Liten og hardfør – og tilpassa ein heilt spesiell diett. Foto: Orkney.com/Colin Keldie.
Frå å vere utryddingstrua mange stader, er etterspørselen etter kjøt og ull frå dei opprinnelege sauerasane langt på veg blitt trendy.

Liv Kristin Sola 

Sauen var eit viktig husdyr for vikingane. Dei ga kjøt til kosten og ull til klede og segl. Sauen var i tillegg viktig som handelsvare, og var med i båtane då vikingane fór på tokt. På denne måten vart norske sauegenar frå den gamalnorske sauen spreidd over heile Nord-Atlanteren. Dei gamle korthala sauerasane vart etter kvart erstatta med større sauer og moderne sauehald. Mot slutten av førre århundre var fleire av dei gamle rasane i ferd med å bli utrydda.

Prosjektet North Atlantic Native Sheep and Wool, med initiativtakar Karin Flatøy Svarstad, i spissen, har som mål å løfte fram eigenskapane til dei gamle sauerasane for å ta vare på historia og dei verdiane som desse rasane representerer, både i form at kjøtkvalitet og den spesielle ulla, med dekkull og underull.

Norge, Shetland, Orknøyene, Færøyene, Island, Grønland, Ytre Hebridene og Isle of Man er alle med i nettverket.

Nordatlanteren: På kartet er merka av dei tre stadane som er omfatta i tre reportasjar i Bondevennen nr 33 – 1. november. Kart Istock.
Prosjektet arrangerer kvart år ein konferanse rundt om i regionane. Denne gongen var konferansen lagt til Revsnes Hotell i Byglandsfjord i Setesdal. Sinclair Scott frå North Ronaldsay, Ronnie Eunson frå Shetland og Daniel Hanson frå Island, var tre av dei mange innleiarane på årets konferanse. Dei fortel om auka interesse og etterspurnad etter kjøt og ull frå dei gamle rasane. Folk vil ha det lokale, det opprinnelege, det som har ei historie. Og bøndene har merka seg at her er det betalingsvilje. Kan hende ein idé også for norske sauebønder?
Sau frå Uradale farm, Shetland. Foto: Richard Briggs.

Les om Uradale Farm 

Sau frå North Ronaldsay, heilt nord på Orknøyane. Foto: Orkney.com/Colin Keldie.

Les om Sinclair Scott og tang-etanden sau

Måleri av den svært spesielle islandske leiarsauen.

Les om den islandske leiarsauen.

Finn inspirasjon hjå kvarandre: Frå venstre, Dorthea Joensen, landbruksdep. på Færøyane, Ronnie Eunson, bonde på Shetland, Daniel Hansen, leiar av det islanske leiarsau-senteret og Sinclair Scott, sauebonde frå North Ronaldsay.
Stikkord denne saka: , ,