BN+

Fortsatt ønska, eller kroken på døra?: Det må stor politisk vilje til for å nå målet om at all mjølk skal produserast i lausdriftsfjøs frå 2034, samstundes som vi skal oppretthalde mjølkeproduksjon i heile landet.


Tysdag 31. mars var siste frist for å melde mjølkekvote for sal gjennom den statlege oppkjøpsordninga. Førti millionar liter skal vekk, medan 604 bønder har meldt inn totalt 52 millionar liter for sal.


Liv Kristin Sola


Som ein konsekvens av at Jarlsbergeksporten skal fasast ut, skal mjølkevolumet ned med rundt 100 millionar liter. I oktober i fjor vart Bondelaget og staten samd om ei ekstraordinær statleg oppkjøpsrunde for eit volum på 40 millionar liter. Bønder som melder kvoten for sal kan selje heile eller delar av kvoten. Minst 80 prosent av salsvolumet må seljast til staten til ein gitt pris.

Mange vil selje mjølkekvoten

Førstemann til mølla-prinsippet gjorde at bønder kasta seg over tastaturet då påmeldinga opna rett over nyttår. Enkelte regionar var overfylt allereie etter eit par veker.
Søknadane vert handsama fortløpande, men truleg vil det gå enda ein månad før det er klart kven som får selje og kven som melde seg for seint. Det stadfestar seksjonssjef Olav Sandlund i Landbruksdirektoratet.
Sandlund minner om den overordna politiske målsettinga om eit aktivt landbruk og produksjon i heile landet. Nettopp det er grunnen til at avsett mengd til oppkjøp er prosentvis like stor i kvar region.


– Tala viser kor skeivt dette kunne blitt dersom vi ikkje hadde desse regionane, seier Sandlund.


Volumet som er meldt inn for sal er det volumet kvar enkelt har ønska å selje til staten, inntil 100 prosent av kvoten. Inntil 20 prosent av dei resterande litrane kan seljast privat.


– Sjølv om prisen har prøvd å spegla marknadsverdien, er det mogleg at den fastsette kvoteprisen i enkelte område vert vurdert som gunstig i somme område, og mindre gunstig i andre regionar, seier Sandlund.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,