Bør dempe satsinga: Tollsatsane har denne våren vore regulert ned i korte periodar for å motverke import til redusert tollsats, i dei periodane kor det er full dekning av norsk slakt. Direktør for Totalmarked ber næringa dempe satsinga på ammekyr for å unngå overproduksjon. Illustrasjonsfoto.

Talet på ammekyr har auka med ti prosent frå i fjor, medan tal på mjølkekyr er redusert med ein prosent, viser nye tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Direktør for Totalmarked ber næringa dempe satsinga på ammekyr for å unngå overproduksjon.

Liv Kristin Sola

Ein fersk rapport frå SSB viser at tal på ammekyr har auka med ti prosent, frå 83.000 kyr i 2017 til dryge 91.000 i år.
På same tid er tal på mjølkekyr redusert med 2000 kyr, frå 221.000 til 219.000, ein reduksjon på ein prosent.
Første mars i år var det registrert totalt 875.000 storfe i norske fjøs, ein auke på 9400 dyr frå året før.
Tal på jordbruksbedrifter med husdyr (som søker produksjonstilskot) er i same periode redusert med 1,7 prosent, frå 28.000 til 27.500.

– Norsk storfe dekker ein stadig større del av marknaden, og i periodar har det vore full dekning av ferske storfeslakt. Året sett under eitt ventar me likevel ei underdekning på 7600 tonn, seier Ole Nikolai Skulberg, direktør for Totalmarked kjøtt og egg.

Tollsatsane har denne våren vore regulert ned i korte periodar for å motverke import til redusert tollsats, i dei periodane kor det er full dekning av norsk slakt.

Må stoppe i tide

– Kjøtforbruket generelt er ganske stabilt, men tendensen går mot lågare forbruk av storfekjøt.

Ole Nikolai Skulberg, direktør Totalmarked kjøtt og egg
Foto: Nortura

– Er det fare for overskot?

– Me nærmar oss veldig raskt full marknadsdekning, svarer Skulberg, og viser til den sterke veksten i tal på ammekyr. I 2017 løyvde Innovasjon Norge tilskot til 248 ammekuprosjekt, mot 166 året før. Det tek opp mot tre år før dei nye bruka er i full produksjon, litt avhengig av korleis bonden tilpassar seg.

Skulberg oppmodar næringa om å vere merksam på den sterke auken i tal på ammekyr og avvente situasjonen slik at ein ikkje investerer seg rett inn i ein overproduksjon.

– Kombinasjonen av auka produksjon og redusert sal kan gi oss marknadsdekning raskare enn venta, seier Skulberg.

Han trur det må ein innsats til for å oppretthalde etterspurnad og sal av kjøt frå storfe.

Kva er optimal tilpassing?

Skulberg er uroa med tanke på at landbruket kan gå mot ein overproduksjon innanfor alle husdyrslag. Redusert høve til eksport av overskotsproduksjon gjer situasjonen svært krevjande.

– Det kan vere på sin plass å stille spørsmål om kva som skal definerast som marknadsbalanse. Truleg er det optimalt å ligge tett oppunder marknadsbalanse. Slik kan me klare å oppretthalde ein god pris til bonden, og unngå dei kostnadane ein overproduksjon betyr for ei samla næring, seier Skulberg.

Målretta prioritering

Skulberg meiner at investeringsmidlane bør prioriterast til storfekjøtprosjekt i distrikta. Samstundes er det viktig å halde trykk på omlegging til lausdriftsfjøs i mjølkeproduksjonen og til omstilling av eggproduksjonen frå miljøbur til frittgåande.

– Marknaden for miljøbur vert stadig trongare og det trengst omstilling til meir egg frå frittgåande høns, seier Skulberg.

Vil ha fleire vårslakt

Første halvår i år slakta Nortura 5000 fleire storfe samanlikna med same tid i fjor, og import av storfekjøtt var mykje lågare enn tidlegare. Ole Nikolai Skulberg ventar underskot av storfekjøt no i beitesesongen, men tradisjonelt er det overskot av storfeslakt om hausten. Ny prognose er venta 20. juni.

Skulberg er nøgd med utviklinga, og kjem med ei oppmoding:

– Me ser gjerne at bønder i større grad innrettar drifta slik at me får fleire slakt om våren, særleg frå april til juli. Me nyttar prisløypa aktivt for å legge til rette for ei slik utvikling, seier han.

Direktøren minner om at rett mengde slakt til rett tid gir optimal utnytting av slaktekapasiteten og best pris i marknaden – og til bonden.

Mjølkekyr og ammekyr: Tal på mjølkekyr går ned medan tal på ammekyr er stigande og nærmar seg 100.000. Tal frå søknad om produksjonstilskot 1. mars 2018.

Stikkord denne saka: , ,