• Klipte snorene: Saksa til Jonas Skrettingland, ordførar i Hå kommune, gjekk varm denne dagen. Her klippar han snora, og markerer fjøset for offisielt opna, hjå familien Lode.

Landbruket på Jæren viste musklar og inviterte til tre fjøsopningar på ein og same dag. Laurdag 4. mars var kring 300 skodelystne med på opningsferd på Vigrestad i Hå kommune, Rogaland.

Jane Brit Sande

– Det er første gong eg er blitt invitert til ei fjøsopning, så Jonas Skrettingland, ordførar i Hå kommune, Rogaland, før han klipte snora hjå Sven Lode og Kari-Anne Fagereng Lode.
Fjøset til familien Lode var første stopp på ferda denne dagen.
– Landbruket er den største næringa i Hå kommune. Landbruket er viktig for mat og matproduksjon, men både næringsmiddel- og næringsbedriftene nyttar òg godt av landbruket her i kommunen, sa ordføraren.

Gjennomtenkte løysningar

I fleire år har familien Lode hatt mjølkeproduksjonen i eit båsfjøs. Sven har tenkt nøye gjennom kva løysningar han ville ha då draumen om eit nytt fjøs på garden skulle bli ein realitet.  I fjøset er det plass til 60 mjølkekyr, ni sinkyr, og i velferds-/kalvingsavdelinga er det 12 liggeplassar. Den eine langsida av fjøset huser opp til 56 ungdyr, kalvane står ute i kalvehytter. Mjølkekvoten måler 410 tonn.
– Første spadestikk var Sankthansaftan i fjor, fortel Sven Lode.
Prosessen fram har vore lang, men god. Alle løysningar har vore godt gjennomtenkte.
– Eg har tenkt mykje på logistikk, og har vore og høyrt på forskjellege foredrag om det, før eg bestemte meg for korleis eg ville ha det i fjøset. Eg må ha fjøset slik eg vil ha det, eg skal driva her i fleire år framover, fortel den engasjerte bonden.
Det er mange detaljar som skal på plass, og avgjersle som skal tas før bygginga kan får grønt lys.
– Det var mykje eg ikkje hadde tenkt på at eg måtte ta stilling til. Fargar innvendig, er eit eksempel på dette, seier han.
På opningsdagen var det god plass for folk å boltra seg, då mesteparten av dyra fortsatt stod i det gamle fjøset.
– Eg kunne fått dei inn tidlegare i veka, men eg velde utsetta det til etter opninga, slik at dei ikkje blir utsatt for så mykje stress i same veka.
Familien Lode har vald naturleg ventilasjon i fjøset.
– Me trur dette er betre for dyra, då både naturleg luft og lys kjem inn i fjøset.
I takåsane har dei nytta limtre. Det er gjødselkumme i den eine enden av fjøset, og dei nyttar vakuumtrekk. Kostnadskalkylen er på 8,4 millionar kroner. Familien Lode fekk støtte frå Innovasjon Norge på 600.000 kroner.

  • Musikalske bønder: Med korpsinteressa, kjem passande profilering. – Det var ei gåve frå bror min og familien, fortel Sveinung. Her saman med sambuaren Jorunn Søyland.

Betre utnytting av tida

– Eg har mjølka i båsfjøset i 19 år. Det gjekk mykje tid på stelling, men det er andre tider no, smiler Sveinung Haaland.
Saman med sambuaren Jorunn Søyland har han bygd fjøs med mjølkerobot. Næraste (fjøs)nabo er familien Lode. Jorunn og Sveinung har ein mjølkekvote på totalt 485 tonn, 210 tonn er leigekvotar. I mjølkeavdelinga er det tre rekker med liggebåsar, og kyrne går på spaltegolv. Til gjødsla har dei veld kanalomrøyring.
– Kalveavdelinga er på utsida. Kalvane står ute i om lag tre månadar før me flytter dei inn, og dei får plass på ungdyr-sida i fjøset, forklarar Sveinung.
Bøndene har fått på plass rullegardriner i langveggane.
– Det handla om pris, men det var ikkje det einaste. Sjå berre den utsikten, fortel Jorunn stolt.
Kostnadskalkylen på fjøset er på 9 millionar. Bøndene har fått 500.000 kroner i støtte av Innovasjon Norge.

  • Stolte: Alf Magne og Silje såg ut til å trivast som fjøs-vertar. Her saman med sønene Alf Rune (11 år) og Simon (6 1/2 år).

Så lite som mogleg

– Målet vårt er å ha ein så liten produksjon som mogleg, som me samtidig kan leve av, seier Silje Haarr.
– Me har rekna nøye på kor liten produksjonen kan vere. Me vil drive og jobbe på graden sjølve, seier Alf Magne Haarr, gift med Silje.
Mjølkekvoten er på 240 tonn. Ekteparet flytta dyra inn i det nye fjøset 5. desember i fjor.
– Det gjekk godt å flytta dyra inn i fjøset, og me har ikkje trengt sjalta ut dyr på grunn av føter. Men me slepte dyra ut på eit jorde først, slik at dei fekk springe frå seg ute før dei fekk koma inn. Elles sjekkar me klauvene jamleg, og sprayar med jod om det trengs, fortel dei.
Fjøset måler 23×46 meter. Dei gamle tårnsiloane og avlessarvognene skal fortsatt nyttast. Eit fôrbelte frå TKS skal gjere fôringsjobben.
– Med denne løysninga har me moglegheit til å starta fôringa mykje tidlegare enn viss me skulle gjort det sjølve. Tanken er at kyrne skal vere ferdig mjølka tidlegare, og trekke ut på beitet.
Då dei planla bygget, var det dyrevelferd som heile tida hadde topp prioritet. I tillegg skulle fjøset leggast opp på ein slik måte, at det mogleg for ein person å gjere alt aleine. Slik som i dei andre to fjøsa me fekk vitja denne dagen, har Silje og Alf Magne valt å bygga kaldfjøs med rullegardiner.
– Det handlar om trivsel, både for oss og dyra. Det er herleg når me slepp duren frå eit automatisk ventilasjonsanlegg, fortel dei.
Kostnadane for fjøset kom på 6 millionar. Silje og Alf Magne har fått 500.000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge.

Stikkord denne saka: , ,