BN+

Optimal tilpassing: Sommarmjølk og jerseykyr med høg tørrstoffprosent gjer stort utslag på mjølkeprisen. Tal frå Tine sin ØRT viser at Erik, med det driftsopplegget han har vald, vil oppnå ein gjennomsnittleg mjølkepris i året på 7,70 kroner - og eit dekningsbidrag inkludert alle tilskot, på 85.000 kroner per årsku. 


- Skal du lukkast som liten er det heilt avgjerande å tilpasse produksjonen slik at du utnytter smådriftsfordelane heilt maksimalt, seier Erik Kvinge.


Liv Kristin Sola


Mjølkebonden frå Masfjorden i Nordhordland er ikkje i tvil. Det er mogleg å drive framtidsretta og lønsamt, sjølv med liten kvote.


– Først og fremst må du vite at du verkeleg vil. Deretter må du sjå kva du har som utgangspunkt og optimalisere drifta etter det, seier Erik.


Med åtte kyr, 45 tonn i grunnkvote og 60 dekar dyrka jord skulle ein tru det var freistande å auke, i alle fall litt. Skal produksjonen aukast vert det på eiga mjølkeforedling, ikkje med innleidd eller kjøpt kvote.


– Tilpassing til sommarmjølk og teljedato, samt val av rase er heilt avgjerande for å drive lønsamt med ein så liten kvote, seier Erik.


Med konsentrert kalving og sommarmjølk, samt høgt tørrstoffinnhald i mjølka, kan Erik oppnå ein mjølkepris på 7,70 kroner per liter i snitt på året.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , , ,