Norgesfjøset har 31 liggebåsar til mjølkekyr og omfattar kalvar og kvigeoppdrett, sinku- og velferdsavdeling. Fjøset kjem med to alternativ – mjølkestall eller mjølkerobot. Avhengig av løysing, materialval og type gjødselhandtering vil Norgesfjøset ha ein prislapp frå seks millionar + eventuelt gjødselkum, til godt sju millionar med full gjødselkjellar. Når det gjeld pris er ikkje kostnadar til grunnarbeid, El og VVS inkludert, då dette ofte er noko byggherren ynskjer å ordne lokalt.

Felleskjøpet Agri har lansert eit standardisert nøkkelferdig fjøskonsept for besetningar med rundt 30 kyr og fullt oppdrett av kviger.

Liv Kristin Sola

Felleskjøpet Agri har lansert eit standardisert nøkkelferdig fjøskonsept for besetningar med rundt 30 kyr og fullt oppdrett av kviger. Med ein standard og gjennomarbeidd planteikning har Felleskjøpet Agri eit mål om å bidra til å redusere byggekostnadane og effektivisere byggetida for nye prosjekt over heile landet. Det fortel Karl Arne Leivestad, avdelingsleiar bygg i Felleskjøpet Agri.

Norgesfjøset vart lansert i november i fjor, og Leivestad fortel om stor interesse frå heile landet. Fjøset har ein enkel logistikk med god dyreflyt og kan driftast av ein person.

– Landbruks- og matdepartementet presiserer at fjøs med 15-30 kyr skal prioriterast. Blir Norgesfjøset litt i største laget med tanke på størrelsen på bruka mange stader i landet?

– Gjennomsnittleg buskapsstorleik uavhengig av driftsform, er i dag på 27 kyr. Kring 65 prosent av bruka har mindre enn 200 tonn i mjølkekvote. Norgesfjøset ligg i øvste sjikt av det me kallar små og mellomstore fjøs, men me opplever at me treff med planløysinga og tilbakemeldingane frå bøndene er at dei likar fleksibiliteten i planløysinga, seier Leivestad.

Karl Arne Leivestad

Norgesfjøset passar godt til 25 kyr i ein oppstartsfase. Då snakkar me om kvotar mellom 150-200.000 liter.

– På sikt har bonden rom for å auke produksjonen innafor eksisterande bygg, seier Leivestad

– Kva med å bruke ressursane der dei ligg og oppretthalde produksjonen i meir marginale områder?

– Ja, det er viktig med landbruk i heile landet, men me må ikkje skape forventningar om ei inntening som ikkje er realistisk.

God økonomi krev god drift

Leivestad erfarer at fjøs med 15-25 kyr vert svært marginale og i mange tilfelle må kombinerast med jobb utanfor bruket. Han rår bønder som vil investere i nye fjøs, til å skaffe seg eit ressursgrunnlag som gir dei høve til å vere heiltidsbønder.

– Driftsleiing er viktig. Bonden må gjere dei rette tinga til rett tid og sikre god kontroll både i fjøset og på jordet. God oversikt og god drift er avgjerande for avkastinga på garden og kan kompensere for timeløn utanfor bruket.

 

Stikkord denne saka: , ,