• Brørne Martin (7) og Fredrik (5) på Kydland var med på mønstringa for første gong.

I Gjesdal transporterer dei heller dommarar, enn barn og kalvar. Då vert det mønstring i eige tun.

Liv Kristin Sola

Kalvemønstring på eigen gard vart arrangert for tredje gong i kommunen. Denne gongen hadde Tine Gjesdal Produsentlag fått med seg Gjesdal Bondelag då dei inviterte til kalvemønstring.

Hermund Lende og Reidar Eilev Time, er pensjonerte inseminørar og bønder. Dei er hyra inn som dommarar på kalvemønstringa, og reiser frå gard til gard etter ei oppsett rute, etter same prinsipp som under vandreutstilling for kyr.

Dei erfarne dommarane har eit godt auge for kven som har lagt ned arbeid i å velga ut ein triveleg kalv, og brukt tid med kalven i forkant.

Treningssamling

Nokre veker før sjølve mønstringa, var barna samla til ei «treningssamling», kor dei fekk gode tips og råd om korleis dei skal mønstra kalv.

Mange hadde trena mykje, andre litt mindre. Nokre kalvar hadde ein god dag, andre vart kan hende litt distrahert av sola som viste seg for første gong på fleire veker.

Låg terskel

Terskelen for å mønstra kalv heime på garden vert lågare, både for dei som skal mønstra, og for foreldra som slepp å køyra kalvar og barn til mønstringsplass. Fleire hadde invitert med seg vener og lånt ut kalvar, slik at fleire kunne mønstra på same gard.

Det sosiale er godt teke i vare, ved at heile familiane samlast på Bygdahuset same kvelden. Alle mønstrarane vert presentert med bilete og kommentarar frå dommarane. Servering av pizza og juice, og utdeling av Geno-krus og sløyfer til alle som mønstra, og premiar i ulike kategoriar.

 

Stikkord denne saka: , ,