BN+

Sikre verdiane: Med betre agronomi kan du auke innteninga på bruket med fleire hundre tusen kroner. Ikkje la profitten blåse vekk med vinden. Foto: Istock.


Grovfôr 2020 dokumenterer at heimeavla grovfôr er rimelegare enn kraftfôr. Prosjektet viser også at det er store variasjonar i grovfôrdyrkinga. – Mange er dyktige agronomar, men resultata viser at alle kan bli betre, seier Petter Klette i Tine.


Liv Kristin Sola


Prosjektet Grovfôr 2020 vart lansert i 2016. Målet var god agronomi og betre økonomi for bonden – meir og billigare grovfôr. Men verda er i endring. I løpet av prosjektperioden har mjølkebonden hamna midt i sentrum for diskusjonar som går langt utanfor teiggrensene på garden. Onsdag i førre veke var samarbeidspartane samla på Ås for avsluttande konferanse.

Manglar ikkje kunnskap

Mange bønder er svært opptekne av korleis vi fôrar mjølkekua, kviga, kalven og sinkua. Fôrrasjonar vert sett opp med millimeterpresisjon. Kvifor strevar vi ikkje etter det same presisjonsnivået og engasjementet for grasdyrkinga? For det står ikkje på kunnskapen, skal vi tru initiativtakarane til prosjektet Grovfôr 2020, Torger Gjefsen og Harald Volden. Det er brukt millionar av kroner på forsking, kilometervis med spalteplass og dagar og månadar med konferansar og seminar for å snakke om meir og betre grovfôr.

Meir mjølk på meir kraftfôr

Volden, som i dag leiar innovasjon og fagutvikling i teknologiselskapet Mimiro, har jobba både med forsking gjennom NMBU og i tett kontakt med aktive bønder og rådgivarar i Tine rådgiving og medlem.


– Så lenge eg har vore i denne bransjen har vi tyta øyrene fulle om betydinga av grovfôrkvalitet, men vi har knapt nok flytta oss ein millimeter, seier Volden.


Han viser til strukturutviklinga i mjølkeproduksjonen som har bidrege til ei formidabel avdråttsauke på kort tid. I løpet av ein tiårsperiode, der mjølkevolumet har vore konstant, er tal på mjølkekyr redusert frå 240.000 til 215.000. I same periode har avdråtten auka frå 7200 til 8400 kg EKM per årsku.


– Auken har kome som ein konsekvens av meir kraftfôr, medan grovfôropptaket har vore rimeleg konstant. Vi bruker med andre ord mindre grovfôr per kilo EKM i dag enn vi gjorde for ti år sidan, og effektivitetsauken er fagleg sett bra, seier Volden.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,