• Tvillingane Maria og Mikkel (12) mønstra kvar si tvillingku i klassa for 1. kalvs NRF på Jærmessa i år.

Familien Skretting konkurrerte mest med seg sjølv under kuutstillinga på Jærmessa.

Liv Kristin Sola

Siste helga i august var det igjen fest i utstillingsteltet på Jærmessa på Varhaug, med ungdomsmønstring og kuutstilling på laurdagen, og kalvemønstring på søndagen.

Teltet vert fylt opp av kyr og bønder og ei litt spent stemning brer seg. Kyrne vert vaska etter transporten, og får den siste finpussen. Nystrokne skjorter heng langs teltduken. Dommarane er skjerpa. Stasband, premiar og staslege kubjøller ligg og ventar på dei finaste kyrne.

Ungdomsmønstring

Først ut er ungdommane. I mønstringsklassen er det korleis mønstraren handterer kua i ringen, som avgjer. Om dei leier og stiller kua rett, og har eit godt auge til dommaren. Dei tre mønstrarene fekk ingenting gratis frå kyrne denne dagen. Den som klarte utfordringa best, var Marie H. Brådli. Ein etterlengta siger for Marie. Ho har mønstra ku og kalv sidan ho var lita, men har aldri vunne ungdomsmønstringa på Jærmessa.

Kuutstilling

Kyrne var delt inn i ein klasse for Jersey, ein for Holstein og to for NRF (1.kalvskyr og eldre).

Miss Jæren

Inn i ringen kjem det seks kyr. Den beste 1. kalvskua og den beste eldre frå kvar rase. Dommarane frå raselaga vurdera og set opp si individuelle rekkefølgje. Dei får ikkje stemma på eigen rase. Med to 1-tal, både frå Holstein og Jersey, var det ingen tvil. 653 frå Skretting Ku vart suveren vinnar av tittelen Miss Jæren.

Gullkua

Ei viktig markering er å kåra den mest haldbare kua, ein siger som gir tittelen Årets Gullku. Fire kyr var påmeld i klassa. Til slutt var det Jerseykua Malena frå Kåre Sigurd Undheim, som stod att med høgast poengsum. Med åtte kalvar, høg avdrått og lågt celletal, vart ho umogleg å slå for dei yngre deltakarane i klassa. Malena er etter 27010 Q Hov og morfar er 136 Q Handix. Ho har gjennomsnittleg avdrått på 11.277 kg EKM. Eit imponerande celletal, med 77 som det høgaste geometriske middel gjennom ein laktasjon, snitt på 51.

 

Stikkord denne saka: , ,
Share This