Grovfôr 2020 – ledige plassar på den nasjonale samlinga på Hellerudsletta 9. og 10. mars. Siste frist for påmelding er i dag.

Ingen grunn til å nøle. Erfaringa så langt er at her er mykje å spare.

Veit du kva grovfôret ditt kostar? Kan du svare ja på spørsmålet er du truleg blant dei beste grovfôrprodusentane i landet. Veit du det ikkje?

– Klarer du ta ut potensialet i grovfôret ditt, vil du spare både kursavgifta og turen til Austlandet  -og endåtil ha meir til overs, lovar Lars Nesheim frå Nibio.

Kinderegget

Grovfôr 2020 er eit samarbeid mellom 15 ulike organisasjonar og firma. Det treårige prosjektet starta våren 2017 og skal avsluttast 2020. Gjennom prosjektperioden skal deltakarane kartlegge grovfôrkostnadane på eigen gard, frå jord til fôrbrett. Når det er gjort er tida inne for å vurdere kor ein skal sette inn tiltak for å bli ein betre grovfôrdyrkar.

– Målet er høgare avling, betre kvalitet og auka fôreffektivitet. Summen av dette vil gi lågare grovfôrkostnadar, seier Nesheim.

Hekta av i starten?

Grovfôr 2020 har hatt regionale samlingar over heile landet. No, eitt år inn i prosjektperioden, har 190 mjølkeprodusentar vore gjennom første runde.

Fekk du ikkje med deg første samlinga? Fortvil ikkje – det kjem eit oppsamlingsheat no i mars. Femti plassar står og ventar på mjølkeprodusentar som vil bli betre grovfôrdyrkarar.

Høg kostnad: Ifølgje Aslak Botten, NLR Østafjells, viser Grovfôr 2020 at kostnaden med husdyrgjødsla er i overkant 50 kroner per tonn. 

Kom deg ut av startgropa

Mjølkeprodusentar over heile landet er invitert til oppsamlingsheat i prosjektet Grovfôr 2020 på Hellerudsletta 9. og 10. mars.

Sjå her for meir informasjon om oppsamlingsheatet

Ny samling Grovfôr 2020

Stikkord denne saka: , ,