Anna Kirstine Aarsland oppmodar alle ku-interesserte bønder om å melde seg på kuutstillinga på Varhaug søndag 26. august.

 

Sjølvsagt er det stas å vinne. Men skal me tru Anna Kirstine Aarsland, er miljøet rundt kuutstillinga på Jærmessa den viktigaste motivasjonsfaktoren for å delta.

Liv Kristin Sola

I desse dagar går det ut invitasjon til årets kuutstilling på Jærmessa på Varhaug. Tidspunktet for utstillinga er 26. august, men for bønder som kan tenke seg å vise fram gromkua, er det tid for å starte planlegginga no.

– Finn ei gild ku som går godt. Ikkje den mest dominante, men heller ikkje ei ku av lågast rang. Ei gild ku vil gi deg ei god oppleving i ringen, og du vil få lyst til å kome attende på utstilling, seier Anna Kirstine Aarsland optimistisk.

Finn ei gild ku

Anna Kirstine har lang erfaring med å mønstre kyr, både innanlands og i utlandet.

Den erfarne mønstraren tilrår å velje ei ku med godt lynne, sjølv om det ikkje er den kua som har best eksteriør. Ei god oppleving iringen er avgjerande, spesielt for yngre deltakarar og for dei som stiller ut for første gong.

– Eg plar sjå på kyrne når dei går på beite. Då kan eg sjå korleis dei beveger seg. Eit fint ganglag tek seg godt ut i ringen, seier Aarsland.

Kyr som er vane med å gå midt i flokken fungerer som regel best i ringen. Dominante kyr kan vere krevjande å mønstre. Det er ein fordel om kyrne er drektige, og dei må ikkje vere for langt ut i laktasjonen.

 

– Juret må ha gode fester. Pass på at bakspenane ikkje kryssar kvarandre.

– Kua må ha ein rett og solid rygg, hellande kryss og gode bein. I utlandet har dei meir merksemd på klauver av god kvalitet, der mørke klauver er å føretrekkje, seier Aarsland.

– Vel ei ku som er passe djup og ikkje for liten.

Bruk god tid

Start gjerne treninga to månader før utstillinga. Har du ei vrang ku, kan ho bindast til lesseapparatet på traktoren medan du rygger sakte for å få kua til å gå etter. Det beste er sjølvsagt å bruke dyr som har vore med på kalvemønstring. Dei er van med å gå i grime. Du gjer lurt i å trene ein stad der dyra plar gå og opphalde seg. Kyrne søker ofte attende til staden der dei vart trena.

– Kyr som går med hovudet opp er lettare å handtere i ringen. Eit tips er åbinde kua i lærgrime til innreiinga med hovudet litt høgt. La ho stå om lag 15 minutt om gongen, under oppsyn.

– Kyr som er klipt gir best inntrykk. Gjer kua van med å bli klipt, men spar haledusken. Den høyrer med på utstilling. Klippemaskin for hund fungerer best til bein, jur og hovud.

– Ein tommelfingerregel er å klippe kua tre månadar, tre veker og tre dagar før utstilling. Men som bønder veit me at tida ikkje alltid strekk til. Ofte endar me ofte opp med å klippe dyra berre ei gong før utstillinga, seier Aarsland.

Internasjonal erfaring

Velg ei ku som ei ein del av flokken, ikkje ei underdanig ku, men heller ikkje sjefskua.

25-åringen har mønstra sidan ho var åtte. Ho starta med kalvar, men gjekk raskt over på å mønstre kviger og kyr. Familien reiser årleg til Danmark for å delta på mønstring. To gonger har ho delteke i nordisk meisterskap og tre gonger har ho konkurrert i EM for ungdom i Belgia.

– Me kan lære mykje frå resten av Europa. I land som Sverige, Danmark, Sveits, Belgia, Storbritannia og Nederland, er utstillingar med eksteriørbedømming, besetningskonkurransar og avkomstgrupper big business. Høge livdyrprisar og ein aktiv livdyrmarknad gjer det viktig å vise til gode resultat på utstilling, seier Aarsland.

Må opplevast

Det er gratis transport av dyr for alle i Rogaland som ønskjer det. Aarsland oppmodar alle med interesse for kyr til å finne ei gild ku og melde seg på kuutstillinga på Jærmessa. Sjølv er ho mest oppteken av samhaldet blant utstillarane, på tvers av kurasane. Er du ny ku eller ei ku med ein dårleg dag, får du hjelp av dei andre bøndene. Skjorte, raseslips og mørk bukse er passande antrekk. Og gode sko, helst med vernetå, minner ho om. Det handlar ikkje om å vinne, men å oppleve miljøet i og utanfor ringen.

– Har du ikkje prøvd, veit du ikkje kva du går glipp av – miljøet, førebuingane og forventningane. Kjensla av å leie ei ku som går fint i ringen må berre opplevast, seier Anna Kirstine Aarsland.

Anna Kirstine i lag med broren Magnus og systera Ellen Marie. i 2016 vann dei både klassa for NRF og Jersey og stakk av med den høghengande Seljord-prisen under Dyrsku’n i Seljord.

Stikkord denne saka: , ,