilling og stiller seg til disposisjon med tips og råd for korleis du finn rette kua og førebur deg til utstilling.

Interessa for ku og mønstring har gitt Marie Hognestad Brådli (23) spennande opplevingar over heile verda. Landbruksvikaren kan ikkje tenkje seg eit liv utan ku og kalv. Ho bidreg gjerne med tips og råd til deg som vil stille ku på utstilling.

LIv Kristin Sola

Bondevennen møter Marie Hognestad Brådli hjå Timpelen Ku kor ho har fått låne kua Nehusta.

Marie vaks opp i byggefelt på Sola i Rogaland. Heilt sidan ho var med onkel Finn (Hognestad) i fjøset som lita jente, har ho mønstra kalv. S Seinare vart det ungdomsmønstring og mønstring av kyr på utstillingar i inn og utland.

 

Kalvar i Australia.

Budeie «downunder».

Kom deg ut i (ku)verda

Heile ungdomstida jobba ho som avløysar på ulike gardsbruk. Ho har erfaring både frå båsfjøs, mjølkegrav og robotfjøs. Marie er utdanna agronom, men skulle gjerne hatt eit fagbrev å skilte med.

– Ikkje alle agronomar har odel. Med eit fagbrev hadde eg stått sterkare når eg skal søke jobb, og det hadde tvunge fram meir praksis i utdanninga, trur Marie.

Utlandet lokka. Marie pakka fjøskleda og reiste til Australia, sjølvsagt til eit mjølkebruk. To veker med mønstring på øya Tasmania vart det også tid til.

– Reis, seier Marie. – Om det er til Danmark, Canada eller Australia – hopp i det. Du lærer så enormt mykje av å sjå korleis dei driv landbruk i andre land. Du lærer mykje om deg sjølv, og blir meir sjølvstendig. Du lærer språk og må takle nye utfordringar.

No er ho i full jobb som landbruksvikar i Hå.

– Eg stortrivst i jobben, og vil ikkje byte med nokon. Desse dyra fasinerer meg. Dei har så sterk personlegdom, seier Marie.

 

Lærerikt: Marie lærte mykje både om kyr og om seg sjølv, under opphaldet i Australia. 

Det skal så lite til

Marie har delteke i EM og i nordisk meisterskap i ungdomsmønstring. Fleire gonger har ho mønstra danske kyr under Landskuet i Danmark. Ho har vunne ungdomsmønstringa både på Jærmessa og på Dyrsku’n i Seljord. I fjor leidde ho kua som vart kåra til Miss Jæren. Kyr får ho låne på gardar ho har vore avløysar. Marie snakkar varmt om mønstringsmiljøet på Jæren. Kuutstillinga på Jærmessa er ein viktig del av livet. Berre ein gong sidan starten i 2005 har ho «skulka» – fordi ho var i Belgia på EM i ungdomsmønstring.

Sjølv om Marie har vunne mange konkurransar, held ho fram at det viktigaste ikkje er å vinne, men å vere ein del av miljøet og å vise fram landbruket til folk som ikkje er tett på.

– Eg gler meg like mykje til utstilling no som då eg var seks år. Eg forstår ikkje kvifor det ikkje er fleire som vil delta. Det skal så lite til, og me hjelper kvarandre undervegs, seier Marie.

Tilbyr hjelp til å trene ku

No tilbyr Marie si hjelp. Har du ei flott kvige eller ei eldre gromku som du gjerne skulle ha vist fram, men ikkje heilt veit korleis du skal sette i gang? Eller er du usikker på kva for ei ku du skal stille? Då kan du ta kontakt med Marie. Ring eller send ei melding på telefon eller facebook. Ho kjem gjerne innom for ein prat og kan hjelpe deg i gang med gode tips og råd.

– Eg har jo nokre ledige timar midt på dagen, mellom fjøsstella, seier Marie, og smiler med heile andletet.

– Og dette gjer du gratis på fritida?

– Ja, eg sa jo at eg brenn for dette. For Marie har kyr og kalvar blitt ein livsstil og ein leveveg, sjølv om ho er født utan gard. No har ho type med gard, og er stolt eigar av geitene Gunnar og Lisa.

Frå ungdomsmønstringa på Jærmessa i 2016, der Marie og Nehusta vann heile mønstringa. 

Volte

Lei med venstre hand

Bind hovudet høgt

Beina parallelt ved oppstilling

Nehusta 

Finn ei gild ku og gled deg til utstilling

Marie sine tips til å trene ku til utstilling og mønstring

Start tidleg, helst ein månad før utstilling, rett og slett fordi du får betre tid og unngår stress med mykje trening fram mot utstilling. Då blir både du og kua lei. Finn deg ei gild ku med eit harmonisk og fint eksteriør. Rett rygglinje, godt jur og gode bein er viktig. Litt hellande kryss
tek seg godt ut.

La ho gå med grime nokre timar dei første dagane, slik at ho vert van med å ha det på seg. På utstilling skal kua helst gå med hovudet løfta. Armen skal vere i posisjon med  nasen til kua, og nasen skal vere på linje med halerota. Rygglinja skal vere mest mogleg rett. Bind gjerne kua litt høgt i innreiinga nokre gonger slik at ho vert van med å løfte hovudet.

Tren to til tre gonger i veka og ikkje så lenge om gongen. Ikkje stram for mykje i grima, det stressar kua. Blir ho uroleg under trening kan du avleie ved å ta nokre voltar (gå i ring). Kua skal mønstrast med venstre hand i grima på kua si venstre side.

Eg gler meg like mykje til utsilling no som då eg var seks år, seier Marie.

Når du mønstrar skal du gå baklengs, men når dommaren gir signal om å stoppe, skal du stille kua i lukka stilling. Bakfoten som står mot dommaren skal vere lenger framme enn bakfoten som vender frå dommaren. Slik får du vist fram juret til kua best mogleg. Framføtene skal helst vere parallelle. Går dommaren over på andre sida av kua, skal du skifte posisjon. Dommaren skal alltid sjå kua i lukka stilling. Er kua langhåra kan ho klippast ei veke før utstilling. Klipp juret dagen før, men ikkje klipp halen. Ein god vask og ein fluffy halefrisyre imponerer  dommaren.

For mykje å tenke på?

Marie understrekar at fleire av desse råda er for spesielt interesserte og for dei som vil mønstre i ungdomsklassen. Å stille ku til tradisjonell kuutstilling kan vere ganske enkelt.

– Vil du ha ein gild dag er det viktigare at kua er roleg enn at ho er fin. At ho er rein er viktigare enn at ho klipt, men klipp gjerne juret. Det er eit pluss om du klarer stille kua slik at ho viser seg fint for dommaren, summerer Marie.

– Det viktigaste er å vere med å oppleve det flotte miljøet på utstilling.

 

 

Lyst til å stille kua di på utstilling? Marie tilbyr råd og hjelp. Om du strevar med å kome i gang er det berre å ta kontakt med denne erfarne mønstraren. 

Stikkord denne saka: , ,