Nei til dyre rundballar: Karen Elisabet Rydland Sæbø og Gaute Aarbø i Rydland Storfe, kjøper verken rundballer eller livdyr, men sjonglerer med ulike slag kraftfôr når dei har knapt med grovfôr. Dei let seg heller ikkje stresse om dei ikkje fyller mjølkekvota.

 

Regn, tørke eller hjort – utfordringane står i kø for Rydland Storfe. – Løysinga er ganske enkel. Mindre grovfôr og supplere med  grovfôrerstatning og kraftfôr, seier Karen Elisabet Rydland Sæbø.

Liv Kristin Sola

Gardsfakta

Rydland Storfe består av fire aktive partar: Karen Elisabet Rydland Sæbø, Gaute Aarbø, Karl-Andre Rydland og Harald Rydland. Alle har arbeid utanom samdrifta. Fjøs, buskap, jord og maskinar høyrer til samdrifta. Bøndene driv kvar si jord, men arbeidet vert løna per time.

Karen Elisabet overtok faren, Lars Rydland, sin del av samdrifta i 2013. Dei andre har vore med frå starten i 2004. Dei steller fjøs kvar fjerde helg, og vekedagane er organisert etter ei turnusordning. Lars Rydland vert leidd inn på timebasis til diverse arbeid.

Fjøset har mjølkegrav og 72 liggebåsar, men tal årskyr varierer mellom 55 og 60. Kvoten er 480.000 liter og avdrått er i overkant av 9000 liter. Samdrifta disponerer 350 dekar dyrka jord og 258 dekar beite.

Karen Elisabeth og kollega Gaute Aarbø sit på kjøkkenet heime hjå Karen Elisabet på Rydland i Fitjar, og summerer siste års grovfôresesongar. Grovfôrproduksjon på Vestlandet har aldri vore plankekøyring, men svingingane har sjeldan vore så store som dei siste seks åra. Gaute definerer åra fram til 2013 som normale.

– Sesongane varierte sjølvsagt. I gode år sørga me for ein buffer som me flaut på i dårlegare år, men det hende me kjøpte rundballar, minnest Gaute.

Effektiv utfôring

Rydland Storfe har to plansiloar, kvar på 850 m3, (53x8x2). I praksis rommer dei til saman kring 1300 m3.

– Smertegrensa går på 1000 m3. Har me meir kan me fôre etter appetitt. Har me mindre må me gjere tiltak, seier Gaute.

Samdrifta eig maskinane og bøndene tek slåtten i lag, med hjelp frå Lars, far til Karen Elisabet. Graset vert slått i streng og hausta med snittar. På krevjande areal er det berre fôrhaustar som fungerer.

– Plansilo er hektisk under ilegging  og krev fleire fine slåttedagar på rad. Rekk me ikkje alt, tyr me til rundballar, seier Gaute.

– Plansilo er rasjonelt å fôre med. Tre minutt per klype – rett på matebordet, seier Karen Elisabet.

Endra fôringsstrategi

Eit uhell med avlinga i 2011 gjorde at dei måtte redusere buskapen. Då den iskalde våren melde seg i 2013, nærma dei seg normal produksjon og bøndene ønska ikkje å redusere dyretalet atter ein gong, sjølv om dei hadde kritisk lite fôr.

– Kjøp av rundballar er alltid ein risiko. I 2013 skaut prisane i veret på grunn av den kalde våren og mykje øydelagd eng, seier Gaute.

Ei trøyst var at mange var i same båt og kraftfôrindustrien starta for alvor å utvikle fiberkraftfôr (grovfôrerstattarar).

– Me kom i kontakt med fôringsrådgivar Anja Våg Skjold i Tine, og bestemde oss for å porsjonere ut det grovfôret me hadde og supplere med Felleskjøpet sitt grovfôrmangel-kraftfôr, seier Karen Elisabet, som akkurat hadde teke over heimegarden.

Kontrollert fôring: Dei har rekna ut kor mange klyper surfôr dei kan nytte per dag. Fôret vet lagt på matebordet og transportert over på utfôringsbandet i taket.  

Stålkontroll med fargekodar: Raudt for blod, grønt for kalving, blått for inseminering og svart for brunstnotater.

Så kom 2017

Etter frostskadane i 2013 måtte store delar av enga fornyast. Innsatsen vart kvittert ut med gode avlingar dei neste åra.

– Truleg var 2015 det beste avlingsåret nokon gong, seier Gaute.

Bøndene hadde difor ein god buffer då fjorårssommaren kom med alt den baud på av nedbør. Mot normalt 2,5 slåttar, vart det ikkje meir enn 1,5 slåttar i fjor, men grovfôrlageret varte heilt fram til starten av desember. Ei utrekning viste at dei då hadde 85 prosent av fôrbehovet att i siloane.

– Basert på grovfôranalysane og berekningar i Optifôr, reduserte me grovfôrmengda med 15 prosent, og supplerte med fire kilo fiberkraftfôr. Det stemde også denne gong. Men me hadde flaks, og fekk ein tidleg beitesesong i år. Kvigene om ut i slutten av april og kyrne 18. mai, seier Karen Elisabet.

 

Slått av eng kor hjorten ikkje har beita. 

Slått av eng kor hjorten har beita. 

Ikkje så ille i år

Årets to første avlingar vart hausta noko tidlegare enn normalt, under uvanleg gode tilhøve. Så langt i år er volumet noko mindre enn normalt, men graset er tørt og med ein god tredje slått vurderer dei 2018 som eit middels godt år.

– Mykje av jorda er tungdriven. Myra som eg ikkje fekk slått i fjor, ga spesielt god avling etter brenning i vinter. Både utstyret og bøen har vore som ein draum. Me rakk til og med å fortørke, og få alt i plansiloen utan å kjempe med regnet, konkluderer Gaute.

No ventar dei på NLR som skal ta grovfôrprøve. Om avlinga er slik dei trur, blir det appetittfôring fram mot jul før dei tek ei ny vurdering for å sjå om dei må porsjonere og supplere med fiberkraftfôr.

Avling per dekar har dei ikkje rekna på. Avling er ein ting, kva dei kan hauste er noko anna.

– I lag med ein nabo har me i samdrifta løyve til å skyte 50 hjortar. Kunne me hausta den avlinga hjorten tek, hadde me hatt fôr for sal, seier Gaute.

Sparer mykje fôr

– Å redusere grovfôrtildeling med 75 prosent betyr at du på ein månad sparer inn ei veke med grovfôr. På fire månadar har du spart inn ein månad med grovfôr. Startar du å spare i september har du fôr til juni i staden for å gå tom i april, seier Karen Elisabet.

I løpet av sesongen kontrollerer dei at forbruket stemmer med planen, men Karen Elisabet innrømmer gjerne at ho kan bli nervøs når det minkar i ein slunken silo. Erfaringa er likevel at det stemmer. Surfôret rekk akkurat så lenge som berekna. Kyrne får nok næring og bøndene får betalt i jamn yting.

– Når du reduserer til 75 prosent av appetitt må du klare å leve med at kraftfôrdelen stig. Du må tole å sjå at somme kyr vert litt slunkne fordi dei ikkje fyller opp vomma. Du kan også oppleve at somme kyr vert forfangne og kryssar framføtene, seier Karen Elisabet som er
veterinær og tek seg av inseminering og dyrehelsa i fjøset. I tillegg har ho hovudansvaret for fôringa. Vaksne kyr får inntil 15 kilo og kvigene får maks 11 kilo tradisjonelt kraftfôr per dag. Fiberkraftfôret kjem i tillegg.

Sjølvgjort: Kraftfôrtanken som rommar fiberkraftfôret sette dei opp sjølve og halverte kostnadane.

Driftssikkert og effektivt: Fôringsopplegget med matebord og bandutfôring er effektivt og fungerer godt, spesielt til snitta fôr.

Sparer mykje fôr

– Å redusere grovfôrtildeling med 75 prosent betyr at du på ein månad sparer inn ei veke med grovfôr. På fire månadar har du spart inn ein månad med grovfôr. Startar du å spare i september har du fôr til juni i staden for å gå tom i april, seier Karen Elisabet.

I løpet av sesongen kontrollerer dei at forbruket stemmer med planen, men Karen Elisabet innrømmer gjerne at ho kan bli nervøs når det minkar i ein slunken silo. Erfaringa er likevel at det stemmer. Surfôret rekk akkurat så lenge som berekna. Kyrne får nok næring og bøndene får betalt i jamn yting.

– Når du reduserer til 75 prosent av appetitt må du klare å leve med at kraftfôrdelen stig. Du må tole å sjå at somme kyr vert litt slunkne fordi dei ikkje fyller opp vomma. Du kan også oppleve at somme kyr vert forfangne og kryssar framføtene, seier Karen Elisabet som er
veterinær og tek seg av inseminering og dyrehelsa i fjøset. I tillegg har ho hovudansvaret for fôringa. Vaksne kyr får inntil 15 kilo og kvigene får maks 11 kilo tradisjonelt kraftfôr per dag. Fiberkraftfôret kjem i tillegg.

– Du må sjå på dyra. Sørge for at ureaverdien er på eit nivå som gjer at du har friske og fruktbare kyr. Sjå på gjødselkonsistensen at vomma fungerer, og sjekk at dyra ikkje vert halte. Det er ikkje vanskeleg, du må berre sjå, seier ho, og legg til:

– Du må ta eit val og ha ein plan. Du må meine alvor og gjere jobben. Då fungerer dette.

Fôrlager: Smekk fulle rommer dei to plansiloane 1700 m3. I eit godt fôrår har dei opp mot 1300 m3. Når lageret måler mindre enn 10 m3 gjer dei tiltak.

Heimesnekra kraftfôrsilo

Med Anja på laget tok dei i bruk planleggingsprogrammet Tine Optifôr og la om frå tradisjonell fôring etter yting, til strategifôring.

– Strategifôring betyr at me fôrar etter planlagd avdrått. Anja finn rett type og mengd kraftfôr ved hjelp av Optifôr. Deretter justerer eg tildelinga etter planlagde laktasjonskurver ved hjelp av Alpro, seier Karen Elisabet.

Hausten 2013 hadde dei om lag 75 prosent av grovfôrbehovet. Skulle dei supplere med fiberpellets, måtte det på plass ein ny kraftfôrsilo.

– Løysinga vart ein Helly Hansensilo på tre tonn som me monterte i ei treramme. Me skøytte på eit kammer i høgda og auka kapasiteten til fem tonn. Skrue, koplingar og røyr kom på kring 50.000, men totalsummen vart truleg halvert samanlikna med å kjøpe ny silo, seier Gaute.

Færre kyr gjer det romslegare i alle avdelingane, både hjå kalvar, kviger og kyr.

Innflyttingsgåve: Alltid eit mål å strekke seg mot.

Sjølvmelding

Erfaringar med lite grovfôr: Samdrifta kjøper verken grovfôr eller livdyr, men supplerer med fiberkraftfôr i år med lite grovfôr og aksepterer at dei ikkje fyller kvoten kvart år.  Fôringa blir enklare og meir stabil med fiberkraftfôr og gir eit betre resultat
enn å kjøpe kostbart grovfôr av varierande kvalitet. Kyrne svarar med god yting.

Tips til andre: Ta fôrprøvar og finn ut kor mykje fôr du har, og kan bruke kvar dag. Kontakt rådgivar, bruk Optifôr og lag ein plan. Du må halde deg til planen og ikkje endre undervegs. Då går fôringa på autopilot Ikkje vent med å ta grovfôranalysar til seks veker etter tredje slått. Analyser førsteslåtten når den er klar og kom i gang. Nytten med fleire analysar er større enn kostnaden, spesielt når du har lite grovfôr.

Mindre grovfôr – meir mjølk

Kraftfôrsiloen var på plass i november. Grovfôrrasjonen vart redusert til 75 prosent av appetitt pluss seks kilo fiberkraftfôr til kyrne og fem kilo til førstegongskalvarane, alt nøye planlagd i Optifôr.

Grovfôrrasjonen vart redusert frå seks klyper per dag til 4,5 klyper. Kor mange kilo det skulle utgjere stod på planen. Nokre turar til bossplassen for å kontrollvege stadfesta at vekta stemde.

– Kyrne mjølka som eit uvêr. Snittet auka frå kring 7000 til 9000 liter, seier Karen Elisabet.

Både ho og Gaute trur auken skuldast fleire faktorar, ikkje minst at dei la om kraftfôrstrategien og tok i bruk Optifôr. Dei fekk erfare at stabil fôring gir resultat, sjølv om betyr store mengder fiberkraftfôr i tillegg til vanleg produksjonskraftfôr.

Med 55 kyr og 72 liggebåsar har dei god kapasitet i fjøset. Alle dyra kan ete samstundes, ein stor fordel når dei har avgrensa mengd grovfôr på fôrbrettet. At dei har god kapasitet i fjøset er spesielt viktig i kalveavdelinga. Gaute og Karen Elisabet er samd om at nok råmjølk og friske kalvar verkar inn på helse og yting i buskapen.

Stikkord denne saka: , , ,