BN+

Nøgd med avgjersle og opplegg: Erling Eggebø, til venstre, er nøgd med opplegget han får presentert hjå Knut Egil Stakkestad. Dyra fekk koma ut like før påske, og får gå inn og ut av fjøse slik dei vil. Tilleggsfôret blir servert inne.


Så langt byr våren på gode beiteforhold, men stort sett er det sauer og lam som får koma ut. Nortura-rådgivar Erling Eggebø etterlyser meir storfe i landskapet.


Jane Brit Sande


Erling Eggebø, storferådgivar i Nortura, Sandeid, vil sjå meir storfe på beite tidlegare om våren, og har fleire argument for det.


– Smittepress, ugraskamp, tilvekst og tilskot, ramsar han opp.


Rådgivaren vil at fleire storfebønder skal gjere som sauebøndene: Sleppe ut dyra så snart som råd.


– Ikkje la beitegraset bli høgare enn ti centimeter før du slepp dyra ut, seier Eggebø.


Førebels er det lite bløyte i marka dei fleste stader. Dette legg forholda til rette for at dyra skal kome tidleg ut.


– Det blir lite opptråkk på beitet, og det er ikkje så tort at graset ikkje veks, slår han fast.

Smittepress

Den seine påsken kom med sommartemperaturer fleire stader i landet. Med lemming og vårkalving aukar talet på dyr i fjøset.


– Desse forholda gjer at det allereie høge smittepresset inne i fjøset, blir høgare. Bakteriane likar seg godt i fjøset under slike forhold, seier rådgivaren.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , , ,