Kjent for sin intelligens: Leiarsauen var mest utrydda før islendingane fann ut kva for unike eigenskapar denne sauen hadde. I dag er leiarsauen ein eigen rase – og bondens gode hjelpar. Foto: The Icelandic Leadersheep Centre.

– Har du ein god hund, ein dyktig hest og ein smart leiarsau, då kan du gjere alt med saueflokken din, seier Daniel Hansen.

Liv Kristin Sola

Daniel Hansen frå Island leiar eit kombinert informasjonssenter og museum for den islandske leiarsauen (Forystufé). Hansen er en del av nettverket North Atlantic Native Sheep and Wool, og var invitert til konferansen for å fortelje om sauehaldet på øya, og spesielt om leiarsauen. 

Island har 360.000 innbyggjarar og 480.000 vinterfôra sauer. Rundt rekna står kjøtproduksjon for 80 prosent av bøndene si inntekt. 15 prosent kjem frå ull, og resten er skinn og andre biprodukt. I tillegg har bøndene på øya gjort sauesankinga til ei inntektskjelde, der turistane betaler for å sitte på hesteryggen og drive med sankinga. 

Island er kjende for å bruke heile sauen og Hansen hadde med seg garn, strikka genserar, horn, og knappar frå bein og horn, til sals.

Daniel Hansen, leiar av Leiarsau-senteret på Island.

Leiarsauen

Leiarsauen er ikkje avla for kjøt eller ull, men for intelligens. Dei er vanlegvis brune, grå og svarte med kvite striper. Dei er tynne og langbeint og har lengre hals og eit alltid søkande blikk. Dei finn dei beste tråkka og leier flokken til gode beiter. Leiarsauen sansar fare og vêrskifte, og mister ikkje lam på beite.

– Når leiarsauen bringer flokken sin heim, veit bonden at det er dårleg vêr i vente. Det slår ikkje feil, seier Hansen. 

Ein leiarsau kan introduserast i ein framand flokk, og ta kommandoen. Leiarsauen har kontroll på flokken. Om ein sau ikkje innordnar seg, kan eit tydeleg blikk frå leiarsauen få orden i rekkene att. Dei er lette å trene og dei veit kva rolle bonden skal ha og kva rolle dei sjølve har. Dei er sterke individ og treng litt større
plass i fjøset enn resten av flokken.

Eksklusivt kjøt

Rasen er mindre kjøtsett og har mest ikkje fett. Kjøtet var rekna for verdilaust, men Hansen har klart å gjere kjøt frå leiarsauen til eksklusiv vare. Han betaler bonden tre gonger meir per kilo kjøt når det er leiarsau – fordi det smakar godt og er lite i volum.

Også ull frå leiarsauen har tradisjonelt berre vore kasta. Men for få år sidan starta Hansen eit prosjekt kor han samla ein del av denne ulla. Ulla sende han over havet til det vesle spinneriet Telespinn i Telemark. Resultatet vart så bra at dei i dag har etablert spinneri på øya og tek vare på ulla frå dei farga sauene. Hansen kjøper ull direkte frå bønder. Noko vert spunne for hand, noko maskinelt.

Frå å vere avfallsproblem er både kjøt og ull frå denne spesielle sauen blitt eksklusive varer som vert seld til høg pris.

Utan sidestykke

Det er ingen andre kjende rasar i verda som har eigenskapar som den islandske leiarsauen. Den kom opphaveleg frå Norge, men er truleg utrydda her i landet. 

For 20 år sidan var rasen kritisk trua også på Island, med berre 500 individ att, alle nordaust i landet. Men bøndene oppdaga dei spesielle eigenskapane til sauen og fekk berga rasen. No er den å finne over heile landet. Leiarsauene kan bli gamle, ofte over 15 år. Det er vanleg å ha to til tre av dei i flokken. Når den  eldste vert gammal trekkjer den seg unna og let yngre krefter sleppe til. Slik er rangen. 

Hansen får ofte besøk av erfarne bønder som fortel si historie om leiarsauen.

– Dei snakkar om han eller ho, ikkje om den, seier Hansen.

Dei opplever at folk som ikkje har sett korleis leiarsauen fungerer, ofte har vanskeleg for å tru på det dei høyrer.

– Har du ein genser laga av ull frå islandsk leiarsau, vil du alltid finne vegen heim, seier Hansen.

Stikkord denne saka: , ,