I forkant av problema: Reint og tørt miljø reduserer smittepresset og aukar trivselen for kalvane.

Ein kald og rå vinter kan vere krevjande for små kalvar, men sommaren er heller inga plankekøyring. Ein travel kvardag krev sitt og varmt vêr har sine utfordringar.

Liv Kristin Sola

Her kjem nokre enkle råd for ein fin kalvesommar.

  1. Kalvedekken er viktig om vinteren, men bør leggast vekk når temperaturen kryp over ti grader. Eit rått og fuktig dekken kan gi luftvegsproblem. Vask og tørk dekkenet (ikkje bruk såpe) og legg det på ein tørr plass slik at det er klart til bruk neste vinter.
  2. Klipp kalven over ryggen og gjerne langs hals og skuldre. Rygglinja fungerer som ventilasjon hjå dyra.
  3. Kalvane skal ha tilgang til nok reint og friskt vatn heile døgnet. Kalven har spesielt stort behov for vatn i sommarvarmen.
  4. Følg med at kalvane er friske. Vær rask med å gi væske og eventuelt saltbalanse/elektrolyttar, dersom du ser teikn til sjukdom. Eit godt tips er å ha ein plan for kva ein gjer når ein kalv vert sjuk – då er det lettare å ta tak.
  5. Gi kalvane mjølk straks etter oppvarming og sett overskotsmjølk til kjøling – under seks grader. Mjølk må oppbevarast kjøleg. Kjøling i bøtte med kaldt vatn er ei dårleg løysing då vatnet raskt stabiliserer seg på romtemperatur. Talet på bakteriar i mjølka doblar seg kvart 20. minutt når temperaturen er over åtte grader.
  6. Temperaturen ved bakteriologisk syrning av mjølk bør vere mellom 15 og 25 grader. Sur mjølk bør ha ein pH mellom 4,4 og 4,6. Høgare pH reduserer haldbarheita. Synker pH ned mot 4,0 vil somme kalvar vegre seg for å drikke.
  7. Dagleg reingjering av bøtter og skåler som vert nytta til mjølkefôring og oppbevaring av mjølk er viktig i sommarvarmen. Ver nøye med reinhald av smokkar og sonde. Bruk såpe og gjerne desinfeksjonsmiddel.
  8. Parasittar og bakteriar trivst godt i varme og fuktige område. Godt reinhald i hytter og bingar der kalvane er oppstalla reduserer smittepresset. Måk ofte og grundig og strø godt.
  9. Vask hytter og fellesboksar grundig med såpe og desinfeksjonsmiddel mellom kvar kalv eller gruppe av kalvar, spesielt etter utbrot av diaré. La det tørke godt før du tek inn ein ny kalv.
  10. Gå til kamp mot fluer og insekt så tidleg som råd, før dei heilt får overtaket. Ha gjerne ein plan for korleis du skal handtere utfordringa. Unngå fôrsøl og hold det reint i området rundt kalvane – det hjelper (litt) mot flogeplager.

Hugs – førebygging er lettare, trivelegare og mindre arbeidskrevjande enn å handtere og behandle sjuke kalvar.

Kjelde: Bovilogisk.dk / Solheim Hansen, H., mfl.: Optimal produksjon av kalv.

Hald orden: Unngå fôrsøl og reingjer drikkekar, bøtter og smokkar dagleg. Fersk mjølk som ikkje vert nytta, må ikkje oppbevarast i romtemperatur, men kjølast ned.

Stikkord denne saka: , ,