Nøgd bonde: Anne Kristin Røyneberg er nøgd med den flunkande nye DeLaval VMS300. I bakgrunnen til høgre i biletet kan ein skimte robot nummer to, som er av Classic-modellen.

Røyneberg Samdrift var først ute i landet med å installere DeLaval sin nye mjølkerobot, DeLaval VMS V300. – Så langt er me nøgd, seier bonde Anne Kristin Røyneberg.

Jane Brit Sande

I sommar lanserte DeLaval sin VMS300-mjølkerobot, oppfølgaren til Classic. Røyneberg Samdrift på Sola i Rogaland var først i landet til å få den nye modellen på plass i fjøset. Samdrifta er driven av Arnstein og Anne Kristin Røyneberg, og Bent Ove og Anne Kristin Myklebust. Mjølkekvoten er på 780 tonn.

To robotar

Ti år etter at den første av to Classic-robotar vart montert i fjøset, var det dags for å skifte ut den eldste. Då Bondevennen var på besøk var det berre tre veker sidan den splitter nye DeLaval VMS300 vart installert.

– Så langt er me nøgd, seier Anne Kristin Røyneberg.

Betre utmjølking

Einar Iversen, produktsjef for DeLaval VMS, lokkar med betre forbehandling og betre stimulering av jura, slutt på ubehagelege vakuumsvingingar, og kortare og meir haldbare mjølkeslangar av silikon.

– Med nytt kamera, ny programvare og eit nytt arbeidsmønster har vår nye modell ein ny òg ein betre måte å finne spenane på. Roboten jobbar raskare, faktisk er det mykje som tyder på at V300 arbeider 30 til 40 sekund raskare per ku, enn det Classic-modellen gjer. Resultatet av endringane som er gjort på V300-modellen, er eit sikkert påsett og kortare utmjølkingstid, samanlikna med Classic, seier Iversen.

Røyneberg Samdrift har no ein V300 og ein Classic i fjøset. Anne Kristin Røyneberg stadfestar det Iversen seier om spenepåsett.

– Det er mykje betre enn den gamle. Det er berre «smokk», så er det på, seier ho.

Peikeskjermen kjem også med ny programvare.

– Bøndene kan også bruke mobiltelefon eller nettbrett for å styre programmet, og dei får tilgang til informasjonen der det er.

Peikeskjermen kan derfor veljast heilt vekk, seier Iversen.
Samdrifta velde peikeskjerm montert på mjølkeroboten, men løysinga med nettbrett freistar. Eit nytt datasystem har heller ikkje skræmt bøndene.

– Det er jo alltid ein overgang med eit nytt system, me er jo også vanedyr. Det er ikkje verre enn at me greier sette oss inn i det, men det er for tidlig til å seie noko om kva system me føretrekk, seier Røyneberg.

Vaska robotane

Installeringa av den nye roboten tok åtte timar, men Iversen estimerer at dette er eit arbeid som skal ta kring seks. Roboten står på same stad som den førre. Røyneberg gjorde eit spesielt grep for å unngå skeptiske kyr.

– Dei siste tre vekene før den nye roboten kom, vaska me ned begge robotane og heldt dei reine. Me ville unngå at kyrne skulle bli skeptisk til ein blank robot, og det synast me at me lukkast med, seier ho.

Ny programvare: Den nye modellen kjem med ny programvare. Slik ser peikeskjermen ut

Stikkord denne saka: , ,