Gardsfakta

Gunhild Øigarden og Nils Sigurd Drabløs driv økologisk mjølkeproduksjon på Vestlandsk fjordfe på Dravlaus i Sykkylven på Sunnmøre. Dei har femten mjølkekyr og ti ungdyr. Mjølkekvoten er på 95.000 liter og paret driv 185 dekar dyrka jord. Dei fleste oksekalvane og ein del kvigekalvar vert selde til liv.

Dei la om til økologisk drift i 1989 og tok i bruk stølen i 1994. I 1997 bygde dei nytt fjøs på stølen. Inntil ein femtedel av fôrbehovet tar dyra opp i utmarka som ligg kring 300 meter over havet.

 

Nasjonalskattar: Gunhild og Nils undrast over kvifor gamle husdyrrasar vert rasjonalisert vekk, medan samfunnet bruker millionar for å ta vare på materielle kulturminner. – Heng ikkje på greip, seier Gunhild. – Vi skulle hatt godt betalt for jobben, meiner Nils.

Gunhild og Nils let seg ikkje styre av andre sine val og meiningar. Dei står støtt i lag, og stør kvarandre når det buttar mot.

Liv Kristin Sola

Bøndene sit utanfor selet på Dravlausstølen. Det er tid for mjølking og budeia Kasia går for å finne kyrne. På ei lang rekke, beitande langs grøftekanten, nærmar dei seg fjøset. Dei har god tid.

– De skal berre ete litt, så skal dei drikke litt, så kan de kome til mjølking, skildrar Gunhild.

– Dei er livsnytarar. Vi skal lære av dei, meiner Nils.

Gunhild lokkar sin eigen lokk, inspirert av dei gamle budeiene. Og kyrne kjem – Epleros, Fivreld og Kaie – og dei andre.

Lei av å sprøyte

Nils vaks opp på Ellinggarden på Dravlaus i Velledalen. Høge snøkledde fjelltoppar omkransar den frodige dalen. Bestefaren hadde Vestlandsk fjordfe. Før krigen la dei om til vestlandsk raudkolla. På femtitalet vart det norsk raudt fe.

Mykje fall på plass for Nils då Gunhild kom til gards. Ho kom for å hjelpe med å mjølkinga, men Gunhild vart verande. Dei to delte tankar og draumar. Dei slutta å bruke sprøytemiddel og kunstgjødsel og gjekk attende til Vestlandsk fjordfe. Etter førti år utan stølsdrift tok dei opp att den gamle tradisjonen på Dravlausstølen, berre ein kort køyretur unna.

Moderne tradisjon: Stølen ligg 300 meter over havet, omkransa av dei majestetiske sunnmørsalpane. Medan kyrne vert mjølka tek kvigene seg ein kvil på bøen. Kyrne er svært haldbare og etterspurnaden etter livdyr gjer at dei kan selje både kviger og oksar til liv.

Systrene Berg

Berre kring 90 mordyr var att av Vestlandsk fjordfe, då Nils og Gunhild ville bygge opp sin eigen buskap av rasen.

– Vi kan takke bønder som systrene Berg for at rasen overlevde, seier Gunhild.

Medan moderne mjølkeproduksjon famna om NRF, følgde søstrene Ingrid, Sigrid og Jenny Berg, i Jølster, farens råd om å halde seg til fjordfeet. Nils visste at dei selde livdyr og ringde for å tinge. Men nei. Søstrene hadde ingen dyr for sal, var meldinga.

Ikkje lenge etter var Gunhild innom søstrene på vitjing. Å jau, dei hadde kalvar til sals. Men ingen fekk kjøpe kalv via telefon. Kjøparane måtte godkjennast.

– Gunhild kom heim med tre kalvar. Dei vart stammen til flokken vår, seier Nils.

Han likar tanken på at kyrne hans er ein del av historia og kulturen på Vestlandet.

– Desse flotte dyra, beitande i landskapet, er noko av det vakraste eg veit.

God tid: Kasia hentar kyrne heim til mjølking. Vestlandsk fjordfe kjem i alle fargar og teikningar. – Dei er individuelle og kloke dyr – og særeigne, slik som oss, meiner Gunhild.

Med hjarte for fjordfe

Dei små rasane mjølker ikkje all verda, men klarer seg med mykje mindre kraftfôr. Til gjengjeld utnytter dei beitene og grovfôret svært effektivt.

– Tal frå Tine viste at våre kyr tek opp mellom åtte og ni fôreiningar på utmark, tett opp til det NRF klarer på fulldyrka mark, seier Nils.

Fjordfemiljøet er svært viktig for Gunhild og Nils. Her kjenner dei seg heime. Nils har vore leiar sidan Laget for Vestlandsk fjordfe vart skipa på Dravlausstølen i august 1993. No har han gitt frå seg leiarvervet, men er ansvarleg for livdyrformidlinga.

Etterspurnaden etter fjordfe er stor og Gunhild og Nils sel det meste av overskotsdyr til liv. Dyra er haldbare og blir gamle. Det trengst færre dyr til rekruttering og vi får fleire livdyr til sals.

– Gode livdyr og avlsdyr er avgjerande for å oppretthalde interessa for rasen. Samstundes leverer dyra mjølk og kjøt av særeigen kvalitet, noko både bønder og kokkar i seinare tid har fått auga opp for, fortel Gunhild.

Halvhjerta av Tine

Tine hentar mjølka på garden og stølen, men har avvikla økomjølk-tapping på meieriet på Ålesund. Den økologiske mjølka frå Vestlandet vert ein del av det store konvensjonelle volumet.

– Ein defekt tank var den offisielle årsaka, seier Nils.

Produsentane skulle ikkje bli råka – på pris. Men for Gunhild og Nils handlar det ikkje om pris, men aksept for ei annleis driftsform og for varen dei leverer. Dei hadde håpa at samvirket forstod.

– Vi økologar har vore i opposisjon mot Tine støtt. Det har vore ein einaste lang motbakke, seier Nils.

Han meiner opposisjon er viktig, ikkje minst for fleirtalet.

– Vi må få seie frå. Det er godt meint, men vert ikkje alltid godt motteke.

Han merkar seg at dagens unge ikkje i same grad er vane med å vere i opposisjon, men aksepterer og tilpassar seg.

– Det uroar meg at somme unge er meir konservative enn foreldra sine og politisk meir til høgre. Mange vil ikkje tenke annleis og stiller ikkje kritiske spørsmål, seier Nils.

Sjølv har han alltid hevda sin rett i flokken og er van med å vere i mindretal. Men det kostar å gå motstraums.

Frå tradisjonelt stølsområde til moderne hytteby: Stølen ligg på Fjellsetra og frå stølshuset kan ein sjå over til Sunnmørsalpane skiraena. Resonsen var enorm då Gunhild og Nils i sommar inviterte hyttefolket via facebook, til å kikke innom fjøset på stølen. Dei har 600 hytter i nabolaget, og snart kjem det 600 til. Denne dagen var Alicia (4) innom i fjøset i lag med bestefar Kjell Magne, medan Kasia mjølka kyrne.

Økorørsla er svekka

Gunhild og Nils fortel om optimisme og samhald i det økologiske økomiljøet attende på nittitalet.

– Vi bygde eit solid nettverk gjennom vekes-samlingar, gjerne med heile familiane. Vi diskuterte og utveksla erfaringar og fekk tillit til kvarandre. Eit slik miljø er heilt avhengig av eldsjeler og dyktige leiarar som driv arbeidet framover, seier Nils.

Etter at Tine slutta å vidareforedle økomjølka, vert det stadig lenger mellom økomjølk-produsentane på Vestlandet. Optimismen og motivasjonen forsvann.

– No handlar alt om økonomi, og økorørsla kollapsar – sakte og umerkeleg. Samfunnet har blitt slik at alt skal løne seg, seier Nils, og innrømmer at lysten til å kjempe ikkje er like sterk som den eingong var.

– Bøndene er travlare. Fellesskapstanken vert svekka, og individet skal stå fram og krevje sin rett. Det gjer det vanskeleg å rekruttere til tillitsverv og frivillig arbeid.

Vi går mot ei krise

Arbeidsdagen på stølen er over. Bøndene køyrer attende til garden i Velledalen. På kjøkkenbordet har Gunhild og Nils kvar si bunke med aviser og ulike tidsskrift. Interessa for bøker, kultur og tradisjon pregar stova. Kunnskap er viktig.

Gunhild serverer kveldsmat. Veneparet Kjell Drotninghaug og Kari Hjorthol kjem innom og benkar seg rundt kjøkenbordet. Dei driv også på stølen, ikkje langt frå Dravlausstølen, med sin eigen flokk av økologisk fjordfe.

Bøndene rundt kjøkenbordet er skeptisk til at moderne husdyrproduksjon har gjort seg avhengig av store mengder kraftfôr, medan kulturlandskapet og utmarka gror att.

I same båt: Kjell Drotninghaug f.v., Kari Hjorthol, Nils Drabløs og Gunhild Øigarden er ikkje i tvil; det må ei krise til for å at vi skal forstå  at skal vi ha noko å leve av i framtida, må vi bruke ressursane vi rår over på ein betre måte.

– Vi har 35 prosent sjølvforsyningsgrad og ingen kornlagring. Vi bygger ned matjorda og baserer matproduksjonen på import. Vi kan ikkje halde fram slik. Det vil ikkje bli akseptert, seier Nils.

– Somme gonger forstår byfolk litt meir enn folk på bygda, legg han til.

– Politisk målsetting om å auke sjølvforsyningsgraden samsvarar ikkje med rammevilkåra for produksjon, meiner Kjell.

– Eg har tru på at folk vil få opp auga. Maten må produserast der me bur, ikkje fraktast rundt heile verda, meiner Kari.

Gjengen i stova på Ellinggarden trur det vil kome ei matkrise – og den kan kome raskt, avhengig av korleis matvaresituasjonen vert internasjonalt. Det får berre vere at det er pessimistisk og trøytande. Det er sanninga.

Sterke enkeltkrefter har fått for mykje makt og styrer organisasjonane i feil retning. Bøndene rundt kjøkenbordet trur på ein landbrukspolitikk delt mellom industri og småskala landbruk. Dei små må organisere seg betre og meir lokalt. Samvirket må byggast opp att frå botn av.

For Kari og Kjell vert det ei løysing å foredle meir av mjølka si sjølve. Paret har bygd eit lite meieri på stølen, og neste år kan dei mange hundre hyttenaboane få kjøpt økologisk yoghurt, smør og fersk ost, frå Vestlandsk fjordfe som beitar i utmarka.

Sjølvmelding

Kva motiverer: At andre tok opp att stølsdrifta og viste at det går, gjorde at også vi måtte prøve.

Tips til andre: Det kostar å bygge fjøs på stølen om ein ikkje har frå før, men ressursane i utmarka betyr at du kan ha eit par fleire kyr. Vi i interesseorganisasjonen Norsk Seterkultur, jobbar for å betre tilskota til seterdrift og er nøgd med å få på plass det nasjonale tilskotet på minst 50.000, noko som dekker løna til ei budeie.

Har trua

Gunhild og Nils har ikkje vald ei lettvint driftsform. Ei heller den mest innbringande. I fleire tiår har dei kjempa for respekt for det dei meiner er rett. Det tærer på kreftene.

Drifta er på mange måtar politisk korrekt, men tapar økonomisk med dagens landbrukspolitikk.

– Eg har ein ide om at vi ein dag vil forstå at skal vi sikre vår eigen matproduksjon må vi ta vare på jorda vår, seier Nils.

Nils og Gunhild er sterkt engasjert i miljøvern og det å ta vare på naturen gjennom fornuftig bruk. Dei viser at det går an å drive jordbruk ved optimal bruk av husdyrgjødsla og god plantedrift, utan sprøytemiddel og kunstgjødsel. Slik dei meiner er best for jorda, for dyra og for dei sjølve.

– Vi har trua på det vi gjer, seier Nils.

Stikkord denne saka: , ,