Tre generasjonar Hustoft: Heile familien samla framfor fjøset og kua frå kraftfôrsekken frå 60-talet. F.v. Kåre, Åsne, Ståle med Lars på armen og Gunvor. Solveig og Aksel framme.

Det er mykje snakk om små fjøs om dagen, men kva er eigentleg smått? – Me har vist at det går an, seier Ståle Hustoft.

Liv Kristin Sola

På eige initiativ, men med god hjelp frå Tine, inviterte familien Hustoft til fjøsopning heime på Hustoft på Nedstrand i Rogaland, torsdag kveld i førre veke. Åsne Breidablik Hustoft og Ståle Hustoft har vald å bygge utan å auke buskapen eller leige kvote. Dei mjølker ti kyr og har ein kvote på 68 tonn. Frammøte på kring 90 personar vitna om stor interesse for det som med rette kan kallast eit lite fjøs.

Litt luksus: Ti kyr og fem drektige kviger deler på 2 x 10 liggbåsar. Den to-delte vannmadrassa i liggebåsane gir eit mjukt leie, friske hasar og reine kyr. Solveig tester kor mjuke madrassane er. Mjølkegrava skimtast i enden av lausdrifta, sjukebinge og kalvingsbinde langs ytterveggen.

Ikkje ein miniatyr av noko større: Eit lite fjøs er ikkje ein mindre versjon av eit stort fjøs. Når du har 10-20 kyr må du tenke annleis enn om du har ein større buskap. Mjølkestallen er brukt og mjølkerøyra er frå det gamle fjøset. Skinnebana og mjølkemaskinane er nye.  

 

Ikkje attraktiv

Fjøset er ein ombygd og utbygd uisolert stålhall som var bygd til sau. No er det eit kufjøs med 24 liggebåsar, kalvingsbinge, sjukebinge, og plass til kvigeoppdrett. Ståle demonterte ein 2×2 tandem mjølkestall hjå ein bonde i Stavanger og monterte den heime på Hustoft.

– Imek-seljarane stod ikkje i kø for å bidra til prosjektet vårt, seier Ståle.

Til slutt kontakta han sin lokale servicemann, Jan Erik Sandvik, i DeLaval, for å be om råd. Saman kom dei fram til ei løysing og monterte eit mjølkeanlegg for båsfjøs, med høgthengande mjølkerøyr frå det gamle fjøset, nye mjølkemaskinar og skinnebane frå mjølkebua inn i mjølkestallen. Filosofien er å ikkje investere i noko før det viser seg naudsynt og ikkje la seg freiste av alle tilbod.

– Slik vert du ikkje attraktiv for seljarane, seier Ståle.

Mjølkestallen er utforma slik at kyrne må gå eit par trappetrinn inn og ut av grava, slik unngår han sjølv å gå opp og ned i mjølkegrava.

– Det fungerer som ei kule, seier Hustoft.

 

Usminka bilete: Heile nitti personar fann vegen til Hustoft på Nedstrand denne kvelden. Etter ein kikk i fjøset fekk dei Ståle si eiga ærlege historie om byggeprosessen. 

Eit ærleg bilete

Det vart ein annleis fjøsopning denne kvelden. Tekniske finessar og dyre løysingar var fråverande. Attende stod i sanning, eit lite fjøs og ein familie som har realisert draumen sin. Stor eigeninnsats gjorde kvardagen frykteleg hektisk og bonden innrømmer at dei i periodar har sjonglert med forfall på rekningar.

– Vær ærleg med deg sjølv og dei nærmaste, både om økonomi og om korleis du har det, rådar Ståle.

Familien ser fram mot ein rolegare kvardag og Ståle vil halde løftet til dottera om å lage ei ny dør på leikehytta.

– For det har eg vente lenge på, kjem det frå Solveig på fire, som sit blant gjestene på låven i lag med mor, bestemor, bestefar og minstebror Lars.

Eit godt team: Ståle Hustoft (nr. to f.v.) er takksam for Bjørn Steinar Nesheim, Tine, Jan Erik Sandvik, DeLaval og Svein Åge Vangdal, Tine, som hadde tru på prosjektet, og har motivert gjennom byggeprosessen.

Les reportasje om familien og fjøset i neste utgåve av BV.

Langvegs for å få idear

Kjersti og Oddmund Hjelmeland og minstedotter Olina, fekk avløysar og barnevakt til dei to eldste barna, og tok den to timar lange turen frå Omvikedalen til Hustoft for å sjå, høyre og bli inspirert. Sjølv har dei teke attende ein mjølkekvote på 80.000 liter etter fleire år i ei stor samdrift. No drøymer dei om å skape noko heime i eige tun.

– Me må finne ei løsying som passar for oss, seier Kjersti.

Familien på fem har ein saueflokk og nokre hestar i tillegg til dei 12 mjølkekyrne. Kjersti og Ommund vil skalpe nytt liv i tune, ikkje minst med tanke på ungane.

– Me må prøve oss fram og tenke nytt og sjølvstendig, seier Oddmund.

Over all forventning

– Eg var flau då eg spurde om hjelp til parkering, flau då me ordna så mange sitteplassar på låven, og flau då me laga scene her framme, sa Ståle Hustoft.

Jammen var det bra han gjorde nettopp det. Alle dei 90 besøkande fekk parkert, dei fekk kveldsmat og ein stad å sitje kor dei kunne sjå bonden.

Elevar frå Tveit Vidaregåande skule gjorde ein god jobb med parkeringa. Johannes Bakke frå Skjold (t.h.), og Tore Aga Silde frå Etne er tidlegare agronomelevar ved skulen. Sist dei var innom på Hustoft var det sau i dette bygget. Dei er imponert over sin tidlegare lærar, Ståle og familien som har realisert draumen om å bygge lite fjøs. 

 

Stikkord denne saka: , , ,