Ei brikke i historia: Beitene i Indre Sogn er spesielt frodige og folk har beviseleg nytta naturressursane her i minst eit par tusen år. – Eg vil ikkje vere den som bryt denne  tradisjonen, seier Eivind.

Medan Tine skrur opp mjølkeprisen for å få inn meir sommarmjølk sender Eivind Midlang buskapen sin til fjells. – Men det nærmar seg ei grense for kor mykje eg kan tape økonomisk på å bruke fjellbeitet, seier bonden.

Liv Kristin Sola

Eivind Midlang er midt i andreslåtten, men tek seg tid til ein tur til fjells for å sjå til buskapen sin, med Bondevennen på slep. Han har 122 storfe; kyr, kviger, kastratar og fjorårskalvar, som beitar på Vikafjell.

Forstår Tine si utfordring

Eivind har ikkje problem med å forstå Tine si bøn om meir sommarmjølk, og at situasjonen er alvorleg. Han slit meir med å forstå kvifor selskapet først og fremst rettar skytset mot dei områda som er mest avhengig av utmarksbeitet for å klare seg.

– Fram til 50-talet mjølka dei på stølane og laga smør og gamalost. Med moderne mjølkeproduksjon vart kalvinga lagt til hausten. Fjellgraset vart avgjerande for drifta her i Indre Sogn. Me har lite dyrka areal. Det me har ligg tett rundt fjøsa og må nyttast til vinterfôr, seier Eivind.

Bonden driv i det området som har desidert skeivast mjølkekurve. Sjølv om Tine ber om meir sommarmjølk har han valt å halde fram med haustkalving. Han er utdanna sivilingeniør og eig eit ingeniørselskap og ein fasadefabrikk i lag med to andre. Eivind veit han er i ei særstilling og legg ikkje skjul på at han står friare enn mange andre til å velje eit driftsopplegg som reint økonomisk ikkje er det optimale.

– Det gir ikkje meining å ofre dei frodige fjellbeita våre for sommarmjølk, seier bonden.

 

Tunge investeringar: Sidan Eivind overtok har han utvida produksjonen og investert tungt i mekanisering for å redusere arbeidstimar og lønsutgifter. Fjøset er utvida i breidda med ei liggebåsavdeling, ei ungdyrrekke og eit ekstra fôrbrett. Grunnflata er på 40×40 meter.

Ein Lely Vector sikrar fôr på begge fôrbretta til alle døgnets tider. Fjøset er bygd tilpassa haustkalving, med store, jamgamle dyregrupper. Bonden eig 300 tonn og leiger ytterlegare 96 tonn mjølkekvote.
– Med konsentrert kalving meiner eg smertegrensa for éin robot er rundt 450 tonn, seier Eivind.

Stor drift: Garden ligg på 250 meter. Kvar sommar går Eivind med flokken inn til den veglause stølen på 850 meter, til fots. I år har han 122 storfe på fjellet.

Gardsfakta

Eivind Midlang overtok heimegarden i Vik i Sogn i januar 2017. Han har bygd ut og mekanisert fjøset og disponerer 396 tonn i kvote og 450 dekar dyrka jord. I tillegg til frodige beiteområde på Vikafjell. Garden ligg på 250 meter og stølen på 850 moh.

Han har no kastrert alle oksekalvane slik at dei får to beitesesongar før slakt. Kyrne vert sina av tidleg i juli. Rundt 10.-15. juli blir kyr, kviger, kastratar og fjorårskalvane buført til fjells – til fots. Frå september til november ventar bonden 54 kalvingar.

Eivind bur i lag med Yvonne. Dei har tvillingane Leni og Magne (3,5), og Jonas (1). Bonden er utdanna sivilingeniør og medeigar i eit ingeniørselskap og ein fasadefabrikk. Han har ein tilsett i halv stilling i fjøset og har god hjelp av faren og ei tante.

Unike beiter: Bergarten fyllit i tillegg til beitedyr i utallege generasjonar attende i tid, har gjort fjellbeitet på Vikafjellet speseilt frodig.  

Taper mjølkeinntekt

Med fire hundre tonn i kvote ville det slått svært positivt ut på mjølkeprisen om han la om til sommarmjølk. Men det har også ein pris som ikkje kan teljast i kroner.

– Klart det kunne vera freistande å ha kalving i mai og levert mykje mjølk om sommaren. Men det hadde snudd opp ned på alt, meir innefôring, meir kraftfôr, mindre beitebruk og dårlegare utnyttig av fjøset. Kastratar hadde passa dårleg i eit slikt opplegg, eg måtte kutte ut fjellbeitet og hadde fått problem med å klare beitekravet. Eg trur ikkje det er dette Tine eigentleg vil, å ta kyrne heim frå fjellet, seier Eivind.

Noko av tapet han har ved ikkje å levere sommarmjølk, blir kompensert gjennom tilskot til dyr på utmarksbeite.

– Det trekker i kvar sin retning. Politiske signal om å satse på mindre bruk og meir bruk av beiteressursane i utmarka og industrien sitt behov for meir sommarmjølk, seier Eivind.

Det nærmar seg smertegrensa også for han. Aukar differensieringa ytterlegare blir det ein for høg pris å betale for å bruke fjellbeitet.

– Held det fram slik som no kjem dei til å legge ned vestlandsbonden, seier Eivind.

Følgjer årstida

Tidlegare slakta dei oksane i februar/mars. Frå Eivind overtok har han kastrert oksane og hatt dei to sesongar til fjells. Kastratane går rett til slakt etter siste beitesesong. Med konsentrert haustkalving og kastratar er fjøset tomt om sommaren og det tek til ein ny syklus i fjøset kvar haust. Puljane følgjer årstida.

– Slik kan eg nytte to fulle beitesesongar og få maks kjøtproduksjon frå utmarksbeite. Kastratane får litt kraftfôr første vinteren, men ingenting etter fyrste beitesesong. Kjøtproduksjonen blir tilnærma grasfôra og i stor grad basert på norske fôrressursar. Det er viktig for mange i dag, både forbrukarar og bønder,
seier Eivind.

Kastratar passar godt i driftsopplegget, men Eivind er spent på korleis dei passar inn i dagens klassifiseringssystem. 

– Kjøt frå kastratar skal vere spesielt mørt, men kvaliteten betalar seg ikkje. Slakteria er ikkje sett opp til å handtere kastratar, seier bonden.

Han har rekna litt på det. Beitetilskot, sparte kraftfôrkostnadar og to beitesesongar trekker i pluss, sjølv om korkje unge kviger eller kastratar er effektive beitarar første beitesesongen. Lengre innefôring, mindre kjøt og dårlegare slakteoppgjer trekker i minus.

– Eg er spent på slakteoppgjeret i haust. Eg trur det kan bli betre enn frykta, seier bonden.

Han trur eit ekstra tilskot ville gjort det interessant for fleire å produsere kastratar. Ikkje minst fordi dei kan redusere kraftfôrforbruket og bruke utmarka.

Tilpassa årstidene: Sjølv om Eivind tapar økonomisk, er han ikkje villig til å gi opp fjellbeite, ikkje utan kamp. Kvifor? – Eg veit ikkje heilt. Det gir ei god kjensle når dyra er på beite og alt er på plass, liksom, seier Eivind, medan han prøver å få kontakt med ein av kastratane.

Fjellet gror att

På turen innover mot Unnerdalen og stølen går me i frodig fjellgras og blåbærlyng, litt kratt og vier. Med vidsyn over Sognefjorden, ferjeleiet ved Vangsnes, Vik-bygda, og innover mot Stølsheimen. Ved stølen er eit vegskilje merka med dei velkjende T-ane til Turistforeininga.

– Me hadde ein lang vinter og ein kald juli, så beitene er langt frå så frodige som dei plar vere, seier bonden.

Akkurat det rår han ikkje ved. Han er meir uroa over å sjå bjørka som veks opp og ligg som eit teppe over det grøne graset somme plasser på veg ned att. Eit tydeleg teikn på at det er færre dyr i fjellet enn før.

Utviklinga i Vik er ikkje ulik mange andre stader på Vestlandet. Bøndene tel på kronene. Somme investerer, blir større og legg om til heilårsproduksjon og kuttar ut fjellbeitet. Andre legg ned. 

Eg trur ikkje det er dette Tine eigentleg vil, å ta kyrne heim frå fjellet.

Eivind Midlang

Dei små gir seg – eller blir store

Eivind fryktar differensieringa i mjølkeprisen vil utradere fjellbeitet.

– I Vik er det berre to bruk som har sett inn mjølkerobot som nyttar fjellbeite som før. Resten har slutta med bruk av utmarksbeite eller redusert vesentleg, seier han.

Høge kostnadar knytt til investeringar og auka volum tvinger bonden over på heilårsproduksjon. Kyrne blir fôra inne og beitegras blir erstatta med kraftfôr.

– Dit er det ingen som eigentleg vil, heller ikkje Tine, seier Eivind.

Han trur eit ytterlegare press på mjølkeprisen, utan at det blir kompensert for på andre vis, blir kroken på døra, i alle fall for dei minste produsentane i Indre Sogn.

– Politisk retorikk om å satse på utmarksbeite og bruk frå 15 til 25 kyr blir tomme ord om dei ikkje blir følgt opp av rammevilkår som sikrar nettopp dette, seier bonden. 

 

Dagros eller skog: Med lågt beitepress tek skog over for beitegras og landskapet gror att.

Ønsker ei felles prissone

Bonden forstår Tine sitt dilemma, men meiner utfordringa med sommarmjølk er meir samansett enn det konsernleiinga gir uttrykk for.

– Me må stimulere bønder som har gode føresetnadar for å produsere meir sommarmjølk, til å gjere nettopp det, meiner Eivind.

Han tek til orde for ei felles prissone for heile landet med lik mjølkepris til alle og dei same sesongvariasjonane. Vikbonden trur det er mange, også på Vestlandet, som har kapasitet til å levere meir sommarmjølk, utan at det betyr dramatiske endringar i driftsopplegget.

Eivind er innforstått med at omlegging til ei prissone for heile landet betyr ein litt lågare samla mjølkepris for dei som i dag er omfatta av Fjord og fjell og som leverer mykje sommarmjølk.

– Ja, ei felles prissone i heile landet kan kome til å flytte mjølkekroner ut av regionen. Enkelte blir meir råka enn andre. Slikt er ikkje til å unngå i ein  overgangsperiode. Husk at det ikkje er så lenge sidan me hadde fem prissoner som vart til to, seier Eivind.

Han trur det blir mindre utslag for dei med heilårsproduksjon, men for bønder som har satsa på sommarmjølk vil økonomien bli dårlegare.

– Det beklagar eg, men alternativet er mykje verre, seier Eivind.
– Kva er alternativet?
– Mindre bruk blir lagt ned og mjølkeliter blir flytta ut or sone Fjord og fjell.

 

Ikkje vrangskap

Mjølkeprodusentane i Vik har diskutert kva dei kan gjere for å auke volumet av sommarmjølk i bygda, utan å ta kua heim frå fjellet. Dei vil strekke seg langt for å kombinere sommarmjølk og fjellbeite, men det finst eit smertepunkt. Eivind meiner landbruket er så mykje meir enn volumproduksjon. Det handlar om å ta vare på og bruke dei lokale ressursane. Verdiar han meiner er i ferd med å bli nedprioritert i jaget etter billig mat.
Eivind saknar meir målretta og langsiktige mål for landbrukspolitikken.

– Årlege jordbruksforhandlingar er ei utfordring. Me hadde vore tent med ein meir heilskapleg plan for landbruket, med konkrete og bindande mål fram i tid, seier Eivind, og føreslår Nasjonal transportplan som ein slags mal.

– Fireårige planar med mindre årlege justeringar hadde gitt ein tydelegare retning for næringa, meiner Eivind.

Kan hende er han sta, men for Eivind handlar det verken om vrangskap eller uvilje mot å bidra for fellesskapet. Men det blir feil å starte med vestlandsbonden.

– Eg skulle gjerne hatt med meg konsernstyret i Tine til fjells, til stølen. Eg er usikker på om dei heilt forstår konsekvensane av dei strategiane dei legg opp til.

– Kvifor ikkje berre gi etter?
– Eg har alltid likt å gå mine eigne vegar. Eg vil drive på lag med naturen og årstidene. Eg kan ikkje akseptere at me tvingast inn i ei ramme som fører til at dyra skal vere meir inne, trass fine ord om det motsette. For meg blir det rein kommersialisme. Jag etter billig mat. Me treng rammevilkår som legg til rette for å bruke lokale ressursar, elles kan me sjå langt etter målet om landbruk i heile landet. Og me kan ende opp med ein betydelegmangel på grovfôr i  mjølkeproduksjonen. Kampen for dei små bruka er også ein kamp for dei store, seier Eivind.

Store beiteressursar: – Dette er det eg forbinder med fjellbeite frå eg var liten, seier Eivind, og ser utover det frodige landskapet 850 meter over havet.

Eg skulle gjerne hatt med meg konsernstyret i Tine til fjells, til stølen.

Eivind Midlang

Bakgrunn:

Tine treng meir sommarmjølk

Råstofftilgangen (mjølkeleveransen) til Tine variere mykje gjennom året, med ein topp om vinteren (1.kvartal) og ein botn om sommaren (3. kvartal). I 2019 var prosentvis fordeling på kvartala slik: 27,9 / 26,5 / 21,7 / 23,9. For Tine er den skeive mjølkekurva ei stor utfordring. Kapasiteten på anlegga blir dårleg utnytta og i verste fall kan selskapet risikere å ikkje vere leveringsdyktige på heile varespekteret om sommaren.

Differensiert mjølkepris

I fjor haust starta Tine ein kampanje for flatare mjølkekurve og meir sommarmjølk. Kampanjen starta i Sogn og Fjordane men vart utvida til Voss seinare på hausten. Nord Hordaland og Voss, samt Sogn og Fjordane, har landets desidert skeivaste mjølkekurve. Dei områda leverer kring 15 prosent av mjølka i 3. kvartal. Tradisjonen med haustkalving og bruk av utmark/fjellbeite står sterkt. For mange er beiteressursane ein viktig del av fôrgrunnlaget.

For å stimulere til meir sommarmjølk differensierer Tine mjølkeprisen gjennom året. I år vart differensieringa forsterka med eit ytterlegare tillegg på 20 øre for mjølke levert i 3. kvartal og eit ytterlegare trekk på 17 øre for fjerde kvartal. Differansen mellom høgast og lågast mjølkepris er 1,54 kroner for sone Landet og 2,03 for Fjord og fjell. Samstundes som Tine gir ein betydeleg meirpris for sommarmjølka, gir staten gjennom jordbruksoppgjeret tilskot til dyr som beitar i utmark.

 

Kjede: Tine

Sommerdumpa illustrerer den skeive mjølkekurva dei siste tre åra.

Mjølkepris 2020 med differensieringar gjennom året i sone Fjord og fjell og Landet.

Stikkord denne saka: , ,