• Lansbyen Madseit, i Tux i Tyrol i Austerrike.

 

Lyden kan høyrast lenge før me får auge på dei. Kyr pynta med blomar, fargar og dei største kubjøllene ein kan tenka seg.

Liv Kristin Sola

Tradisjonen har røter over 100 år attende i tid. Ein takk til høgare makter som passar på folk og fe gjennom ein sommar i fjellet. Ein folkefest for lokalbefolkninga, for austerrikske bønder, og for imponerte turistar, blant anna frå Norge.

Om lag 78 % av befolkninga i Austerrike er medlemmar av den katolske kyrkja. Religionen står sterkt i tyrolregionen, noko som er synleg i kors og religiøse symbol, både på bygningar, i naturen og elles blant folk.

Buføring frå fjellbeite

Medan turistane kosar seg i solsteiken, jobbar bøndene på spreng med siste finpussen på dyra.

– Me pyntar dyra med bilete av heilage personar, og takkar for ein god sommar med gode beite, og for at dei heilage har teke vare på oss gjennom sommaren, seier bonde, Florian Mader.

Etter ein god beitesesong, var tradisjonen at bøndene inviterte til fest, og pynta både seg sjølve og dyra sine. Etter dødsfall i familien i løpet av sommaren, eller tap av dyr på beite, vart ikkje dyra pynta til fest det året.

– Det er viktig for oss å halde tradisjonen levande. Framleis er det slik at dersom nokon mister eit familiemedlem i løpet av sommaren, vert ikkje kyrne frå denne buskapen pynta til fest, forklarer Florian.

Folkefest

Følget av kyr og bønder er ferdig pynta. Ei etter ei slepp kyr og kviger ut frå dei tre fjøsa. Bøndene går midt i flokken, gjennom skogen, på gardsvegane gjennom det grøne landskapet og gjennom gatene, forbi dei mange turisthotella og tradisjonelle bygningane i landbyen Hintertux.

Gruppa av nordmenn følgjer med resten av turistflokken, ein snarvegen ned til slettene nede i dalen. Hundrevis av turistar og lokale skodelystne har møtt fram for å ta imot kyrne når dei kjem heim frå ein sommar i fjellet.

Etter ein matpause både for folk og fe, tek bøndene flokken med seg vidare nedover dalen, og heim til garden og fjøset. Det minkar på kyr i flokken etterkvart som bøndene skil ut sine dyr når dei passerer dei respektive gardane. Når følget kjem til landbyen Madseit, tre kilometer ned i dalen frå Hintertux, er det berre flokken til familien Mader att.

Mjølkeproduksjon

Familien Mader har 18 kyr og 15 kviger heime på garden vinterstid. Om sommaren mjølker dei 28 kyr og har 20 kviger på fjellbeite. Kyrne er av rasen Brown Swiss (Braunvieh) og Simmental (Fleckvieh).

Gjennomsnittleg  mjølkeavdrått i besetninga i 2015, var 8.900 liter mjølk, med 4,15 % fett og 3,7 % protein. Fôrrasjonen består av 15 kg høy og 6-7 kg kraftfôr per dag. Prisen på kraftfôr varierer mellom 0,25 og 0,32 euro (om lag 2,25 og 2,88 kroner).

– I 2015 vart det slutt på mjølkekvotar. No kan me produsera så mykje mjølk me vil, men dersom me har meir enn 1,5 kyr per hektar (10 dekar), får me ikkje subsidiar, forklarer Florian Mader.

For bratt for maskinar

Familien driv 120 dekar med slåttemark. Graset vert hausta tre gonger, og tørka til høy. I dei bratte bakkane vert det meste av graset slått for hand. Dei kan nytta ein slåmaskin med stålhjul og piggar, som ikkje sklir i dei bratte bakkane. Frå 2004 til 2015 dreiv familien Mader økologisk.

– Prisen på økologisk kraftfôr vart etterkvart for høg samanlikna med utbetalinga me fekk for den økologiske mjølka. Det var for dårleg lønsemd, seier bonden.

Mjølkeprisen for økologisk mjølk er rundt 0,47 euro per liter (om lag 4,23 kr). For konvensjonell mjølk får bøndene utbetalt 0,41 euro (om lag 3,69 kr)

Berre høy og kraftfôr

Mjølka blir levert til det lokale meieriet Zillertal Sennerei. Mjølka blir henta dagleg, både sommar og vinter. Meieriet tek imot 18 mill. liter kumjølk og 2 mill. liter geitemjølk, og produserer 6 ulike ostevariantar, yoghurt, konsummjølk og smør. 5 % av produkta er økologiske. Det meste vert seld i Austerrike. Noko vert eksportert til Tyskland og Italia, i følgje Florian.

Leverandørane til meieriet er fjellbønder frå Zillertal-regionen. Graset som veks i dei bratte bakkane, er rikt på urter og ulike grasartar, noko som set sitt preg på mjølka og det ferdige produktet. Produsentane som leverer mjølk til Zillertal Sennerei, får ikkje nytta surfôr til dyra, berre reint høy. I tillegg skal fôrrasjonen vera garantert GMO-fri. Meieriet nyttar dette i si marknadsføring.

Turistindustrien

I Austerrike er deltidsjordbruk svært vanleg, og gode rammevilkår for deltidsbonden er avgjerande for at landet skal nå sine mål om å oppretthalda jordbruksdrift over heile landet. Tyrol er eit av dei største turistområda i verda, og populært både sommar og vinter. For bøndene i regionen er inntekt frå turistane heilt nødvendig for at dei kan driva tradisjonelt jordbruk.

– Turistindustrien treng bøndene og bøndene treng turistindustrien, understrekar Florian.

(Teksten er eit utdrag frå Bondevennen nr 41-2016)

Stikkord denne saka: , ,