Smått er for lite: Kjellaug, Sondre og Sigurd Århus vil gjerne bygge fjøs tilpassa ressursane dei rår over, men løftene om å satse på små og mellomstore bruk opplever dei som tomme ord.

Fylkesmenn over heile landet lovar forsterka satsing på små og mellomstore bruk. Mjølkefjøs med 15-30 kyr skal prioriterast, heiter det. Men kvardagen ser litt annleis ut på grasrota.

Liv Kristin Sola

Bonde og klauvskjerar, Sigurd Århus, og sonen Sondre Århus, frå Århus, innerst i Teigdalen i Voss kommune, ville bygge fjøs til 20 kyr med fullt påsett og framfôring av oksar. Prosjektet, som hadde ein kostnad på 6,6 millionar, kom i retur frå Innovasjon Norge. Kostnadane måtte reduserast. Dei kutta ut okseoppdrett og vil nytte det hundre år gamle fjøset til å huse kvigene. Det siste utkastet omfattar 20 kyr og spedkalvar, brukt mjølkerobot og fôring med avlessarvogn. Prislappen er på 5,8 millionar.

Nyleg kom også det siste utkastet i retur med beskjed om å redusere kostnadane ytterlegare og auke innteninga.

– Me har ikkje meir å kutte. Skal me auke produksjonen, må me langt etter fôr. Med to millionar i støtte og 500.000 i netto inntekt på brøyting og klauvskjering, vil dette gå heilt fint, meiner Sigurd.

Investerer i jorda

Både Sondre og Sigurd er tilsett på garden og tek ut løn etter avtale. Overskotet vert investert i grøfting og jordforbetring. Dei håper å auke avlingane og bli mest mogleg sjølvforsynt med grovfôr. Driftsplanen viser eit knapt overskot av areal til produksjonen dei har planlagd. Maskinparken er på plass og Sondre driv litt leigepressing for naboar. Arbeidsvederlaget er berekna til 86 kroner per time.

– Ikkje mykje, men me går i pluss og kryssubsidiering har me halde på med i alle år, seier Sigurd, som har planar om å halde fram med klauvskjering.

Familien reagerer på korleis inntekt utanfor garden vert vurdert, og meiner at 20 kyr og mjølkerobot gir rom for arbeid utanfor garden.

– Dette er eit deltidsbruk, det har det vore i alle tider. Deltidsbonden er ein viktig ressurs i samfunnet, seier Sigurd.

– Me kan sette inn mjølkegrav, men då er det farvel til brøyting og klauvskjering. Ingen treng robot meir enn deltidsbonden, seier Sondre.

Med godt heimeavla fôr, vårkalving og sommarmjølk, meiner dei å kunne påverke resultatet i ein positiv retning.

– Det er klart me må ha ein god plan og ikkje berre sulle i veg på tilfeldig vis, seier Sigurd.

Kvoten attende

Sigurd og kona Kjellaug dreiv mjølkeproduksjon med jerseykyr frå dei overtok i 1980 fram til 2008. Det vart for mykje arbeid i forhold til inntening å drive i det hundre år gamle fjøset.
Sondre er utdanna agronom og har eit år med landbruksteknikk på høgskulen i Hedemark. Han ønska seg meir utdanning og arbeidserfaring før han var klar for å overta bruket. Kjellaug og Sigurd leidde ut kvoten på 43.000 liter. No er kvoten attende på garden. I tillegg har dei leidd to kvotar og disponerer 160.000 liter. Dei eig ein stor flat teig med dyrka jord på 70 dekar, og leiger 80 dekar dyrka jord i tillegg.

Kjøkenbordskonferanse

Dei har vore innom tanken på å satse på ammekyr eller fôre fram oksar, men det er mjølk som er drivkrafta for Sondre.

– Mjølk gir den sikraste og mest stabile inntekta og er det mest fornuftige valet med utgangspunkt i dei ressursane me rår over, seier han.

Dei vil bygge så raskt som råd, men Innovasjon Norge sit med startknappen.

– Får me ikkje Innovasjon med, vert det ikkje lett å få banken med, seier Sigurd.

– Alle snakkar om å satse på små bruk, men i realiteten er det ikkje anna enn hindringar, erfarer Sondre.

– Skal Hordaland og Vestlandet med vidare, må det vere rom for bruk av denne storleiken. Det går ikkje opp at alle dei små skal doble produksjonen, seier Sigurd.

Siste utkast: Fjøset er på 15 x 25 meter med full gjødselkjellar på 2,70 meter – 14 månaders lager. Isolert med mekanisk ventilasjon. Liggebåsar til 20 kyr og plass til spedkalv. Kostnad på 5,8 millionar. Første utkast var med plass til kviger og framfôring av oksar, kostnadsberekna til 6,6 millionar.

Grundig lurt?

Dei starta med god tru. No er dei usikre. Alt snakket om å løfte dei små og mellomstore bruka.
– Kva er eit lite bruk, dersom 20 kyr ikkje er stort nok? spør Sigurd.
– Dei seier me må satse. Då må dei vise at dei meiner alvor, ikkje berre snakke fint, seier Sondre.

Ikkje god nok lønsemd

– Skal me for alvor satse på fjøs med 15-30 kyr trengs det ei anna innretning på investeringstilskotet, seier Karsten Valland.

Tal frå Tine viser at lausdriftsfjøsa utgjer 35 prosent av alle mjølkefjøs, medan om lag 45 prosent av mjølkevolumet vert levert frå lausdrifter. Gjennomsnittskvotane (fylkesvis) i lausdriftsfjøs varierer mellom 250.000 og 350.000 liter, medan kvotane i båsfjøs varierer frå 90.000 til 160.000 i snitt. Båsfjøs i Telemark og Sogn og Fjordane har dei lågaste kvotane, med 91.000 og 96.000 liter i snitt.

– Grunna krav til lønsemd i investeringane har det vore krevjande å få støtte til å bygge nye lausdriftsfjøs til færre enn 30 kyr. Men det er fleire døme på gode prosjekt med 15-20 kyr som har fått støtte til ombygging av eldre båsfjøs til lausdrift, seier Karsten Valland, seniorrådgivar hjå Innovasjon Norge (IN), avdeling Bergen. No er signala annleis. IN skal prioritere små og mellomstore bruk, spesielt fornying av fjøs med 15-30 kyr. IN kan støtte med opp til 35 prosent av godkjent kostnadsoverslag med ei øvre tilskotsgrense på to millionar per prosjekt.

Karsten Valland

Tilskotet bør aukast

– Korleis skal ein få med dei små og mellomstore?

– Godt spørsmål. Med dagens ordningar vert det krevjande å få akseptabel lønsemd i små prosjekt, spesielt i distrikta kor mekaniseringsbehovet ofte er stort. Tungvint drift, smått, bratt og lange avstandar dreg opp kostnadane. Samstundes er byggekostnadane høge samanlikna med sentrale strok.

Valland kan per i dag ikkje vise til nye fjøs med 20 kyr som har fått tilskot.

– Regjeringa har liten innverknad på kostnadane, men dei kan gjere noko med investeringsrammene. Skal me for alvor satse på fjøs med 15-30 kyr og oppretthalde mjølkeproduksjon der areala og ressursane ligg, trengst det truleg ei anna innretning på investeringstilskotet, og ei auke av maks tilskot.

– Me kan ikkje satse på ei utbygging som ikkje tek omsyn til framtidas miljøkrav. Produksjonen bør i større grad stå i forhold til ressursgrunnlaget. For ti til femten år sidan var produksjonen avgrensa til maks 720 liter mjølk per dekar. Det er noko å reflektere over når me i dag kan planlegge prosjekt som tek høgde for 1500 liter per dekar. Fôret må kome ein stad i frå, seier Valland.

Heilskapen er avgjerande

20-25 kyr vert eit balansepunkt kor enkeltfaktorar er avgjerande for å få akseptabel lønsemd. Under 20 kyr vert krevjande. Fjøs til 30 kyr vert vurdert som eit mellomstort bruk som med ein god plan og god drift, kan gi tilfredsstillande lønsemd. Kvote, jord og arbeidsvederlag er dei viktigaste faktorane når ein søknad skal vurderast. Eit mindre prosjekt med eit solid ressursgrunnlag kan gi betre lønsemd enn eit større prosjekt med vaklande ressursgrunnlag. Fôrgrunnlaget må stå i høve til kvoten dei skal produsere.

– Arealet er ein ting. Avstand til jorda, avlingspotensial og krav til mekanisering er avgjerande faktorar for økonomien i prosjektet.

– Det er sjølvsagt ein fordel å eige jorda, men dei aller fleste baserer mykje av produksjonen på leigejord. Avtale om kjøp av grovfôr er eit alternativ, men aukar risikoen i prosjektet. Grovfôrmangel gjer drifta sårbar og kan resultere i svak kvotefylling. Kvotefylling er ein viktig faktor for lønsemd i drifta, seier han.

Akseptabel lønsemd

Valland legg vekt på at økonomien i eit prosjekt ikkje berre skal dekka kapitalkostnadane i prosjektet. Bonden skal også ha ei rimeleg timebetaling for arbeidet han eller ho legg ned. Gjennomsnittleg arbeidsvederlag for norske bønder er i følgje driftsgranskingane, om lag 180 kroner per time.

– Då bør arbeidsvederlaget i eit nytt prosjekt helst karre seg over 100.

– Kva med god inntening utanom drifta?

– Det er sjølvsagt viktig for totaløkonomien, men etter mi meining vert det ikkje rett å gi støtte til eit prosjekt som ikkje har ei akseptabel lønsemd.

– Kva med motivasjon og menneskeleg ressurs?

– Søknaden er eit samarbeid mellom bonden og planleggjaren som utarbeider ein driftsplan og ein byggeplan som ligg til grunn for søknaden. Me er sett til å vurdere realismen og økonomien i dei ulike prosjekta, basert på ressursgrunnlag, kompetanse og gjennomføringsevne.

Fylkesvis fordeling av båsfjøs og lausdriftsfjøs i Tine, samt dei to avdelingane til Q-meieriene. Gjennomsnittskvotane på båsfjøs er på 90.800 i Telemark til 164.400 i Rogaland. For lausdrifter er variasjonen mellom 250.000 i tidlegare Vest-Agder til 352.000 i Østfold. 1782 bruk har minst ein mjølkerobot. Det utgjer 23 prosent av alle mjølkebruk i landet. I Tine er det 85 bruk som manglar registrering.

Må sjå på totaløkonomien

– Skal mjølkeproduksjonen oppretthaldast på Vestlandet, må det vere rom for deltidsbonden, seier Jo Helge Sunde.

Sogn og Fjordane har i seinare år hatt ein offensiv strategi for fordeling av midlar til mjølkebruk. Dei har prioritert å gi maks tilskot per prosjekt og dermed gitt støtte til færre prosjekt. Dei i større grad enn kva nasjonale føringar har lagt opp til, lagt samla inntekt på bruket til grunn for vurdering av lønsevne. Det stadfestar Jo Helge Sunde frå Tine og Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane. Han har lang erfaring innanfor næringa og skryt av samarbeidet mellom faglaga, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Dei har ei felles forståing for kva som er utfordringane for mjølkeproduksjonen i fylket, og prøver å finne gode løysingar.

Sunde er svært nøgd med dei tydelege føringane som kom i årets oppdragsbrev frå Landbruks og matdepartementet til Innovasjon Norge. LMD presiserer at det må takast omsyn til det samla næringsgrunnlaget på bruket ved vurdering av lønsemda i eit investeringsprosjekt.

– Dette har me etterlyst. No er det ikkje lenger tvil. Dette er kjempebra. Moderne fjøs med 15-25 kyr frigjer arbeidstid som kan og bør nyttast til anna arbeid. Då vert det etter mi oppfatning feil å hindre at eit prosjekt får tilskot fordi det isolert sett ikkje gir god lønsemd. Samla økonomi i heimen bør vere avgjerande. Det må vere rom også for deltidsbonden.

Jo Helge Sunde

Snu trenden

– Sjølvsagt bør det jobbast for betre økonomi på små og mellomstore bruk. Årets jordbruksoppgjer var eit steg i rett retning. 97,5 prosent av den dyrka jorda og beite i drift her i fylket er knytt til eksisterande husdyrhald, storfe og sau.

– Det framtidige Vestland fylke vil ha 1300 mjølkeprodusentar som produserer 180 millionar liter mjølk. Fylket har dei minste kvotane i landet og 19-20 årskyr i snitt. Held utviklinga fram, med høge krav til lønsemd isolert i prosjektet, kan i verste fall to tredjedelar av bruka i fylket forsvinne innan 10-15 år, trur Sunde.

– Me må snu trenden og bygge fjøs som er tilpassa dei naturgitte tilhøva, meiner Sunde.

Han har merka seg at haldningane i miljøet er snudd frå pessimisme til optimisme.

– Pågangsmot dominerer miljøet i større grad enn tidlegare. Kan hende er det ikkje så dumt med ein god dose realistisk entusiasme og engasjement inn i desse planane. Når dei kjem over kneika kan dei få eit godt liv som mjølkeprodusentar, også i komande generasjonar, trur Sunde.

 

Stikkord denne saka: , ,