BN+

Lov og tilsyn: Konfliktnivået mellom aktørane i daglegvarebransjen skal reduserast med ny lov om god handelsskikk. Regjeringa føreslår eit daglegvaretilsyn som skal handheva lova. Illustrasjonsbilete Bothild Å. Nordsletten, Bondevennen.


Åtte år etter Steensnæs-utvalet sine kritiske merknadar til maktkonsentrasjonane i matvarekjedene, ser det ut til at lova om god handelsskikk blir politisk behandla. – På høg tid, seier Hildegunn Gjengedal i Norges Bondelag.


Sjur Håland


Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen fast i ei pressemelding, og synar også til at forretningskulturen kan føra til uklare kontraktar som kan utnyttast til einsidige endringar av forpliktingar.
Lovforslaget er basert på Daglegvarelovutvalet si utgreiing frå 2013, som i si tid var ute på høyring. Utgangspunkt for det heile var det såkalla Steensnæsutvalet sin rapport frå 2011, Mat, makt og avmakt. På grunn av det lange tidsintervallet, sender nå regjeringa forslaget ut på ei ny, forkorta høyring med frist 7. juni. Planen er at endeleg lovforslag skal fremjast for Stortinget hausten 2019.

Fryktkultur

Hildegunn Gjengedal er seniorrådgjevar i Norges Bondelag. Ho har følgt saka i ei årrekkje.


– Vi i Norges Bondelag har engasjert oss sidan før Steensnæs-utvalet kom på banen med kritikk av korleis verdikjeda for mat fungerer. Då Daglegvareutvalet sitt høyringsutkast kom med konkrete lovforslag i 2013, slo også dei fast at forhandlingane mellom daglegvarekjedene og deira leverandørar er eit lukka og uføreseieleg system, kor frykt er blant ingrediensane, som det er vanskeleg i få innsyn i. Dermed har behovet for opprydding og friskmelding av verdikjeda for mat blitt stadfesta i to ulike offentlege utval, seier ho.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,
Share This