Nøgde: Cecilie Bjørlo og Askild Eggebø trur forholdet mellom bønder i sør og vest har blitt betre. Foto tatt av Olav Håland

– Aukande optimisme i melkeproduksjonen er det me tek med oss frå 2016, seier Askild Eggebø, styremedlem i Tine SA.

Bothild Å. Nordsletten

Cecilie Bjørlo og Askild Eggebø, både styremedlemmar i Tine SA og medlemmar av eigarutvalet i Tine Sør-Vest, ser attende på eit godt fjorår.
– Me har levert tredjekvartalsresultat som er på line med tala frå 2015, seier Eggebø.
– Ingenting tilseier at resten av året skal koma dårlegare ut. Me har hatt utfordringar knytt til eksport av pulver grunna lågare prisar på verdsmarknaden, men så har prisutjamningsordninga hatt positive utfall for salet av yoghurt. Eg vonar dette er eit tiltak me skal få meir ut av ettersom me får frigjort eit stort volum mjølk gitt nedskaleringa av eksporten fram mot avvikling av eksporttilskotet i 2020.
Eggebø meiner optimismen i næringa er stigande.
– Produsentane blir færre, men kanskje er det ein større del av dei som blir med vidare som er villege til å satsa, spør han retorisk.
Kva er de mest nøgd med i 2016?
– Søtmjølkssatsinga vår, svarar Bjørlo.
– Søtmjølksforbruket har gått ned dei siste åra, men så satsa Tine kraftig og i 2016 gjekk pila forsiktig opp. Det er me veldig nøgde med.
Eggebø held fram anlegget i Kviamarka i Hå kommune.
– Det går veldig godt. Me har no større produksjon og me har tatt inn eit større volum enn det som var planlagt då me bygde anlegget.

Skryt og honnør

Dei to er opptatt av å hedra dei som heidrast skal. Eggebø er svært nøgd med dei tilsette på meieria.
– Tine har dei to siste åra hatt ein prosess for auka rasjonalisering og effektivisering gjennom det såkalla Styrk-prosjektet. Mange tilsette har vore i omstilling. Me er imponert over måten dei har takla prosessen på. Dei står på, er engasjerte og gjer ein svært god jobb, skryt Eggebø.
– Og så må me ikkje gløyma mjølkeprodusentane, seier Bjørlo.
– All honnør til dei. Mjølkeprodusentane i Tine leverer framleis mjølk av svært god kvalitet, noko som gjer at Tine kan produsera gode produkt.
Eggebø held også fram dei mange gode ambassadørane i samvirket.
– Me har engasjert ambassadørar som framsnakkar Tine og norsk landbruk overfor politikarar og samfunnet rundt. Eg trur det er stadig fleire som er stolte over det den norske matvareindustrien faktisk får til. Eg trur også stadig fleire blir merksame på kor mykje næringa tyder lokalt, for verdiskaping og for levande bygder.

Utfordringane

Kva har vore vanskeleg det siste året?
– For mykje mjølk i forhold til salet, slår Eggebø fast.
– Det har ført til lagerbygging i 2015- og 16, både av ost, feittprodukt og pulver. Produksjonsstyring i denne perioden har vore krevjande. Så har me lagt om frå to til tredagarshenting i regionen. Det har ført til utfordringar for somme produsentar. Ein del har mått gjera investeringar for å få større tankar, forklarar Eggebø. Han meiner Tine har kome i mål på ein god måte.

Uroa for geita

Dei to meiner 2017 ser lovande ut for Tine, men at den nye landbruksmeldinga gir grunn til uro, særleg kva gjeld geita.
– Me har område i regionen med monaleg geitehald. Tine har spelt inn til styresmaktene at me ikkje ser grunn til å ta vekk marknadsreguleringsordninga for geitemjølk, slik meldinga føreslår, fortel Eggebø.
– Men det kan vera fornuftig med ei frivillig avgrensa oppkjøpsordning for å kunna ta ned volumet på geitemjølk. Me har nok meir mjølk enn det er marknadsbehov for no. Me i Tine fryktar at det blir ei styrt oppkjøpsordning, der styresmaktene avgjer kva område ein skal ha geit i og ikkje.

Mindre avstand

Eit nytt år gir høve til refleksjon over endringane som har skjedd dei siste åra. Etter ei avgjerd på årsmøtet i 2015 blei to Tine-regionar til eitt eigarområde: Tine Sør-Vest. Bjørlo og Eggebø vedgår at det har vore ein omdiskutert prosess, men at det har enda godt.
– Målet var å få til ein meir effektiv medlemsorganisasjon og å satsa meir på produsentlaga. Me ville ha kortare line mellom dei og konsernleiinga. Det har me i stor grad oppnådd, men nokre utfordringar står att med omsyn til kven som tek seg av samfunnsarbeidsjobben på fylkesnivå, seier Eggebø.
Bjørlo frå Nordfjordeid og Eggebø frå Finnøy trur regionssamanslåinga har betra forholdet mellom bøndene i sør og vest.
– Gamle Tine Vest var nok skeptiske til samanslåing med Rogaland og Agder, som var langt unna, med store skilnadar i produksjonsstorleik og klima, seier Bjørlo.
– Men eigarutvalet og produsentlaga sine tillitsvalde bestemte seg for å lukkast. No møtest melkeprodusentar og tillitsvalde frå alle fem fylke jamleg. Ein innser at ein har mykje til felles og at ein lyt samarbeida når ein eig det same selskapet.

Stikkord denne saka: , ,