bv46_aktuelt2

Gabrielle Brennhaugen (t.v) og Alexandra Devik var godt nøgd med talet på deltakarar på møtet om andelslandbruk.

Oppmøtet var over all forventning då det vart arrangert informasjonsmøte om andelslandbruk i Stavanger.

 

Jane Brit Sande

Vel 80 personar, blant desse både forbrukarar og produsentar, stilte opp på informasjonsmøte om andelslandbruk. Det var Oikos og Fylkesmannen i Rogaland som inviterte.
Andelslandbruk lar forbrukarar kjøpe ein andel av ein produksjon, og er med på risikoen. Dette kan gi auka bevissthet kring matproduksjon og jordvern – og tryggleik for bonden.

Vil kjenne maten

– Fleire og fleire etterspør historia til maten dei et. Dei ser på innhaldslista på emballasjen på maten, og den er ofte dominert av ord dei verken kan forstå eller uttale, fortelde Gabrielle Brennhaugen, leiar for Oikos (Økologisk Norge) i Rogaland.
Per i dag er det seksten andelslandbruk i Norge, og fleire av desse har lange ventelister. Det er ikkje oppretta andelslandbruk i Rogaland, Hordaland eller Agder-fylka.
– Det er med stor glede eg deler at dette informasjonsmøtet er «pressa fram» av forbrukarane, det er ikkje eit initiativ tatt av verken oss i Oikos eller frå Fylkesmannen si side. Det er eit grasrotinitiativ, fortelde ho entusiastisk.
Alexandra Devik, prosjektleiar for andelslandbruk i Oikos, følgjer fleire av andelslandbruka i landet tett, og ser at det er ei ordning som blir meir og meir kjent. Ho har lenge venta på at noko skulle skje på denne fronten i Rogaland.
– Andelslandbruk har eit stort potensiale som bidragsytar til nytt liv i landbruket, meiner Devik.

Andelseigarar

Devik viste til tre prinsipp som dannar kjernen i andelslandbruk. Det skal vere open gjensidig dialog om produksjon og økonomi, det skal vere gjennomsiktighet i økonomien, og det er felles ansvar og deling av avling og risiko.
– Forbrukar kjøper seg ein andel av ein produksjon, gjerne eitt år om gongen, og er på den måten med på både risiko og gevinst, forklara Devik.
– Andelsprisen skal betalast i starten året eller sesongen, og skal dekke kostnadane av produksjonen.
Devik råda at det er årsmøte i andelslaga. Med gjennomsiktigheten i økonomien, som eit av prinsippa tilseier, vil alle medlemmane kunne sjå kva som kostar, og korleis dei deler avling og risiko.
– Blir kostnadane for høge, går andelsprisen opp følgjande år eller sesong. Er det overskot, kan dette anten brukast til investeringar, eller å setta ned andelsprisen følgjande år eller sesong.
– Modellen tilseier ikkje at det nødvendigvis må vere økologisk produksjon, det handlar om openheit og risiko, sa Devik.

Fellesskapet

– Eit viktig aspekt med denne modellen, er fellesskapet, slo Devik fast.
Nokre andelslandbruk har minimumskrav til dugnadstimar, til dels seks timar per andelseigar, medan andre ikkje.
– Andelslandbruk er eit nytt prinsipp i Norge, og så langt er det ingen juridiske hindringar, sa Devik.

 

På Sandnes-bordet var både produsentar og forbrukarar med i diskusjonen.

På Sandnes-bordet var både produsentar og forbrukarar med i diskusjonen.

Spontan «workshop»

Eit sterkt oppmøte, inspirerte arrangørane til å sette i gong ein spontan «workshop». Målet var at det skulle setjast i gong ein dialog. Forsamlinga blei delt inn i grupper basert på kommune/region: Sør-Jæren, Sandnes, Stavanger, Randaberg, Nedstrand/Tveit vidaregåande skule. Det var varierande kor mange det var av produsentar og/eller forbrukarar i kvar av gruppene. I slutten av møtet var det ein gjennomgang av kva som var diskutert i gruppene.

Sør-Jæren:
– I vår gruppe, kanskje overraskande med tanke på region, er me berre forbrukarar, blei det sagt frå gruppa under gjennomgangen.
Deira vidare arbeid vil vere å koma i kontakt med bønder som dei kan samarbeide med, og dei brukte litt tid på å diskutere kva dei kunne dyrke. Det skal opprettast ei Facebook-gruppe der dei kan halde kontakten og dele informasjon.

Sandnes:
Fleire produsentar frå Sandnes tilstade på møtet, men det kom fram under diskusjonen at ingen ville vere dei fyrste som hoppa ut i eit slikt prosjekt.
–    Det må vere ei sterk gruppe forbrukarar som styrer og administrerer. Det er mykje arbeid å driva gard. Fyrst må initiativet kome, så må me sjå vidare kva som skjer, sa ein av produsentane i gruppa.
Gruppa kom ikkje fram til ein spesifikk konklusjon i denne gruppa. Sandnes-gruppa var den styrste i forsamlinga, med om lag 30 personar rundt bordet, og interessa var absolutt tilstade.

Stavanger:
For denne gruppa er fyrste steg å komma i kontakt med ein bonde dei kan samarbeida med. Dei uttrykte dei var klar for dugnadsinnsats osb. for å komme i gang med eit andelslandbruk dei kan vere del av.
Håkon Fossmark var ikkje redd for å ta ordet då Stavanger-gruppa skulle gå gjennom deira diskusjon.
–     Eg har lyst på miljøvenleg mat, og eg kan bidra med tid og pengar, sa han.

Randaberg:
Randaberg-gruppa si diskusjon hadde gitt resultat. Dei var allereie godt i gang med å legge ein plan for kva dei kan få til i kommunen. Fyrste steg er å samle interessenter til eit møte no i november. Gruppa sette mål om å stifta og kome i gang med eit andelslandbruk med grønsaksdyrking allereie frå 2015.

Nedstrand/Tveit vidaregåande skule:
To representantar frå Tveit vidaregåande skule hadde tatt turen til møtet. Dei har areal som kan nyttast, tilgjengeleg på skulen. Neste steg er å kartlegge interessa.

 

Vil du lære meir om andelslandbruk? Ta ein titt på denne nettstaden (klikkbar lenke).

Stikkord denne saka: , ,