BN+

Karbonlagring: Planter med djupe rotsystem kan bidra til å auke karbonlagringa i jordbruksjord. NIBIO-rapporten slår fast at det så langt er for lite data til å talfesta effekten. – Forskingsbehovet er stort, blir det slått fast.


Fangvekstar i opne åkrar, biokol og beitevekstar med djupe røter, er blant potensiala for auka karbonlagring i norsk jordbruksjord, i følgje ny rapport. Men for å måla effektane av ulike tiltak, trengs meir forsking og tid.


Sjur Håland


I Parisavtalen frå 2015 er auke i karbonbinding i jord føreslege som ei viktig storskalaløysing for å motverke klimaendringane – det såkalla «4-promille initiativet». Dokumentet peikar på at om alle land greidde å auka karbonbindinga til jord med 0,4 prosent årleg, ville det hindre vidare auke i CO2 i atmosfæren relatert til menneskelege aktiviteter.

Beskjeden verktøykasse

NIBIO har i ein nyleg publisert rapporten Muligheter og utfordringer for økt karbonbinding i jordbruksjord på oppdrag frå Styret for forskingsmiddel over jordbruksavtalen. Rapporten omhandlar eit breitt spekter av moglegheiter for karbonbinding i jorda. Anbefalingane er knytt til dei metodane som gir ei sikker utteljing i form av karbonlagring. Dei elleve forfattarane konkluderer i samandraget at resultatet er ein relativt beskjeden verktøykasse, noko som dei held fram også er tilfelle internasjonalt, inkludert land som ligg i front på området.
Daniel Rasse er ein av forskarane bak rapporten. Rasse er avdelingsleiar i Divisjon for miljø og naturressursar, jordkvalitet og klima, med kontor hjå NIBIO på Ås. Det har blitt gitt ut fleire rapportar om karbon i jord og i myr. Føresetnaden for denne rapporten er den dyrka jorda og myra som alt er i bruk og, at produksjonen av mat, gjennom til dømes korn og gras, er som nå.

Arealbruk som nå

– Går ein frå å leggja om kornarealet til gras, vil mykje karbon bindast, men vi har sett på moglegheitene for auka karbonbinding ut frå arealbruken slik han er i dag, seier Rasse.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,