Drygt 14 dagar på overtid, 16. oktober, vart staten og Norges Bondelag samde om korleis nedskaleringa av kring 100 millionar mjølkeliter skal gå føre seg.

Sjur Håland og Liv Kristin Sola

Det skal gjennomførast eit ekstraordinært oppkjøp av produksjonskvotar på 40 millionar liter. I finansieringa av dette, blar staten opp 200 millionar kroner, som blir belasta over statsbudsjettet for 2021. Mjølkeprodusentane bidreg med reduksjon av forholdstalet på mjølkekvotane og auke i omsetningsavgifta.

Positive signal

Arthur Salte, mjølkeprodusent på Salte i Klepp kommune, held fram signala i avtaleteksten, og omtalar dei som positive.

– Skuta blir likevel ikkje snudd på ein månad, men det at partane vil bruka prisutjamningsmidlarmidlar på å styrke konkurranseevna til den norske mjølka er utruleg bra, seier han.

Innmelding av kvote for sal skjer i løpet av maks tre månadar frå 1. januar 2020. I kvar region held ordninga fram til det fastsette oppkjøpsvolumet er nådd etter først til mølla-prinsippet. Salte omtalar kvoteordninga som både unik og fenomenal for det norske distriktslandbruket.

– Avtalen om nedskalering tar omsyn til den eksisterande mjølkeproduksjonen i dei ulike regionane, det er utruleg viktig, held han fram.

At prisane på mjølkelitrane som staten skal kjøpa er delt inn i fire soner og synast å vera konkurransedyktige, er eit anna positivt signal som Salte trekkjer fram. I Rogaland blir prisen selt til staten, 15,50 kroner per liter.

– Folk som tenkjer på å selja, vil faktisk vurdere å gjera nettopp det, med prisnivået som ligg til grunn, seier han.

Arthur Salte

Passe nøgd

– I sum må me mjølkeprodusentar vera passe nøgde med forhandlingsresultatet, seier Asgeir Pollestad, mjølkebonde i Hå kommune, medlem i Rådet og varamedlem til styret i Tine.

Om Pollestad seier at det var godt å konstatere at Norges Bondelag og staten vart samde om ei ordning for nedskalering av mjølkekvotane, understrekar han at det ikkje betyr at alle har fått innfridd sine ønskje og mål.

– Me mjølkeprodusentar ville nok hatt enda meir pengar frå staten, og kanskje gjort andre eller fleire grep med kvoteordninga. Men om eg skal løfta blikket litt og sjå heilskapen, er eg nøgd med løysinga som kom, og at staten la 200 millionar kroner på bordet.

Pollestad les haldningane i avtaleteksten som positive, og ser at det også frå staten si side er vilje til å finna løysingar. I avtalen heiter det mellom anna at: «Partene mener frigjorte midler bør benyttes til å styrke konkurranseevnen for norsk melk på hjemmememarkedet gjennom endringer i de øvrige prisgruppene».

– Dei midlane som nå blir frigjort i prisutjamningsordninga, kring 70 millionar kroner i året, skal brukast til å styrka konkurransekrafta til den norske mjølka i eigen marknad. Å ha den teksten med i avtalen, er viktig. Midlane vil hjelpa oss framover. Men me må sjølvsagt leggja oss hardt i selen for å greia å utnytta moglegheitene best mogleg, både i marknaden og på eigne bruk, understrekar Pollestad.

Asgeir Pollestad

Viktig å få staten med

– Ut frå det handlingsrommet vi hadde, som i utgangspunktet var litt låst, er eg nøgd med at vi fekk staten til å bidra litt økonomisk. Det var ein sterk jobb. Det aller viktigaste er å dempe det økonomiske tapet , spesielt for dei med svak økonomi.

– Små bruk vart ikkje skåna.

– Nei, me er alle i same båt her. Det kan vere mange årsakar til å skåne enkelte grupper. Difor meiner eg at det var prinsippielt rett å ikkje gå inn for ei slik løysing.

– Bondelaget sitt ønske om å redusere grunnkvote vart endra til å redusere forholdstal. Kva meiner du om det?

– Eit grep på grunnkvoten på éin til tre prosent hadde vore eit betre løysing for oss aktive bønder. Det gjekk ikkje staten med på. Det hadde vore rett at dei som leiger ut kvote også er med å bidreg i nedskaleringa. Det fekk vi ikkje til. Aktive mjølkeprodusentar som er redd for å tape grunnkvote trur eg overvurderer verdien av kvoten og tenker ikkje breitt nok. Det er noko rart ved å vere kritisk til ei ordning der det berre er dei aktive som må bidra i nedskaleringa. Viser det seg at vi ikkje lukkast med ukjøpsordninga, at ikkje nok bønder vil selje, må dette spørsmålet igjen på banen.

Anders Felde

– Rett å avslutte forhandlingane

– Vi var tydelege i våre krav gjennom heile prosessen og strakk oss så lang vi kunne i forhandlingane med Bondelaget, i forhold til våre ønsker og mandat. Når då staten, med landbruksminister fra KrF, tok knekken på dei få gjennomslaga vi hadde fått i ei så viktig og krevjande sak, då var det ingenting att for oss, seier leier i Bonde- og småbrukarlaget, Kjersti Hoff, til Bondevennen.

Bonde- og småbrukarlaget gjekk inn for å skjerme dei første 100.000 litrane på kvart bruk. Etter forhandlingar med Bondelaget i forkant av møtet med staten, vart kravet redusert til å gjelde dei første 30.000 litrane. Dei to organisasjonane var i tillegg samde om å tydeleggjere behovet for å satse på 15 til 30 kyrs bruk ved sal av kvoteliter frå staten etter 2022. I staten sitt tilbod til landbruket, var begge desse formuleringane fjerna.

– Då var det rett av oss å avslutte. For oss handlar det om å gje eit signal gjennom alt som vert gjort, i alle forhandlingar, dokument og protokollar, at vi er avhengig av dei små og mellomstore bruka, dei er ønska og må motiverast til å vere med vidare. Det er desse gardane som har eit dyretal som er tilpassa grovfôrgrunnlaget, og kan utnytte gras- og beiteressursane der dei er, spreidd rundt om i landet vårt, seier Hoff.

I sluttprotokollen frå forhandlingane med staten er signalet om struktur derimot plassert til jordbruksforhandlingane, gjennom å vise til at politikk og struktur skal takast gjennom jordbruksavtalen.

Kjersti Hoff

Burde kutta grunnkvoten

Andreas Lundegård er rekneskapsførar og bonde på Haugalandet, med base i Skjold. Han held eit tett auge på landbruket i regionen, og skulle gjerne sett at det også vart kutta i grunnkvotane når reduksjonsgrepa først måtte gjennomførast.

– Slik avtalen har blitt, blir reduksjonen lagt på dei aktive mjølkebøndene. Grunnkvotane er ikkje rørt. Eg veit at det er ulike meiningar om dette, også blant våre kundar, men fakta er at dei som leiger ut kvotane, kan halda fram med å leiga ut til 1,50-1,60 kroner literen medan den aktive leigaren må redusera ned forholdstalet og betala meir i omsetningsavgift. Det er uheldig, slik eg ser det.

Oppkjøpsordninga til staten er ekstraordinær. Innmeldinga skal gjennomførast i løpet av tre månadar frå nyttår av.

– Det betyr at dei som leiger ut kvote, som kunne tenkje seg å selja, ikkje nødvendigvis kjem seg ut av avtalen, om eg har oppfatta dette rett. Dermed blir det dei aktive bøndene med små kvotar som blir kjøpte ut. Det blir snakka om å prioritera dei små bruka, men det er desse som i realiteten kjem til å selja kvotane, fryktar eg.

– Korleis vil ordninga slå ut for dei mjølkeprodusentane du fører rekneskap for?

– Førebels famlar me litt i blinde med nivået på omsetningsavgifta og forholdstal. Det vil truleg likevel vera mest lønsamt for dei som alt har bygd seg opp å leiga seg meir kvote for å utnytta produksjonskapasiteten som fell vekk. Roboten kostar det same. Å skalera ned produksjonen eller erstatta mjølkekyr med til dømes ammekyr er ikkje eit lønsamt alternativ i slike tilfelle.

Lundegård er spent på nivået på omsetningsavgifta.

– Får me ein periode med omsetningsavgift på 50 øre og kvotereduskjon, kan det i verste fall vippa i feil retning for dei som allereie så vidt held balansen etter dei to ringe fôråra, seier han.

Andreas Lundegård

Stikkord denne saka: , ,