Gull verdt: Torunn Aanesland Strømme og Øystein Strømme innrømmer gjerne at dei har mykje å lære og kvir seg ikkje for å ringe mentoren sin, Kristin Skranefjell Eikeland. – Kristin er gull verdt for oss, seier Torunn.

Som nyetablerte bønder søker Torunn Aanesland Strømme og Øystein Strømme kunnskap overalt; hjå andre bønder, på internett – og hjå sin eigen mentor Kristin Skranefjell Eikeland.

Liv Kristin Sola

Når du går inn i nytt landskap er det ikkje alltid like lett å forstå kva ein skal bli klok på. Slik kjennest det somme tider for Torunn og Øystein. 

Etter tjue år i hovudstaden flytta familien på fem til Ånesland i Birkenes kommune i Agder for å overta Torunn sin slektsgard. 

– For oss har mentorordninga definitiv vore verdifull. Det er flott å ha ein person med erfaring som prioriterer tid til å svare på alt det me kan finne på å lure på. For læringskurva har vore bratt, seier Torunn. 

Kristin Skranefjell Eikeland har vore mentor for Torunn og Øystein sidan nyttår.

Nye bønder

Torunn Aanesland Strømme og Øystein Strømme og sønene Elias (12), Isack (10) og Aaron (4,5) flytta frå Oslo til garden Ånesland i Birkenes kommune i Agder i fjor sommar.

Dei har ammekyr, boergeiter og nokre høner i tunet. Begge har full jobb i tillegg til småbruket. Torunn er tilsett som førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Øystein, som er frå Jondal i Hardanger, er sosionom og
jobbar med psykisk helsevern i Birkenes kommune. 

Mentor

Kristin Skranefjell Eikeland driv gard i lag med mannen Ivar Eikeland, på Bjelland i Marnardal i Agder. Dei har barna Isak, Julie og Kristian.

Gardsdrifta består av mjølkekyr, ammekyr, okseoppdrett og nokre sauer. Begge er heiltidsbønder, men Kristin har tidlegare vore rådgivar hjå Nortura.

Velfødde dyr: Kvigene beitar i lag med boergeitene. Boergeitene skal først og fremst pusse beitene. Samstundes er dei ettertrakta som livdyr.

Plutseleg bønder

Me sit rundt det romslege kjøkenbordet heime hjå Torunn og Øystein, og gutane Elias, Isack og Aaron. Familien på fem var godt etablert i Oslo då dei fekk tilbod om å overta småbruket. Sjølv vaks Torunn opp på Birkeland. Ånesland var ferieplassen, sommar som vinter.

– Foreldra mine valde å ikkje bu her, på grunn av avstanden. I staden tok far turen hit kvar einaste dag for å sjå til dyra, seier Torunn.

I oppveksten var det derfor ikkje realistisk å tenke at ho nokon gong skulle bu og drive dette vidare.

– Det handlar om utdanning, interesse, kven ein skal dele livet med, seier Torunn.

– Ho var altså heldig med val av mann, kommenterer Øystein.

For han vekker gardsdrifta ei interesse han ikkje visste han hadde.

– Eg har alltid likt å lære nye ting, og her får eg verkeleg bryne meg. Eg har fått ein heilt enorm respekt og ærbødigheit for bøndene, seier han.

Førstehjelp for nye bønder

Då flyttelasset var på plass og familien vel installert, seig kvardagen innover dei. Dei var blitt bønder, men kva innebar det eigentleg? Det vart timar framfor pc-skjermen. Telefonar fram og tilbake for å få tak i dei rette folka og dei rette instansane.

– Alt var jo nytt. Me leita etter svar på spørsmål me ikkje visste me skulle stille. Me veit ikkje kva me ikkje veit, seier den ferske bonden.

Ho undrast om ikkje dette kunne vore enklare. All informasjon samla i ein manual eller ein nettportal for nye bønder. Alle register, alle datoar og tidsfristar som skal overhaldast, spesielle ordningar og midlar som finst, kven som veit kva og viktige telefonnummer.

– Ein slags digital førstehjelp til nye bønder, seier Torunn.

Fin velkomst

I all forvirringa kjende dei seg likevel velkomne. Ganske tidleg stod leiaren i det lokale bondelaget på døra.

– Med ein slik velkomst vart me kjapt medlemmar, seier Øystein.

Dei skryt også av landbrukssjefen, av veterinæren og av Felleskjøpet og Jens Eide, slakteriet på Sørlandet.

– Eg opplever at alle vil oss godt, seier Torunn.

Litt tilfeldig, kom ho over informasjon om NLR si mentorordning, og søkte same dagen.

– Det var akkurat dette me trengde, seier bonden.

Det har ikkje mangla på råd og god hjelp verken frå far til Torunn eller frå andre bønder for den del. Likevel kjennest det annleis med ein utanforståande mentor. Det gir nye impulsar.

– Eg hugsar Kristin sa ho var stolt bonde. At ho var så begeistra for yrket sitt, det smitta over på oss, seier Torunn.

Eg hugsar Kristin sa ho var stolt bonde. At ho var så begeistra for yrket sitt, det smitta over på oss.

Torunn Aanesland Strømme

Låg terskel

Kristin har lang erfaring, både som bonde med ammeku og mjølk, og som rådgivar for Nortura. Ho deler gjerne kunnskapen sin med andre, og første året som mentor har vore ei fin erfaring.

Dei har snakka mykje om praktiske utfordringar rundt kalving, drektigheit, om fôring og hald, ting som handlar om god dyrevelferd og økonomi.

– Terskelen for å ringe Kristin er spesielt låg når det handlar om dyra. Det kan vere berre småting, og somme gonger er det mest berre for å få stadfesta at me har «tenkt rett», seier Torunn.

Det vanskelegaste er å stå midt i ei utfordring og ikkje vete kva som er rett eller feil.

– Me må berre bestemme oss for kva me skal gjere og så gå for det, sjølv om me ikkje er sikre på at det er rett. Gjer me ingenting går det iallfall gale, seier bonden.

Kristin kjenner seg att. Sjølv med mange års erfaring opplever ho det same. Det kan gå galt og dei mister dyr.

– Det er framleis vondt og eg bruker alltid litt tid på å førdøye det, seier Kristin.

Eige eller leige?

Dei overtok ein traktor, ein tilhengar og ein romsleg dyrehengar. No treng dei ei gjødselvogn, og rådfører seg med Kristin. Skal dei eige eller leige? Korleis plar andre å ordne seg?

Lista av oppgåver er lang og prioriteringane harde. Tak og vindauge er skifta på huset og det har fått ny maling. Øystein har snekra nye liggebåsar og gjort logistikken enklare i fjøset.

– Det er små milepælar for oss i kvardagen, seier Torunn.

Neste prosjekt er å grøfte beitene. NLR-rådgivaren laga grøfteplan og i takt med planlegginga rykka behovet for ein gravemaskin og ein sekshjuling stadig høgare opp på prioriteringslista. Med Øystein i gravemaskinen seine kveldar, håper dei å spare inn investeringa – og samstundes dekke bonden sin trong til å gjere ting han ikkje kan.

– Det gir eit utruleg adrenalinkick og kjensle av meistring, seier Øystein.

Kristin smiler og nikkar.

– Det kallar eg ei kjensle av lykke, seier ho.

Familieprosjekt: Mykje kunne vore annleis i livet, men no er dei akkurat her på Ånesland – og blir heia fram av mentor Kristin (t.v.). Isack og Aaron, med Øystein og Elias bak, og Torunn. 

Vegen vidare

Torunn og Øystein føyer seg inn i rekka av deltidsbønder i Agder. Likevel har Kristin tru på ei framtid på det vesle bruket. Ho har stor respekt for det dei har gjort.

– Om dei ikkje kan leve av det, så kan dei i alle fall leve godt med det, seier ho.

Å utfordre seg sjølv og kjenne at dei meistrar oppgåvene, det har blitt ei drivkraft for dei begge.

– Og ein smule galskap, seier Øystein.

– Den største utfordringa har vore å skjære gjennom og ta ei avgjersle. Når skal me ringe dyrlegen? Når treng dyra hjelp? Slike ting, og om me gjer ting rett eller galt, seier Torunn.

Det finst som regel ingen fasit. Då er det godt å ha ein mentor som verkeleg er interessert i at dei lukkast.

I kveld skal dei diskutere kva for driftsopplegg som løner seg med det utgangspunktet dei har i dag. Skal dei fôre fram oksane eller selje dei til liv og heller ha fleire kyr?

– Kva råd har de til andre i ein liknande situasjon?

– Hopp, før du tør, seier Torunn.

Sjølvsnekra: Overgangen var stor, men no trivst familien med høner, geiter, sekshjuling og snekring. Siste prosjekt er sjølvsnekra liggebåsar til kyrne, noko som også hønene veit å verdsette.

Harde prioriteringar: Her skal dei bu og trivast, og her skal dei drive gard. Her skal dei grøfte og her skal dei rydde beiter. Eit steg om gongen.

Stikkord denne saka: , ,