Skuleelevar i dag, sauebønder i morgon?: Anthony Strømstad Vassbø (t.v.) og Tollef Øksnevad har begge vakse opp på gardar med sau. Tollef skal etter planen ta over sauehaldet heime på nyåret. Anthony vil vere bonde, men har ikkje odel. Han håpar at han kan kjøpa gard ein dag.

– Me er veldig interesserte i sau, og då er det minste føre å skriva om det, seier Tollef Øksnevad. Saman med Anthony Strømstad Vassbø skreiv han årets beste saueoppgåve til Husdyrtreff 2022.

Jane Brit Sande

– Me visste at me hadde skrive ei god oppgåve, men me vart overraska då me fekk vite at me vant, seier Tollef Øksnevad til Bondevennen.

Tollef og Anthony Strømstad Vassbø er elevar i tredje klasse på Øksnevad vidaregåande skule. I vår deltok dei i tevlinga Husdyrtreff 2022 (sjå eigen boks). Oppgåva dei skreiv gjorde dei til landsvinnarar på sau.
Dei har skrive ei omfattande oppgåve der dei skulle analysere sauekontrollutskriftene til ei drift på Austlandet, gi ei tilbakemelding på drifta, analysere grovfôranalysar og anbefala når dei ulike grovfôrslaga skulle brukast gjennom vinteren og våren, og ei tradisjonell oppgåve med refleksjon kring Nortura si rolle som samvirke og marknadsregulator.

– Oppgåvesvaret syner at det er to elevar med mykje god praktisk kunnskap, som vart årets velfortente vinnarar av Husdyrtreff på sau i 2022, skriv Nortura i si pressmelding.

Ferdig til lemming

Tollef og Anthony hadde eit ekstra press på seg for å fullføra og senda inn oppgåva.

– Me måtte vere ferdige til lemminga starta. Det er ikkje så mykje tid til skulearbeid desse vekene, seier Anthony.

Heldigvis var ikkje akkurat dét eit problem.

– Me er veldig interesserte i sau, og då er det minste føre å skriva om det, seier Tollef.

Dei brukte tida og hjelparane godt. Stian Espedal, rådgivar småfe i Nortura, har gitt dei god kunnskap om samvirket si rolle. Lærar Rønnaug Haugland, hjelpte dei med tolking av grovfôrprøvane.

– Det var mykje å ta tak i på bruket i oppgåva, så me måtte velje kva dei skulle ta tak i først. Dei hadde tynne og tomme sauer, for eksempel, seier Anthony.

– Me skreiv om snyltarbehandling, hald, og fôring før paring, blant anna, seier Tollef.

– Råd om kva me ville gjort sjølve, ganske enkelt, seier Anthony.

Husdyrtreff 2022

Husdyrtreff er ei tevling laga for landbruksskular i heile landet, og vart første gong arrangert i 1981/82. Tine, Nortura, Norsvin, Geno og Tyr står bak tevlinga.
Gjennom Husdyrtreff får Landbruksskulane tilbod om oppgåver, fagstoff og fagforedrag frå Husdyrtreff-organisasjonane.
14 skular og om lag 200 elevar var påmeldt på årets husdyrtreff-tevling.
Dei beste oppgåvesvara blir sendt inn til evaluering og vinnarkåring. 15 av oppgåvesvara var på mjølkeproduksjon (2 av desse frå vaksenagronomar), 9 på storfekjøtproduksjon, 11 på saueproduksjon (3 av desse frå vaksenagronomar), 5 på fjørfeproduksjon og 4 på svineproduksjon.

Årets vinnarar:

Storfekjøt: Johannes Tjelmeland, Solrun Kopperud og Torbjørn Fladby-Karterud, Tomb vidaregåande skule, Viken

Svineproduksjon: Gjertrud Grytnes og Louise Mathisen, Tomb vidaregåande skule, Viken

Mjølkeproduksjon: Mari Brevad Lien, Jens Erik Volden, Sivert Husom og Petter Godtland Røe, Storsteigen vidaregåande skule, Innlandet

Fjørfeproduksjon: Amalie Løchting- Engen, Jakob Finstad Vold, Kristiane Arnseth Dobloug og Magnus Dale, Jønsberg vidaregåande skule, Innlandet

Sau: Anthony Strømstad Vassbø og Tollef Øksnevad, Øksnevad vidaregåande skule, Rogaland  

Stikkord denne saka: , , ,