Høgt gjødseltrykk: Rogalandsbøndene har over 20 prosent av husdyrgjødsla i Noreg, men kjøper likevel inn ca. ti prosent av mineralgjødsla. Statsforvaltaren oppmodar til å følgja gjødselplanen nøye, mellom anna for å hindra fosforavrenning. Foto: Thea Hjertuslot

Nå er ikkje våronna så langt unna, og vi nyttar høvet til å minne om årleg gjødslingsplan.

Geir Skadberg, landbruksdirektør
Monica Dahlmo, seniorrådgivar,
Statsforvaltaren i Rogaland

Optimal gjødsling må til for å få høge avlingar av god kvalitet. Vi trur det er pengar å hente på effektiv og god utnytting av husdyrgjødsla, og på å vere god til å registrere kva som blir gjort i grovfôrdyrkinga.
Fleire har kanskje allereie fått med seg at både Statsforvaltaren og fleire kommunar signaliserer auka fokus på spreieareal og gjødslingsplanar i 2021. Årsaka er høgt “gjødseltrykk” i Rogaland. Vi kjøper inn om lag ti prosent av mineralgjødsla i Noreg, samstundes som vi har over 20 prosent av husdyrgjødsla. Leige av spreieareal og leveransar/ mottak av husdyrgjødsel er vanleg og er viktig for å sikre god fordeling mellom gardsbruka. Vi hjå Statsforvaltaren opplever klare forventingar til at Rogaland har orden i sysakene når det gjeld handtering av husdyrgjødsel.

Les også: Bønder med høge fosfortal fryktar husdyrgjødselnekt og tilskotstrekk

 All gjødsel med i gjødslingsplanen

Gjødslingsplanen – skrivebordsplan eller eit verktøy til betre drift? Svaret er enkelt; planen skal vise ønska praksis og med det vere eit viktig hjelpemiddel til god drift. Også regelverket er klart; Både når det gjeld kva som skal vere med i ein gjødslingsplan, og korleis feil og manglar skal følgjast opp i produksjonstilskot og regionalt miljøtilskot. Det er viktig for oss å seie at kommunane ikkje er “vanskelege” når dei gjer jobben med å følgje opp regelverket. Det er avgjerande for vår legitimitet.
Vi trur det er overkommeleg for dei fleste at planen er årleg, viser planlagd bruk av mineralgjødsel og ikkje minst viser korleis eigen og mottatt husdyrgjødsel skal fordelast på dei ulike skifta. Her er det viktig at dei reelle mengdene med husdyrgjødsel kjem fram av planen. Når planen heilt tydeleg er ny for 2021, slepp forvaltninga vanskelege vurderingar som ofte leiar til konklusjonen “mangelfull” eller “manglande” plan – noko som gir trekk i tilskot. Vi er også opptatt av ryddige forhold når det gjeld spreieavtalar og kvitteringar på levert og mottatt husdyrgjødsel.

Ikkje kjøp inn unødvendig fosfor

Vårt hjartesukk: Statistikken for 2018/2019 viser at det er kjøpt inn 394 tonn fosfor til Rogaland, samstundes som vi har så store eigne fosforreservar frå husdyrgjødsel. Fosfor på avvege er ei utfordring for mange vassdrag, og særleg i områda med vassdragsutfordringar ber vi bøndene om å vere medvetne på kva gjødselslag dei kjøper inn. Jord med P-Al verdiar over 15 har svært god evne til å forsyne plantane med den fosforen dei treng. På areal med høge fosforverdiar er det ekstra viktig å ikkje bruke innkjøpt fosfor frå mineralgjødsel i tillegg til eigen husdyrgjødsel. Det ligg store verdiar lagra rundt i gjødselkjellarane, og vi oppmodar alle til å nøye vurdere effekten av eiga husdyrgjødsel før innkjøp av mineralgjødsel.

Ønskjer fleire gjødsellager

Det er framleis mogleg å søkje Innovasjon Norge om midlar til bygging av nye gjødsellager. Det er også mogleg å søkje kommunane om SMILmidlar til å bygge tak over eksisterande lager. God lagerkapasitet er nøkkelen til spreiing på rett tidspunkt. Målet er at alle spreier husdyrgjødsla tidleg i sesongen slik at dei slepp å “rydde” i eigen gjødselkjellar rett før spreiefristen 1. september. Dessverre ser vi mellom anna i vassdragsmålingane til Håelva ein topp i fosforkonsentrasjon i slutten av august . Det er verdt å merke seg at vi ikkje ser den same toppen i fosforkonsentrasjon på våren – når forhåpentlegvis den største tonnasjen med husdyrgjødsel blir køyrt ut. Det er ingen grunn til å tru samanhengen berre gjeld Håelva. Resultata underbygger det vi allereie veit: Det er best både for agronomien og miljøet at husdyrgjødsla blir brukt tidleg i sesongen. Vi ønskjer alle ein god sesong.

Stikkord denne saka: ,