• Tone, Kristine og Malin, alle tre frå Heddal, med kviger frå Heddal Samdrift.

 

Under ungdomsmønstringa er det viktig at mønstrar har god kontakt med kua. Mønstrar må også ha kontakt med dommaren og forstå dei signala som dommaren gir.

Liv Kristin Sola

Det var ti deltakarar i ungdomsklassa, frå 13 til 22 år. Ungdommane var ei god blanding frå Telemark og frå Rogaland. Kvigene og kyrne var av rasane Telemark, Tiroler Grauvieh, Jersey, NRF og Holstein.

Tett i toppen

Dommar Ester Ryen Tråen, brukte lang tid å å avgjera plasseringa mellom dei tre første plassane. Dei tre finalistane måtte bytta kyr fleire gonger, og dommaren måtte leita for å finna forskjellar. Ei litt stri og lei ku, gjorde jobben til Ellen Marie noko meir utfordrande enn for Anna Kirstina og Marie, noko dommaren merka seg. Dommar, Ester, understreka at det var svært små marginar som skilde dei to beste, men at ho til slutt kåra Marie Hognestad Brådli til vinnar.

Marie sitt år

2015 har vore eit hektisk, men eit år fullt av oppturar for Marie. På Dyrsku’n vart NRF-kua Nala, til Marie/Joa Melk, kåra til beste NRF, medan Holsteinkua deira fekk den høgste poengsummen som vart gitt denne dagen, uavhengig av klasse.

I juli vann nittenåringen NM i eksteriørbedømming av storfe, under landsstevnet til Norges Bygdeungdomslag. På Jærmessa stilte Marie med tre kyr, og mønstra alle sjølv i tre ulike klassar.

Marie mønstrar kyr som høyrer til besetninga hjå Joa Melk DA, på Sola.

 

 

Stikkord denne saka: , ,