• Ei viktig del av aktiviteten i Klepp, Bore og Orre Bondelag, er å halda god kontakt med lokalpolitikarane. Kveldens måltidet var ein ny variant for å få til ein god dialog i kampen om å ta vare på matjorda og landbruket i kommunen. F.v. KokkenPetter Kirkhus, og bøndene Marianne Jåtten, Bengt Stangeland, Arthur Salte, John Erga og Jan-Arild Anda.

 

Matlukta nådde heilt inn i kommunestyresalen, der politikarane diskuterte samanslåing med nabokommunane, Time og Hå.

Liv Kristin Sola

Dei tre Bondelaga i Klepp kommune på Jæren (Klepp, Bore og Orre), inviterte dei folkevalde til bords, til ei smakfull suppe med råvarer frå kommune.

Kva er Klepp utan landbruk?

– Landbruket var før alt anna her i kommunen, og skal overleva alt anna. Me må ta vare på ressursgrunnlaget, den dyrka jorda, var John Tore Refve si klare melding til dei folkevalde.

Bøndene ville løfta fram dei lokale råvarene, og visa kva landbruket betyr for ein kommune som Klepp.

Alt interkommunalt

– Grønsakene har me fått frå produsentar på rundt om i kommunen. Kjøtet, stjerna i suppa, er frå kastratane til Bengt Stangeland. Kastratar som dei siste seks månadane før slakt, berre har hatt beitegras som fôr, sa kokken, Petter.

Av ingrediensane var det berre kvitlauk, salt, pepar, vanilje, sukker, gelatin og sitron, som av naturlege årsakar ikkje var produsert innafor kommunegrensene, kunne kokken opplysa.

Til desserten fekk dei økologisk mjølk frå jerseykyrne til Lars Kristian og Åslaug Aasland Grude, og aronia frå Sven Dysjaland.

– Me er glad med nytta kokk til å planlegga og gjennomføra kokinga, kommenterte Marianne Jåtten, som var ein av dei som brukte heile dagen over skjerefjøla og grytene.

Frå ampert til smidig?

Ordførar Ane Mari Braut Nese la ikkje skjul på stemninga blant dei folkevalde var noko amper under ordskifte. Fakta og kjensler, identitet og framtid var ingrediensane, då ein komande storkommune på Jæren stod på dagsorden.

Politikarane gjekk mette og smilande attende til plassane sine. Om kleppråvarer sett i system, vippa saka den eine eller andre vegen, er uvisst.

– Me eig ikkje jorda, men forvaltar den for neste generasjon, sa John Tore Refve, leiar av Bore Bondelag.

Bondelaga fridde til politikarane, og lova eit varmt måltid for kvart dekar dei tok ut av reguleringsplanane. Det står att å sjå kor travelt bøndene vil få det med å passa grytene framover.

 

Petters Pannacotta med aroniasaus

Til 6 personer

3 dl mjølk

3 dl fløyte

4,5 dl yoghurt

1 vaniljestang

150 gr sukker

4 pl. gelatin

Kok opp mjølk, sukker og vanilje. Blaut opp gelatinplatene, og sett dei til mjølka når ho er kokt opp. Sil mjølka og bland i yoghurt og fløyte. Hell i porsjonsskåler og sett til kjøling i 4 timar.

Aroniasaus:

500 gr. aroniabær, 50 gr. sukker og saft frå ½ sitron blandes og varmes opp. Sil sausen før den helles (avkjølt) over pannacottaen.

 

 

Stikkord denne saka: , ,