Stor interesse for små fjøs: Bondevennen har vore på opning av små fjøs på Vestlandet og i Telemark – og me var ikkje åleine. Her frå opninga hjå Marianne og Eivind Myrdal i Bergen.

Tre fjøsopningar i strålande vårsol viser at det går an å modernisere bruket utan å auke kvoten. 

Liv Kristin Sola

I samarbeid med Felleskjøpet, Nortura og Tine var det tre stolte bønder som inviterte til gards i starten av april. Noko er likt på gardane i Vinje, Bergen og på Radøy, men mykje er ulikt. Felles for dei alle er små kvotar, krevjande terreng, avgrensa areal og små teigar. Alle har også eit sterkt ønske om å halde fram som mjølkeprodusentar. Men dei vil vere det på sine premissar og helst klare seg med dei ressursane dei rår over på garden og i familien.

Ulikt utgangspunkt

Ein har fulltidsjobb på garden, to har inntekt utanfor bruket. Ein hadde lausdrift, to bygde på, medan ein bygde om eksisterande bygg. Alle fekk støtte av Innovasjon Norge (IN). Ingvild og Aasmund Nordstoga, i Vinje i Telemark, driv Nord-Europas minste lausdriftsfjøs med ti mjølkekyr. Etter utvidinga til 18 båsplassar blir dei truleg slått av Marianne og Eivind Myrdal. Bøndene i Jordal i Bergen har 13 mjølkekyr
og bygd om båsfjøset til lausdrift med 16 liggebåsar.

Les om Aasmund Nordstoga og om Eivind Myrdal.

På Radøy i Hordaland har Jonny Soltveit satsa i to omgangar. Først lausdrift med mjølkestall. Ti år seinare er bonden snart i mål med robot og plass til sinkyr og ungdyr.

Les om Jonny Soltveit.

Kva er realistisk?

– Eg har fått med meg at det har vore invitert til mange fjøsopningar, men dette er den første som har vore interessant, fordi den er realistisk i forhold til vårt bruk, seier ein av dei som var på opninga hjå familien Myrdal.

Han er ikkje den einaste som tenker slik. Svært mange er i same båt. Har du ein kvote på 60 tonn er truleg ressursgrunnlaget tilpassa nettopp denne produksjonen. Bur du på Vestlandet eller i Telemark, er produksjonen tradisjonelt basert på beiteressursar i utmark. Slik
er ikkje lenger sjølvsagt i moderne mjølkeproduksjon.

Dei aller fleste som vil bygge, vil auke produksjonen, vert det ofte sagt av dei som teiknar og planlegg og løyver pengar. Er det verkeleg slik? Eller er det andre som «fortel» bonden at han ønsker eller bør, auke produksjonen?

Lausrive frå ressursgrunnlaget

Bondevennen erfarer at mange bønder kvir seg for å bygge stort for å sikre inntening, for så å kjempe kvart år for å få tak i nok grovfôr av god kvalitet til ein forsvarleg pris, for å sikre nok fiber til drøvtygging. Er importert halm og meir innkjøpt kraftfôr svaret for distriktslandbruket? Medan utmarka vert liggande brakk fordi ytinga per båsplass må optimaliserast?

Setter mot i andre bønder

Auka merksemd frå øvste politisk hald dei seinare åra har gjort det realistisk for fleire å satse på små bruk. Bøndene på dei neste tre sidene viser at ein ikkje er nøydd til å vere stor eller auke produksjonen for å få det til. Slike døme er viktige. Ikkje fordi løysingane kan eller bør kopierast. Kvart prosjekt er unikt, men det er mykje å lære av andre.

Som «liten» må du gjera nokre kompromiss og ønskelista over tekniske hjelpemiddel må ikkje vere for lang. Ein gledeleg nyheit er då at frå og med i år kan Innovasjon Norge gi støtte også til brukte robotar.

Dei tre bøndene frå Vinje, Bergen og Radøy, viser at det går an om du vil gjere det som må til. Og om du verkeleg ønsker å fortsette som mjølkeprodusent.

Stor interesse for små fjøs: Mange kom for å sjå og høyre korleis bøndene på Radøy, i Bergen og i Vinje (biletet) hadde løyst utfordringa med å bygge til små buskapar.

Stikkord denne saka: , , ,