Moderne anlegg: Meieriet i Byrkjelo produserer seksti prosent av brunosten til Tine og femti prosent av all Norvegia. Som einaste volumysteri har dei pakkelinje for halv og heilkilos forbrukarpakningar og kan levere rett til marknaden.
Tine er ikkje lenger ei rekke enkeltståande meieri. Tine er eit konsern, og når eit stort konsern vert pressa, kan det gå ut over konkurransekrafta – og mjølkeprisen til eigarane.

Liv Kristin Sola

Det er mykje snakk om nedgang i mjølkeproduksjonen og kor hardt – og urettvist, det vil råke mjølkeprodusentar over heile landet. For nedskaleringa vil først og fremst råke bøndene. Og det vil råke ulikt. Men nedskaleringa blir ei stor utfordring også for Tine som industri.

Sist i køen

For meierisamvirket er det ei ekstra belastning at mjølkeleveransen er prega av store sesongvariasjonar. Mjølkebøndene leverer mindre mjølk om sommaren, medan produksjonen tek seg opp om hausten og når ein topp rett over jul. Slik er det over heile landet, men det er verst i vest. Skeiv mjølkeinngang påfører Tine store ekstrakostnadar i form av meir transport og dårleg kapasitetsutnytting på ysteria.
For det er ei knallhard prioritering. I periodar med lite mjølk er det konsumanlegga, inkludert Q-meieriene, som står først på forsyningslista. Deretter skal Synnøve Finden ha sitt.

– Som marknadsregulator har Tine teke på seg ansvaret for å forsyne konkurrentane med mjølk. Det er vår plikt, seier Thorkild Heieren, meierisjef ved Tine Byrkjelo og Tine Voss.

Thorkild Heieren

Dei skvettane som er til overs når konsumanlegga og konkurrentane har fått sitt, vert levert til næraste ysteri.

– Når det er lite mjølk, slåss vi om kvar dråpe, sukkar Heieren, vel vitande om at det er han som tapar – kvar gong.

Skeive dråpar

Meierisjefen i Byrkjelo må ta til takke med det han får frå bønder i vest – og det er lite å skryte av, sommartid. Medan mjølkeinngangen på landet er 22,3 prosent i tredje kvartal, er tilsvarande tal 15,5 prosent for Sogn og Fjordane, viser tal frå Tine.

Medan andre ysteri må gire ned til 70-80 prosent av kapasiteten, klarer Heieren knapt å gå for halv maskin. Når vinteren kjem må Heieren produsere med tre skift, sju dagar i veka for å ta unna all mjølka. Då er det ingen andre Tineanlegg som har bruk for mjølk.

– Ujamn mjølkekurve betyr meir transport og ujamn produksjon på ysteria. Vi klarer ikkje drive rasjonelt nok og tapar pengar kvar dag, konstaterer Heieren.

For Byrkjelo åleine har dei store sesongvariasjonane ein kostnad på 15 millionar kroner.

– Ein stor kostnad for oss, men belastninga vert til sjuande og sist på Tine, seier Heieren.

– Kva om Tine la ned meieriet i Byrkjelo?

– Utfordringa med sommarmjølk i Sogn og Fjordane er ikkje fiksa ved å legge ned meieriet på Byrkjelo, tvert om. Ei nedlegging ville gjort utfordringane endå større, slik som meieristrukturen er i dag, understrekar Heieren.

Han viser til at Byrkjelo tek imot 130 millionar liter mjølk i året og er Norges nest største anlegg. Meierisjefen kan røpe at i strukturdiskusjonen Tine no har på bordet, er dei tre store ysterianlegga, Jæren, Byrkjelo og Verdal, inkludert i alle utkast.

Tine heng i hop

Eit røft overslag tyder på at Tine ville spart 100 millionar kroner med ei flat mjølkekurve. Mykje pengar for ei bedrift som snur alle steinar for å spare. No ropar Tine varsko – og aller høgast roper dei i vest: «Thorkild treng meir mjølk», vert det sagt i ulike samanhengar på Vestlandet. Ja, Thorkild treng meir mjølk, men dette handlar ikkje om meierisjef Thorkild Heieren. Det handlar heller ikkje om arbeidsplassar eller kampen for eit lokalt meieri. Det handlar om å få til ei effektiv og rasjonell drift i Tine.

– Som meierisjef er det mi plikt å jobbe for eit betre resultat for Tine og ein høgast mogleg mjølkepris til eigarane, seier Heieren.

Eit meieri er ikkje lenger ei enkeltståande bedrift. Tine har tilpassa meieristrukturen etter eit nøye vurdert kostnadsbilete, med mål om høgast mogleg mjølkepris.

I skytteltrafikk: Kvar vinter toppar produksjonen seg på ysteriet i Byrkjelo. På det meste handterer dei 500.000 liter per dag på tre skift.

For lite fløte?

Ei skeiv mjølkekurve kan på sikt svekke Tine si evne til å gjennomføre oppgåva som marknadsregulator, meiner Heieren, og det kan bli ei utfordring å klare å forsyne marknaden med nok varer.

– Klarer vi ikkje å jamne ut den skeive mjølkekurva, kan vi risikere at Tine ikkje er leveringsdyktig på enkelte søte produkt, som fløyte, åtvarar Heieren.

Han meiner næringa må vere marknadsorientert og sikre produkt av beste kvalitet gjennom heile året.

– Vi står i bresjen for eit selskap som skal overleve på kvalitet. Då må både tilsette og eigarar forstå at vi ikkje kan risikere å kome i ein situasjon kor vi i periodar ikkje kan levere det kunden etterspør – og i verste fall gå på akkord med kvalitet, seier Heieren.

Samvirke på grasrota

Meierisjefen er avhengig av leverandørane sine for å lukkast. Og dei har vist at dei har det i seg, bøndene i vest. Optimismen er til stades, skal vi tru Heieren, og bøndene i Sogn og Fjordane vert heia fram av Fylkesmannen, Storfeprosjektet, Bondelaget. I tillegg er Innovasjon Norge og Sparebanken viktige støttespelarar.

– At eigarane lukkast er alfa og omega for satsinga på meieriet i Byrkjelo, seier meierisjefen.

Heieren vil ikkje meine noko om korleis bøndene skal tilpasse seg, men oppmodar dei til å samlast for å diskutere korleis dei innanfor kvar bygd, kommune og produsentlag, kan bidra til at mjølkeleveransane i sum vert mest mogleg jamn gjennom året. Han har tru på å endre ting i lag. Det betyr ikkje at alle skal legge om og at alle skal gjere likt.

– At enkelte er i ein situasjon kor dei ikkje kan levere sommarmjølk er ein heilt ærleg sak. Men i sum må eigarane sikre at Tine til ei kvar tid har nok råstoff, seier Heieren.

Størst på ost

Nest størst i Tine: Frå neste år skal anlegget i Byrkjelo produsere totalt 17000 tonn ost frå eit volum på 150 millionar liter mjølk.

Mjølk er ei viktig næring i Sogn og Fjordane. Fylket har to prosent av befolkninga og leverer sju prosent av mjølkevolumet i landet, i overkant av hundre millionar liter. Det plasserer fylket på topp i mjølkeproduksjon, målt per innbyggjar. Rundt 90 prosent av mjølka vert produsert i ein omkrins på to timar frå meieriet i Byrkjelo.

Moderne og rasjonelt meieri

I 1996 vedtok Tine (den gong Tine Norske Meierier) å samle produksjonen av konsummjølk i Sogn og Fjordane og bygge nytt meieri i Byrkjelo. Ei vurdering av ysteristrukturen i 2000 enda i eit vedtak om å utvide anlegget i Byrkjelo med eit nytt ysteri. I 2003 vart volumproduksjonen av ost på Vestlandet samla på Byrkjelo. Anlegget var bygd for tolv millionar liter drikkemjølk fordelt på 8000 tonn Norvegia og 3000 tonn brunost. I 2016 blei konsummjølka flytta frå Byrkjelo til Bergen og Ålesund. Samstundes vurderte Tine ysteristrukturen og vedtok å ei vidare satsing på ysteria i Byrkjelo, Verdal og Jæren. Femti prosent av all Norvegia og seksti prosent av all brunosten her til lands blir produsert i Byrkjelo. Lenge var anlegget landets største i volum. No er dei slått av Jæren, men kan likevel skryte av å være like kostnadseffektive som stormeieriet lengre sør.

Eige pakkeri

I 2018 handterte ysteriet 130 millionar liter mjølk og produserte 12000 tonn kvitost (Norvegia) og 3000 tonn brunost. I 2020 skal brunostproduksjonen aukast til 5000 tonn.
Byrkjelo er det einaste Tine-ysteriet med eiga pakkelinje. Det meste av kvitosten vert pakka i kilos og halvkilos forbrukarpakningar som kan sendast direkte til marknaden på Austlandet. Anlegget i Byrkjelo har hundre tilsette knytt til produksjonen og 160 totalt. Omsetningsverdien for Tine gjennom anlegget i Byrkjelo, er på 1,4 milliardar kroner.

Stikkord denne saka: , ,