Ein livbøye for distrikta: Nortura oppmodar bønder som no vil avvikle mjølkeproduksjonen til å vurderer å legge om til ammeku. – Når mjølka forsvinn frå distrikta kan ammakua bli viktig for å oppretthalde beitedrifta i mange områder, seier Siri Kvam Haugland. Foto: Jane Brit Sande

Mjølkebønder på Agder står i kø for å selje mjølkekvotane. – Eg er overraska over at så mange vurderer å slutte. No må me unngå ei utarming av distrikta, seier Siri Kvam Haugland i Nortura.

Liv Kristin Sola

Det var på veg heim etter eit fagmøte på Agder at realitetane for alvor gjekk opp for Haugland.

– Det verkar som om heile mjølkenæringa er i tenkeboksen. Alt er så usikkert, seier ho.

Korleis mjølkekartet vil sjå ut frå 2021 er per i dag uvisst. Men Haugland fryktar tomme driftsbygningar og svekka fagmiljø i bygdene. Ho ser at mange er i villreie om kva dei skal gjere; legge ned, leige vekk jorda, selje til unge idealistar – eller legge om til andre produksjonar. Haugland fryktar ei sentralisering av mjølkeproduksjonen og er uroa for at utviklinga vil brakklegge beiteareal i store områder i sør og i vest. Færre beitedyr vil på sikt utarme distrikta, meiner Haugland.

– Ei stor nedskalering av mjølkebruk vil også svekke fagmiljøet og dei sårbare lokale produksjonsmiljøa. Det gjer noko med mindre bygdesamfunn, seier ho.

Eit klimatiltak

Haugland oppmodar bøndene til å sjå på garden med nye auge og vurdere kva dei har av ressursar og moglegheiter. Ho håper og trur at ammekyr kan vere eit godt alternativ for mange av som no vil avvikle mjølkeproduksjonen. Det vil bidra til å hindre sentralisering, også for ammekuproduksjonen.

– Dette er også eit klimaspørsmål, understrekar ho.

– Skal me produsere mat i heile landet må me klare å halde beiteareal i drift og bruke areala der dei ligg. Det er god klimapolitikk, seier ho, og peiker på fleire klima- og miljøfordelar ved beiting (sjå boks).

Tilførselsleiaren er tydeleg på at å redusere produksjonen av raudt kjøt ikkje er vegen å gå, heller ikkje i klimasamanheng.

– Import er i alle fall ingen god klimapolitikk, slår ho fast.

Nortura sin jobb er å sørge for nok storfekjøt til å dekke det marknaden etterspør av kvalitet. Målet er ein jamn leveranse av ferskt storfekjøt til ei kvar tid. Ikkje for mykje, men heller ikkje for lite. Kunsten er å kome i balanse.

– Underdekning over tid gir oss svakare kort på handa i kampen mot avtalefesta import. Det må me unngå. Det volumet får me aldri att, seier Haugland.

Ditt val

Haugland oppmodar folk til ikkje å gi opp.

Siri Kvam Haugland, Nortura

Klimafordelar med beite

  • Karbondbinding i jord.
  • Eit ope og lyst kulturlandskap aukar refleksjon av solvarme attende til atmosfæren (albedoeffekten), og bidreg slik til å reduser oppvarming.
  • Viktig for biologisk mangfald. 685 ulike artar, 29 prosent av artane på raudlista, blir negativt påverka ved attgroing.
  • I tillegg er det opne kulturlandskapet viktig for lokalbefolkninga og for turistar.

– For mange kan det vere nyttig å stikke fingeren i jorda og sjå kva du har og korleis du best mogleg kan nytte jord, beite og bygningar. Ikkje gi opp før du har vurdert kva moglegheiter du har og korleis du eventuelt kan tilpasse drifta til ein annan produksjon, seier Haugland.

– Me er her for å hjelpe deg, legg ho til.

– Har Nortura tid, folk og kunnskap nok til å følgje opp?

– Ja, det skal me klare, lovar Haugland.

Ho oppmodar alle som tel på knappane, om å ta kontakt for ein prat. Nortura vil etter kvart også invitere til informasjonsmøte om kva som finst av moglegheiter.

Lite rom for nyetableringar

Sug etter angus: Det vil bli behov for meir angus i lang tid framover, trur Bengt Egil Elve. Foto: Jane Brit Sande

Sytti prosent av norsk storfekjøt kjem i dag frå mjølkebruk. Med færre mjølkekyr blir det behov for fleire ammekyr for å dekke etterspurnaden etter storfekjøt. Den auken håper Nortura vil kome hjå bønder som no vil avvikle mjølkeproduksjonen. Prognosane tilseier at det er lite rom for nyetableringar i ammekuproduksjonen. Men kjøtproduksjonen vil bli redusert som følgje av dei som nå sluttar med mjølk.

– Derfor ønskjer me at desse sterkt vurderer å gå over på ammeku, seier Bengt Egil Elve, fagansvarleg storfe i Nortura Vest.

Mindre mjølk meir ammeku

I september 2019 gjorde Nortura Totalmarked ei undersøking som viste at elleve prosent av dei spurte reknar med å avvikle mjølkeproduksjonen i løpet av komande treårsperiode. Av desse er det tjue prosent som ønsker å drive med ammeku. Av dei som vil halde fram som mjølkeprodusentar, er det fleire måtar å tilpasse seg eit redusert mjølkevolum. Somme vil redusere avdråtten og oppretthalde kutalet, medan andre vil oppretthalde ytinga og kompensere med fleire ammekyr.

– Undersøkinga tyder på at tal på ammekyr vil auke med 8500 som ein direkte følgje av at mjølkeproduksjonen skal ned og at me får færre mjølkekyr, seier Elve.

Innovasjon Norge gir i utgangspunktet ikkje lenger tilskot til nyetableringar i ammekuproduksjonen, men talet på 2500 kuplassar i nybygg som vart løyvd tilskot til i fjor, er rekna inn i prognosa.

– Slår prognosane til, vil det dekke behovet for storfekjøt fram mot 2025, seier Elve.

Bengt Egil Elve, Nortura

Sug etter Angus – og Urfe

Angus, som vert slakta hjå Nortura vert seld til Prima og ender i Meny-butikkane. No ønsker kjeda å tilby Angus i fleire av sine butikkar. Etterspurnaden er høgare enn slakteria klarer å levere. Elve meiner den lette kjøtferasen kan vere eit godt alternativ, spesielt for bønder md gode beiteressursar, og som vurderer å slutte med mjølk.

– Angus er kjent for å vere gode beitedyr, gode i terreng og med god tilvekst på beite. Dyra trivst også på fjellbeite, gjerne over 1000 meter, som det er mykje av på Vestlandet, seier Elve.

Nortura merkar auka etterspurnad også etter kjøt frå dei gamle norske storferasane. Dette kjøtet går under merkevaren Urfe, og vert seld til storkjøken og restaurantar.

– Med tilskot til dokumentert reinrasa dyr og god klasse på slaktet, kan du oppnå god økonomi ved å satse på Urfe. Samstundes har dei ein overkommeleg livdyrpris, seier Elve.

Stikkord denne saka: , ,