Ein køyretur langs smale bygdevegar i Gulen kommune er som ei reise attende til ei tid der all ting stod stille, også hjå mjølkeproduksjonen, inntil i vinter.

Liv Kristin Sola

Gulen kommune sør for Sognefjorden, leverte knapt 4,3 millionar liter mjølk i 2019, fordelt på godt 30 bruk. Fem bruk har lausdrift og to har mjølkerobot. Dei seinare åra er det ingen som har kravd sin del av dei statlege investeringsmidlane – fram til no. Denne våren er tre nye robotfjøs under oppføring, berre eit par mil frå kvarandre. Desse tre prosjekta vil auke delen mjølk frå lausdrift i kommunen til førti prosent.

Sjur Haugland og Håvard Tveit i Brekke og Johnny Langvatn i Indre Oppedal er midt i ein hektisk byggeperiode. Alle har fått tilskot frå Innovasjon Norge (IN) og skal også bygge om og nytte eksisterande fjøs. At dei har servicefolk i området var ein viktig grunn til at alle valde blå mjølkerobot. Håvard og Sjur med kvar sin VMS V300, medan Johnny har kjøpt ein tre år gammal brukt robot til godt under halve prisen.

Litt meir tilfeldig, er alle gift med ein lærar og har tre barn kvar.

I same båt

Johnny har 150 tonn i kvote og bygger til 25 kyr. Prosjektet har ein kostnad på seks millionar. Håvard si ombygging er kostnadsberekna til 4,7 millionar. Han
har 170 tonn i kvote og får plass til 29 kyr. Sjur bygger til 42 kyr og seks sinkyr. Kvoten er på 300 tonn og prosjektet er vurdert til ni millionar.  Johnny og Sjur er bønder på heiltid. Håvard har ein halv stilling på landbrukskontoret i kommunen.

Det er ikkje lengre mellom gardane enn at dei kjende til kvarandre sine tankar om å bygge.

– At vi er fleire som bygger samstundes er ein stor fordel. Ikkje minst mentalt, men også i forhold til leverandørane. Vi kan diskutere og støtte kvarandre gjennom heile prosessen. Det gir i alle fall meg ekstra pågangsmot, seier Johnny.

Dei har ulike grunnar for å investere akkurat no. At det vert satsa på mindre fjøs er ein viktig faktor. Og lausdriftskravet nærmar seg raskt, og om knapt fire år blir det skjerpa krav til båsfjøs.

Ut av tenkeboksen

Tre nye prosjekt i Gulen er eit klart signal om at det vil vere eit aktivt produsentmiljø her også i framtida. At prosjekta er så ulike minner om at det er viktig at kvar og ein finn si løysing for framtida. Bøndene håper fleire tør bygge dei komande åra.

– Det er alltid mange argument mot, som høge byggekostnadar og over tre meter nedbør til dømes. Vil du vere mjølkebonde i framtida må du trekke fram dei
positive sidene. Trass alt er det dei det er flest av, etter mi meining, seier Johnny.

Håvard minner om at koronakrisa har snudd opp ned på mykje. Svak kronekurs og prisauke er ein ting, men samstundes har renta stupt.

– Det utgjer mykje pengar og vil gjere det i lang tid framover, seier han.

Les om satsing i Vestland her.

Nybygg til kyrne: Johnny skal bygge ny lausdrift til kyrne (dekket til venstre for fjøset) og bygge om båsfjøset til kalv, framfôring av gourmetkalv og kviger.

Det gode kvigeliv: Ein varm sommardag er det berre og legge seg strek ut og gjere minst mogleg.

Ein liten revolusjon: Når fjøsa til Johnny, Håvard og Sjur vert teke i bruk, vil 40 prosent av mjølka i Gulen bli levert frå lausdrift med mjølkerobot.

Ingen grunn til å vente

For dei som vil vente og sjå, skjer det lite, konkluderer dei tre. 

– Det einaste du oppnår er at kostnadane stig – raskare enn tilskotet, seier Sjur.

Om to millionar i tilskot er nok til å sikre mjølkeproduksjonen på Vestlandet etter 2034 er han usikker på. Sjølve gjekk dei klar den varsla prisauken på grunn av den svake krona. No ser dei fram til ein lettare og meir fleksibel arbeidsdag. Alle tre understrekar at dei bygger nytt fjøs først og fremst for sin eigen del.

– Neste generasjon får ta sine val når den tid kjem, seier Håvard.

Bygger om plansiloane

46-åringen er yngst av dei tre og overtok i 2009. No skal båsfjøset byggast om til laudsdrift og utvidast med ei liggebåsrekke. To tresiloar skal rivast og  silobygget vert utvida med 60 m2 med gjødselkjellar under. Eksisterande reiskapshus skal byggast om og kyrne skal fôrast frå eit bevegeleg fôrbrett (Cowpow) plassert midt i rommet.

– For å halde kostnadane nede tar eg utgangspunkt i det eg har og gjer berre små utvidingar, seier Håvard.

Håvard har 170 tonn kvote og disponerer 170 dekar dyrka jord. Han har konsentrert kalving i februar, og sel oksekalvane til liv. Driftsplanen skal gå i hop på 22 årskyr. IN dekker 35 prosent av kostnadane.

Alt under eitt tak

Sjur overtok i 2000. Han har vore i samdrift sidan 2007, men pensjonsalderen nærmar seg for ekteparet han driv i lag med. Dei vil gi seg og Sjur vil halde fram
åleine. Kviger og kyr har stått i kvart sitt fjøs, no skal alt samlast under eitt tak. Båsfjøset skal byggast om til ungdyr og kalvar. Ein fôrsentral med to tårnsiloar skal binde eksisterande bygg i hop med det nye fjøset. Sjur har eit tre-rekkers kaldfjøs med full gjødselkjellar og sandwichplater i tak og vegg. Ytterveggen langs fôrbrettet har ein meter betongelement med gardin over.

Sjur eig halvparten av kvoten på 300 tonn og driv godt 300 dekar dyrka jord. Han har avtale om spreieareal og kjøp av fôr om det skulle trengast, hjå ein nabo. Tårnsiloane har ein kapasitet på 500 kubikk og skal nyttast også etter ombygginga. Han inseminerer fleire dyr enn han treng og sel ein del til liv. Oksekalvane blir fôra fram til gourmetkalv.

Kalvinga er konsentrert til august og september. Men ein stadig høgare mjølkepris for sommarmjølk gjer at han vurderer å framskunde kalvingstidspunktet eller ha kalving i to puljar.

– To millionar frå IN var heilt avgjerande. Eg investerer i min eigen arbeidsplass. No kan eg drive til eg blir pensjonist, utan å slite meg helselaus. Ingen av gutane skal kjenne på press og forventning om å overta, seier 51-åringen, som har tvillingsøner på 22 og ein på 17.

Bygger ein moderne kvardag: Mjølkebøndene Sjur Haugland (f.v.), Johnny Langvatn og Håvard Tveit bygger kvart sitt robotfjøs. Dei tre prosjekta er svært ulike, men alle vil gi bonden ein moderne og fleksibel arbeidsplass. Her frå tomta til Johnny. – Bygg for deg sjølv. Det er ingen grunn til å overlate investeringane til neste generasjon, meiner Sjur, som har kome lengst i byggeprosessen.

Full pott med trefjøs

Johnny var den første i Vestland som fekk tilskot til trefjøs, med to millionar til sjølve prosjektet og 400.000 i tillegg for å bygge i tre.

– Eg er utdanna tømrar, det same er sonen. No skal me bruke den tida som trengst til å reise bygget, seier han.

Overbygget med tradisjonelt stenderverk og bordkledning har dei teikna og dimensjonert sjølve. Eigeninnsatsen blir på minst 650.000 kroner. Fjøset skal vere isolert med mekanisk ventilasjon og ha full kjellar under spalteplanken, som han vurderer å sprøyte med benarolje for auka haldbarheit. Båsfjøset skal byggast
om til kalvar og ungdyr. Oksekalvane vert fôra fram til gourmetkalv.

Johnny har 80 dekar lettdriven sandjord og nyttar både tårnsilo og rundball. Slåtteutstyret har han i lag med ein nabo. Bonden har knapt med dyrka jord og store beiteressursar innover dalen og opp fjellsidene. Difor har han kalving i september. Båsfjøset er modernisert så langt det er mogleg, likevel satsar 56-åringen millionar på nytt fjøs.

– Eg er så heldig at neste generasjon vil drive med mjølk, men no ser eg fram til å drive i eit moderne fjøs sjølv nokre år, før han overtek, seier Johnny, som har vore mjølkebonde i snart tre tiår.

Ny landbruksplan

Til hausten skal politikarane i Gulen vedta ein ny landbruksplan. Planen skal synleggjere omfanget av og kva ressurs landbruket er for kommunen.

– Planen har ein verdi i seg sjølv, seier Håvard.

Med utgangspunkt i planen skal politikarane
vurdere korleis dei best kan legge til rette for eit aktivt landbruk i kommunen også i framtida. Håvard har vore aktiv i arbeidet med planen og Johnny er ein av dei som skal vere med å vedta ny landbruksplan i kommunestyret, som folkevald for Senterpartiet.

Stikkord denne saka: , ,